Legitimasjon og valkort

Klikk for stort bileteLegitimasjon:

Vallova seier at ein veljar som er ukjent for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikke nok å oppgje namn og fødselsdato. Legitimasjon kan for eksempel være pass, førarkort og bankkort med bilde.

Hvis du opphalder deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein ansatt ved institusjonen til å bekrefte din identitet.

Valgkort:

Alle velgjerar får valkort tilsendt i posten. Opplysningane om velgjer blir henta frå manntalet og folkeregistret, opplysningar om opningstid o.l. på valkortet er utarbeida av din kommune. Hvis du ikkje har motteke valkortet, kan det vere fordi det har forsvunnet i posten eller du har flytta og meldt adresseendring til Folkeregisteret etter 30. juni.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å røyste, men det lettar arbeidet for valfunksjonærane dersom du tar det med, og det vil gå raskare for deg å røyste. Har du ikkje motteke valkortet i posten eller har mista det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for å røyste.