dinutvei.no – ein vegvisar ved vald og overgrep

dinutvei-logo.jpg

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. 

dinutvei.no_original_gronnramme_rgb.jpg

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramma menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kor hjelpa finst. Mange ønsker også meir kunnskap om vald og overgrep.

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste, kor du kan stilla spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringens innsats for å forebygga vald i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vald og traumatisk stress og selvmordsførebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet.