Tilbodet er til for alle innbyggjarar i kommunen som ynskjer å endre levevanane sine, men også for dei som treng råd og rettleiing i korleis meistre livet på ein måte som gjer det litt enklare å kjenne meistring, auka livskvalitet og livsglede.
Som innbyggjar kan du anten ta kontakt med frisklivssentralen sjølv eller du kan verta henvist dit av fastlege eller anna sosialfagleg -og/eller helsefaglegpersonell.
Basistilbodet ved frisklivssentralen er i fyrste rekkje
Tilbod om
- frisklivsamtale
Råd og rettleiing innan
- fysisk aktivitet
- ernæring
- psykisk helse
- snus - og røykeslutt
Det vil verta arrangert kurs innaføre kategoriane nemnd ovanfor.
For detaljert informasjon om kursdatoar sjå link: (Link til kurskalender kjem)
I tillegg til konkrete kurs vil den enkelte verta oppfordra til å søkje kunnskap, råd og rettleiing via kvalitetssikra informasjonskalanar på internett.
Frå kommunen si side vil ein særskilt henvise til fylgjande informative kjelder:
www.dine30.no
www.bramat.no
www.ung.no
www.mentalhelse.no
www.slutta.no
For meir informasjon om frisklivssentralen samt booking av frisklivsamtale kontakt oss på telefon
52752500 så hjelper vi deg vidare. Du kan også nå oss via mail på post@bokn.kommune.no. Det er fint om du då legg inn "Att: Frisklivssentralen Bokn" i Emnefeltet.
Nyttige lenker:
Veileder for kommunale frisklivssentraler
https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/veileder-for-kommunale-frisklivssentraler-etablering-og-organisering-