Eg vil takke for tilliten ved valet, til meg og dei andre som blei valde inn i kommunestyret. Me gler oss til å ta fatt, og er sikre på at dette blir ein periode med godt samarbeid, og at me saman kan gjera Bokn til ein endå betre kommune å bu i.
Det er mange spennande prosjekt på gong; bygging av ny skule, Rogfast, Holmen-prosjektet i Føresvik, vidareutvikling av næringsområde.
Ordførardag
Eg satsar på å vere på kontoret eit par dagar i veka. I utgangspunktet kvar onsdag, og ellers ettersom det passar.
Så dersom du vil snakke med ordføraren er det berre å komme innom. Dersom du har større saker du vil diskutere, er det ein fordel å ta kontakt på førehand for å avtale tid og informere om kva du vil ta opp.
Osmund Våga
Ordførar
Tlf. 98296690
E-post: osmund.vaga@bokn.kommune.no