Kjære boknarar

Ordførar Osmund Våga Jardar Havikbotn Helsing frå ordføraren pr. 31. mars 2020.

Nå er me komne ein månad inn i koronaepidemien, og ting ser ut til å fungere greit i kommunen.

Elevane på skulen har gått over til fjernundervisning på Teams. Skule og barnehage er stengde for vanleg drift, men framleis opne for dei som har behov for det.

Sjølv om nokon er sjukemelde eller i karantene, er det nok personale på alle avdelingar. Dei fleste som jobbar i administrasjonen har gått over til heimekontor. Det gjeld meg også, eg sit vanligvis heime, men er innom kommunen av og til.

Digitale møte

Politiske møte både innad i kommunen og med andre kommunar er gått over til Teams, og det fungerer greit. Det er på mange måtar meir effektivt, men vanskelig å diskutere kompliserte saker.

I kveld skal vi ha Bokn sitt første digitale kommunestyremøte. Planen er at det skal publiserast på nett etterpå. Og i morgon skal vi ha møte i planutvalet for å starte arbeidet med kommuneplanar.

Denne epidemien viser at det er viktig å vere forberedt, både enkeltvis og for det offentlige. Alle bør ha nok mat og vatn for eit par dagars forbruk.

Det offentlige må sørge for at det er tilstrekkeleg av medisiner og utstyr på lager. Og at det er viktig å oppretthalde eit norsk landbruk av ein viss størrelse for å kunne produsere den maten vi treng dersom det blir problem med import.

Bruk det lokale

I Bokn har vi heldigvis ikkje hatt store problem med permitteringar eller oppseiingar enda. Det slår veldig ulikt ut, nokon beheld jobb og inntekt, mens andre, spesielt sjølvstendig næringsdrivande kan plutseleg stå heilt utan inntekt.

Då er det viktig å hugse på at samfunnet skal gå vidare etter korona. Her kan alle bidra med å oppretthalde aktivitet i næringslivet for å unngå permittering og konkursar. Handle i lokale butikkar, kjøp varer og tenester produsert i nærleiken. Engasjer lokale handverkarar.

Tenk over om du kan hjelpe andre. Det kan vere til handling, barnepass, etc. Ta enten kontakt med dei det gjeld eller med kommunen. Bokn Sanitetsforening har i samarbeid med Bokn kommune oppretta eit hjelpetilbod for å bistå personar i heimekarantene/heimeisolasjon.

Effektive tiltak

Til slutt vil eg minne dykk på å oppretthalde smitteverntiltak og respektere nasjonale retningslinjer. Unngå å samlast for mange på ein stad, gå gjerne ein tur, men ikkje for mange saman. Sjølv om påsken nærmar seg og det hadde vore fint med ein hyttetur, vent med det om hytta ligg i ein annan kommune.

Det ser ut som desse tiltaka verkar, antall nye smitta flatar ut. Så om alle respekterer desse tiltaka, vil vi kunne halde antall smitta på eit handterleg nivå og sikre at alle får god behandling.

Så får vi håpe at ting gradvis kan vende tilbake til det normale utover våren.