Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Tidlegval, førehandsval og valting

Klikk for stort bilete9. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval.  Det er kommunen som har ansvar for å avvikle disse vala. 

Valdagen , Valtinget, er fastsatt til 9. september 2019. 

Førehandstemming:

Førehandsstemminga startar 12. august 2019 og du kan førehandstemme i Servicetorget, Boknatun, i opningstida på kvardagar.  Alle kan førehandsstemme dersom dei ønskjer det, ein treng ikkje å ha ein spesiell grunn for å nytte seg av førehandsstemmeperioda.  Det er sjølvsagt viktig dersom du er bortreist/ute av kommunen på valdagen å få førehandsstemt.

Tidlegstemming:

Tidlegstemme kan ein gjere frå måndag 1. juli 2019.  Dette tilbodet er fyrst og fremst berekna for dei som ikkje har moglegheit til å kunne delta på førehandsstemming eller stemme på valdagen.   Dersom du vel å stemme i tidlegstemmeperioda har du kun moglegheit til å stemme på partier/lister og får ikkje gitt ekstrastemmer til enskilde kandidatar.

Tidlegstemming kan du gjere i Servicetorget, Boknatun.  Opningstid for tidlegstemming er:

måndag - torsdag frå kl. 08.30 til kl. 14.30.

Hugs å ta med legitimasjon når du kjem innom for å stemme.

Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52752500 dersom du lurer på noe når det gjeld val.