Stemmerett:
For å kunne stemme i Bokn kommune ved Kommune- og fylkestingsvalet må du oppfylle følgjande kriterier:
- vere norsk statsborgar
- ha fylt 18 år innan utgangen av 2019
- vere eller ha vært registrert som busett i Norge
I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgerar stemmerett dersom du oppfyller følgjande kriterier:
- utanlandske statsborgere som er registrert busett i Norge dei tre siste årene før valdagen
- nordiske statsborgere som er registrert busett i Norge seinast 30. juni 2019
Jamfør Valglovens §§2-1 og 2-2 om stemmerett.
Manntal:
Alle som skal stemme må vere ført inn i manntalet. Manntalet er oversikta over dei som har stemmerett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30.06.19. Har du flytta, er det fortsatt adressa 30.06.2019 som avgjer i kva kommune du har stemmerett.
Valmanntalet for Bokn kommune ligg ute til offentleg ettersyn i Servicetorget, Boknatun frå 01.07.2019. Ønskjer du å sjekke om du er ført inn i manntalet kan du komme innom for å sjekke dette sjølve, eller du kan ringa oss i Servicetorget på tlf. 52752500. Er du ikkje i manntalet men meiner du skal være innført i Bokn kommune sitt manntal, kan du søkje om å bli ført inn i manntalet. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52752500 eller mobil 98221500 ved spørsmål.