Folkehelsearbeid, eit arbeid av og for samfunnet
Folkehelsearbeid vert definert som den totale innsatsen i samfunnet for å oppretthalde, betre og fremje helsa til befolkninga gjennom å svekke faktorar som gjev helserisiko samt styrkje faktorar som bidreg til betre helse.
Publisert 07.09.2015 13.31
Helse i alt
Eller sagt på ein annan måte: Vi finn helse i alt; på eit eller anna vis. Ulike faktorar verkar negativt inn på helsetilstanden vår medan andre tvert om bidrar til at både vår subjektive kjensle av helse, men like fullt målbare, objektive forhold, fortel oss at helsa vår er bra eller betre enn tidlegare. Det er difor viktig å ha kjennskap til kva faktorar som fremjer god helse hjå befolkninga slik at ein kan iverksetje tiltak for å gjere desse faktorane enno meir potente, eller meir kraftfulle om ein vil. På denne måten vil helsa jevnt over verta stadig betre; ein arbeider helsefremjande basert på ei oppbyggjande tilnærming til folkehelsearbeidet generelt.
Helse i plan
Den sikraste måten å få fokus på helse i alt er å sikre at planverket tek opp i seg denne måten å tenkje på. Skal ein kome i mål med reelt å tilretteleggje for helse i alt lyt alt planverk vere gjennomsyra av det same. Arealdeler og samfunnsdeler lyt spegle kvarandre; planstrategiar og kommuneplanar likeeins. Det er av avgjerande betydning at vi finn den tydelege raude tråden; tråden som gjev oss kjensla av av ei heilskapleg tilnærming til ei samfunnsutvikling der helsefremjing har hovudfokus.