Valdagen - dato og lokale for røysting.

Klikk for stort bilete

Kommune- og fylkestingsvalet er i år sett til mandag 9. september 2019.

I Bokn kommune er vallokalet ope frå kl. 09.00 - 20.00

For å kunne røyste må du vise fram legitimasjon (bankkort, førerkort, pass eller tilsvarende)

Vallokalet er : Allrommet 2. etg. i Bokn Arena.

I Bokn har vi kun ein valkrins og av den grunn skal alle røyste i same vallokale.

Røysting i vallokale skjer på følgjade måte:

  • Gå direkte til ledig valavlukke
  • Finn den røystesettelen du ønskjer og gjer eventuelle rettingar. Brett den deretter slik at den farga sida kjem ut.
  • Gå til registrering/avkryssing i manntalet - husk legitimasjon.
  • Røystesettelen blir deretter stempla før du legg den i valurnen.
  • Forlat vallokalet.