Koronaviruset

Klikk for stort bileteNytt coronavirus - fakta, råd og tiltak Foto: CDC, Alissa Eckert Informasjon frå kommuneoverlege Jan Schille.

RÅD pr 18/6-20

Information in English

 

Vi er i gul fase - ein plass mellom nedstenginga av landet i mars og vanlege tilstandar. Det har i den siste tida komme ein del oppmjukningar og tilpassingar, men nokre enkle råd står seg godt og vi ber deg følge dette: 

 

Vask hender ofte

Reiner hender smitter ikkje. Håndvask fjerner smitte frå hender på ein effektiv måte. Håndvask med vatn og såpe i minst 40 sek eller spriting med grundig påføring i minst 20 sekunder.

Hold avstand

Viruset spreier seg lettare dess tettare vi er, og dess lengre vi er tett ilag. Hold avstand på 1m til dei du ikkje bur ilag meg. 

 

Har du symptomer - test deg

Ved luftvegsplager (også uten feber) du ikkje kjenner frå før (som allergiplager) - ta kontakt med kommunen for mogleg testing. Ring legekontoret eller sentralbordet. Følg råda du får ang karantene. Unngå å oppsøke andre sjølv ved milde teikn til sjukdom som snue, hoste eller redusert allmenntilstand. Hold deg heime til du er frisk

Følg offentlege råd

Følg råda som kjem frå det offentlege - desse er lett tilgjenglege på helsenorge.no .

Dersom du må i karantene - det betyr å holde seg i eigen heim og :

  • ikkje gå på jobb eller skule,
  • unngå reiser,
  • ikkje ta offentleg transport, og
  • unngå andre stadar der ein lett kjem nær andre

Dette vil kunne gi grunnlag for sjukemelding, ta kontakt med eigen lege på telefon for vurdering.


Folkehelseinstituttets informasjon om koronaviruset  vert oppdatert fortløpande med fakta og råd til befolkninga og helsepersonell og vi ber alle bruke denne sida for kvalitetssikra informasjon.

Regjeringa har laga ei samleside, der foreldre skal finna kortversjonen av alt dei treng å vita som forelder i samband med koronasituasjonen.

Retningslinjer vedr. Covid-19 ved utleige av kommunale areal pr. september 2020

Bokn kommune har fått eigen korona–telefon med telefonnummer 52 75 25 90. Denne er open kvardagar mellom kl. 09:00 og 15:00.

Innbyggarar i Bokn som har vore på bestemte nattklubbar i Haugesund på bestemte dagar, blir bedne om å testa seg snarast.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er tilbake til tilnærma normal aktivitet i tråd med nasjonale faglege retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta og følger nødvendige smitteverntiltak.