Forehandsrøysting

Klikk for stort bilete

Tidlegrøysting:

Dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære forhandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen kan du tidlegrøyste. Du kan tidlegrøyste i perioden 01.07.19 - 09.08.19. Ta kontakt med Servicetorget på Boknatun for å tidlegrøyste.

Ordinær førehandsrøysting:

Den ordinære førehandsrøysteperioden skjer i tidsrommet 10.08.19 - 06.09.19.

Du kan førehandsrøyste i Servicetorget, Boknatun. Opningstidene er: måndag  - fredag kl. 08.30 - 15.30.

Du kan også førehandsrøyste ved Bokn Folkebibliotek måndager og onsdager frå kl. 16.00 til kl. 19.00 frå og med veke 34 til og med veke 36.

I veke 35 er det institusjonsrøysting ved Bokn sjukestove. Her kan både brukerar og ansatte kunne røyste, og det vil også være mogleg for alle andre innbyggjerar å komme på sjukestova for å røyste. Dato og opningstid vil bli kunngjort seinare.

Du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune i heile landet. Di førehandsrøyst vil bli sendt til den kommunen som du er folkeregistrert i.

Det er ikkje nødvendig å ta med valkort, men det vil gå raskere for deg å røyste dersom du har det med deg. Det du må huske er å ta med legitimasjon. Dersom ingen av dei som tek imot røyster kjenner deg får du ikkje røyste dersom du ikkje har med deg legitimasjon.

 

Røyste heime?

Dersom du på grunn av uførheit ikkje kan komme deg til eit vallokale kan du søkje om å få røyste hjemme. Send søknad til Valgstyret i Bokn kommune, Boknatunvegen 37, 5561 BOKN, eller send ein e-post til post@bokn.kommune.no

Har du spørsmål om valgavviklinga i Bokn kommune kan du ta kontakt med leiar for Servicetorget Gro A. Sørensen, tlf. 52752510, mobilnr.: 98221500 eller e-post: gro.sorensen@bokn.kommune.no

Du finner mer informasjon om Kommunestyret- og Fylkestingsvalet på www.valg.no