Læreplassar

- Læreplassar er viktig, seier ordførar Osmund Våga. Jardar Havikbotn Bokn kommune oppfordrar bedrifter i Bokn til å ta inn fleire lærlingar.

- Det er viktig at det finst læreplassar i kommunen for dei ungdommane som ønsker dette, både i privat og offentlig sektor. Det er også viktig for kommunar og bedrifter at det er mange som har fagbrev når ein skal tilsetta nye folk, og at alle bidrar til å læra opp eigne tilsette, seier ordførar Osmund Våga.

- I kommunen har me pleidd å ha ein lærling til ei kvar tid, og må vurdera om det er mogleg med fleire.

 

Læreplassjeger

Bokn kommune oppfordrar bedrifter i Bokn til å ta inn fleire lærlingar. Læreplassjeger er ein nasjonal kampanje som Haugaland Vekst deltar i. 

Læreplassjegerar over heile landet vil jobba for å rekruttera fleire lærebedrifter og læreplassar. Kampanjen vil pågå gjennom sommaren og godt utpå hausten.

Gå inn her og finn inspirasjon til kva du kan bidra med.