Jordmoravtale

Bokn kommune har inngått avtale om jordmortenester med Karmøy kommune. Tenestene er likeverdige i Karmøy og Bokn.

Boknarar som vil nytta seg av dette tilbodet, kan ta kontakt med Norheim helsestasjon, tlf. 52 81 16 90, eller Kopervik helsestasjon, tlf. 52 85 75 50.

Kva inngår i tenesta?

Jordmødrene i Karmøy kommune tilbyr vanleg svangerskapsoppfølging samt tettare oppfølging for dei gravide som har behov for det. Dei brukar EPDS som eit hjelpemiddel for å kartlegga depresjon i svangerskapet, derfor vil alle gravide fylla ut EPDS-skjema. Jordmødrene fyller ut "Erklæring om farskap" saman med barnefar, og sender dette skjema inn i løpet av svangerskapet ved sambuarskap.

Dei henviser til andre instansar ved behov, og tilrettelegg vidare opplegg blant anna med trekantsamtalar med helsesøster. Jordmødrene tilbyr time ved planlegging av svangerskap, rettleiing ved uønska svangerskap, prevensjonsrettleiing og skriv ut resept på prevensjonsmidlar. Dei har også ettersamtalar/6-vekers kontroll og tidleg heimebesøk 1-4 dagar etter heimreise frå sjukehus.

Meir informasjon om svangerskapskonsultasjon på Karmøy kommune sine nettsider.