Om Bokn legekontor

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 11.03.2015

Bokn legekontor opna i februar 2008 etter å ha vært stengt nokre år. Kommunen har investert i ein god del nytt utstyr, og i 2010 har me tatt i bruk nytt og betre pasientjournalsystem. Me er tilknytta Norsk Helsenett og kommuniserer elektronisk med sjukehus, legevakt m.fl. Legekontoret er kommunalt med kommunalt tilsett lege og sjukepleiar. Det er sett eit listetak på 600 pasientar og me tar imot pasientar 2,5 dager i veka.  

SMS-teneste

Me ønsker primært frå første stund å vera lett tilgjengeleg for deg. Via vår SMS-teneste kan du formidla ønskene dine til oss 24 timar i døgnet kor enn du måtte befinna deg i verda. Målet vårt er å formidla kvalitetsmessige helsetenester og god service til pasientane våre. Om du som pasient skulle registrera nokre område kor me ikkje lukkast ber me deg gi oss informasjon om dette slik at me kan forbetra rutinene våre.

Tilgjengeleg

Det er viktig for oss at pasientane våre føler at dei har eit legekontor som er tilgjengelig for dei. Me understreker at pasientane skal ha tilgang til akutt hjelp 100 % av tida, enten på Bokn legekontor eller hos vikarlege i Aksdal.

Hos oss får du gjort dei same undersøkingane som på andre legekontor. Me har stort sett det same utstyret som du finn på andre legekontor. Kommunen har investert i nye moderne apparat og me følger standard frå NOKLUS som sikrar kvaliteten på det me gjer.

Taushetsplikt

Me ønsker også at du som pasient skal vera 100% sikker på at me praktiserer taushetsplikta slik helsepersonellova tilseier, og at me har fokus på internkontroll og rutinar som skal sikra rettane dine som pasient.

Login for redigering