Nyttårshelsing

Nyttårshelsing frå ordføraren. - Klikk for stort bileteNyttårshelsing frå ordføraren. Ordførarfoto: Lene O. Foss Her kjem ei nyttårshelsing frå ordførar Osmund Våga.

Kjære boknarar!

Dette har vore eit spesielt år, prega av korona. Det begynte på vanleg måte, men med ei spesiell sak.

Tilsetting av ny rådmann

Det hadde ikkje blitt gjort på 39 år i Bokn, og var ei omfattande og interessant sak.

Rådmannsskifte 18.05.20: Overlevering av nøkkel frå Jan Erik Nygaard til Ingeborg Skjølingstad. - Klikk for stort bileteRådmannsskifte 18.05.20: Overlevering av nøkkel frå Jan Erik Nygaard til Ingeborg Skjølingstad. Jardar Havikbotn Etter ei grundig vurdering av mange kompetente kandidatar, valde me til slutt Ingeborg Skjølingstad frå Haugesund, og eg er overtydd om at me har gjort eit bra val her. Ho er dyktig og kunnskapsrik, og har fått eit godt forhold til både tilsette og politikarar.

Me hadde planlagt å halde ei avslutning for vår avtrappande rådmann, Jan Erik Nygaard, for å takke han for lang og tru teneste då den nye rådmannen overtok. Ho måtte diverre utsettast til hausten, men då fekk me halde ei fin avslutning med god middag, gåver og talar, og me håpar han sette pris på det.

Korona

Rett etter at me hadde tilsett ny rådmann, fekk me vite om eit nytt og farleg virus som spreidde seg i verda. Me visste ikkje heilt korleis me skulle handtere det, men følgde nasjonale råd så langt me kunne.

Møte og arrangement blei avlyste, skule og barnehage stengde, sjukestova stengd for besøk. Hyttebesøk blei begrensa og folk blei bedne om å halde avstand og sprite hender.

Den tradisjonelle 17. mai-feiringa måtte avlysast, men me fekk til ei fin feiring på nett med mange innslag, bl.a korpsspeling på Boknasundbrua, båtkortesje og bilkortesje.

Møte

Det hadde lenge vore eit ønske om at fleire møte kunne haldast digitalt for å spare tid og penger, men ikkje så lett å få det til. No måtte me plutseleg gjere dette, og det gjekk rimeleg bra. Det fyrste digitale kommunestyremøtet i Bokn blei halde 31. mars og alt fungerte fint.

Etter dette har mange møte og konferansar blitt digitale. Det fungerer bra, sjølv om mange saknar å kunne møtast fysisk og ser fram til at dette blir mogleg igjen. Men kommunane sparar både tid og pengar på dette, så me kjem nok aldri til å gå heilt tilbake til det gamle systemet igjen.

Og folk ser at det er mogleg å jobbe heimefrå i mange slags jobbar. Det kjem nok til å bli meir vanleg framover, og gir nye moglegheiter for å kunne bu ute i distrikta sjølv om ein har ein jobb i ein by eller i utlandet. Det gir nye moglegheiter for ein stad som Bokn, og er noko me vil arbeide for å få til.

Skule

Det blei i førre kommunestyreperiode vedteke å byggje ny skule for barne- og mellomtrinnet. Bokn skule - Klikk for stort bileteForhåpentlegvis kan me begynne riving av gamal skule etter nyttår og bygging av ny ut på våren. Jardar Havikbotn Ungdomstrinnet beheld sine lokale. Budsjett for dette blei sett til 40 mill. for skule og 10 mill. for diverse, riving, provisoriske lokale, etc. Dette året blei det i tillegg vedteke å inkludere kulturskule i bygget med 3 mill. ekstra. Me søkte støtte i fylket til dette, og fekk 1,5M.

 No er provisoriske lokale på plass, energisentral til erstatning av oljefyr er snart ferdig, og anbud er komne inn på bygging av skule. Då må me vurdere desse anbuda, og forhåpentlegvis kan me begynne riving av gamal skule etter nyttår og bygging av ny ut på våren.

