Ny legevaktordning frå 1. september

Legevakt_01.09.jpgFrå 1. september 2015 erstattast legevaktsamarbeidet med Sveio og Tysvær med eit nytt samarbeid der også Haugesund og Utsira kommunar deltek

AV JAN SCHILLE

Den nye legevakta vil vere lokalisert i Karmsundgata 59B i Haugesund der Haugesund legevakt er å finne i dag. Bakgrunnen for denne endringa er eit ønske om ein legevakt med høgare bemanning og betre beredskap.

Du som brukar av legevakta vil no møte ein legevakt med kontinuerleg lege- og sjukepleiarbemanning. Du vil møte helsepersonell på legevakta uavhengig av tid på døgnet eller om du har ringt på førehand. På kveld, helg og natt vil to legar vere tilgjengeleg for å sikre rask og god pasientbehandling. Ved å ha to legar på vakt vil ein også i større grad kunne utføre sjukebesøk der dette er formålstenleg.

For deg på Bokn kan du som før ringe telefonnummer for Bokn legevakt 52 74 85 22 eller det nye nasjonalt legevaktnummer 116 117 (aktivt frå 1/9-15). Du kan også møte opp på legevakta i lokala i Haugesund.