Frisklivstrening

Frisklivstrening er eit gruppebasert tilbod for deg som vil endra aktivitetsvanar. Deltakarane lærer om korleis ein kan bli meir aktiv i kvardagen, og viktigheita av fysisk aktivitet. Helsedirektoratet sine tilrådingar dannar grunnlaget for kurset. Kurset består av både teori og praksis, der fysisk aktivitet blir gjennomført både innandørs og utandørs. 
Kontakt Frisklivssentralen for tilbod.