Planarbeid

Det har blitt arbeidt mykje med planar og reglement dette året. Me har bl.a. vedteke  ROS analyse, beredskapsplan, møtereglement, finansreglement, kulturminneplan, trafikksikkerhetsplan, helse og omsorgsplan og planstrategi for kommuneplanarbeidet.

Neste år skal me til med å revidere arealdelen av kommuneplanen.

Koronamidlar

Det er kome inn ekstra støtte i samband med korona ved forskjellige anledningar, både til dekning av kommunen sine ekstrautgifter, og til spesielle tiltak.

Heldigvis har me ikkje hatt mange smitta i Bokn, så kommunen har ikkje hatt så store utgifter på dette området, sjølv om har det vore noko, spesielt på helse.

Når det gjeld bruk av desse midlane, kan me nemne at dei er brukte til oppussing av dei kommunale bustadane nord for Boknatun, til sanitæranlegg i Føresvik som no er under planlegging, til prosjektet Opplev Bokn og til støtte til lokale bedrifter etter søknad.

Lokale tiltak

Opplev Bokn er eit prosjekt som skal bidra til å utvikle reiselivsnæringa i Bokn, både eksisterande firma og nyetableringar.

29. juni i år: Ordførar Osmund Våga, tv. og vaktmeister/bubileigar Egil Ognøy finn ut at tømmestasjonen ved kyrkja har posisjon 59°13'23'' N 5°26'26'' Ø. Jardar Havikbotn Av andre lokale tiltak kan me nemne at tømmestasjon for bubilar er ferdig, og at det er arbeidt mykje med vidare utbygging av kommunalt vatn, med bl.a. høgdebasseng på Austre Bokn.

Kafé Sjøbris opna i Føresvik i sommar, det er eit tilbod som har vore sakna blant boknarane.

Rekneskap

Rekneskapet for 2019 viste eit overskot på rundt 6 mill. Dette kjem i stor grad frå ei stor utbetaling frå Havbruksfondet. Overskotet blei fordelt med rundt 2 mill. til diverse lokale tiltak, bl.a. 500 000 kr. til styrking av næringsfondet. Resten blei sett på disposisjonsfond for seinare bruk.

Budsjett

Det var eit stramt budsjett som blei vedteke i desember. Me ser ikkje rom for nye store investeringar før me er ferdige med skulebygginga.

Det einaste ekstra som ligg inne her er vedlikehald av den delen av Boknatun der legekontoret ligg, og midlar til eit bussprosjekt i samarbeid med Kolumbus. Dette er eit prosjekt som skal gi betre busstilbod for boknarane, meir informasjon om dette kjem etter nyttår.

Rogfast

Rogfast er endeleg vedteken i Stortinget. No er det planlagt ein del møte etter nyttår med Statens vegvesen og diverse andre for å sjå på korleis Rogfast og ny E39 vil påverke Bokn, og kva moglegheiter det gir oss framover. Bl.a. kan nå Holmen-prosjektet i Føresvik kome vidare.

Folketalsauke

Siste oppdatering av folketal, slutten av 3. kvartal 2020, viser 858 personar i Bokn, ein auke på 4 frå same tid i fjor. Det er me glade for og håpar det vil fortsetje med ein jamn auke kvart år.

Vaksine

No er det planar om at vaksinering vil starte etter nyttår, først med bebuarar på sjukestova, deretter andre eldre og sårbare grupper og helsepersonell, og så alle oss andre.

Dermed reknar me med at restriksjonane ved korona blir letta i løpet av 2021, og det ser me fram til - at det igjen blir mogleg å treffast ved forskjellige anledningar.

Dei tilsette i kommunen har hatt mykje ekstra arbeid i forbindelse med korona, og eg vil takke dei for innsatsen i året som har gått.

Då vil eg til slutt takke for det gamle året og ynskje alle eit Godt Nytt År!

Nyttårshelsing

Osmund Våga