Ordføraren har ordet, år 2014

Kyrre Lindanger:

Desember 2014

Kjære sambygding!

Budsjett 2015

Den 16. desember behandla kommunestyret drifts- og investeringsbudsjett for 2015 og økonomiplan for 2015-2018 med utgangspunkt i eit framlegg tilpassa det økonomiske inntektsnivå frå rådmannen. Endringane i busetnadsutviklinga, i tillegg til fleire ressurskrevjande brukarar og reduksjon i inntektene frå gassbasert industri, gjer at dei kommunale tenestene må finansierast utan tilsvarande auke i inntektene.

Det siste kommunestyremøtet i 2014 blei gjennomført i flotte og nyoppussa lokaler i 1. etasje på Kyrkjebygd aktivitetshus.

Mens realinntekter til kommunen i fleire år har vore fallande, har kostnadene auka sterkt. Det meste av kostnadsveksten kom i lovpålagde tenester som det er lite høve til å redusera eller velje bort. Både drifts- og investeringsbudsjettet for neste år er stramt, men likevel slik at ein beheld gode tenester for innbyggarane. Samstundes vil ein prøva å finna smartare og rimelegare måtar å løyse oppgåvene på - i tillegg til å fjerna kostnader som er lite viktige for drifta.

Budsjettet blei vedtatt med eit nettobudsjett på kr. 67.607.000 kroner. På investeringssida blei det vedtatt å legga inn fleirbrukshall med kr. 39.000.000. Han skal finansierast gjennom tilskot 12 millionar kroner, fond 8 millionar kroner og låneopptak 19 millionar kroner. På driftsida blei det m.a. løyvd 30.000 kroner til innkjøp av nye komfyrar til skulekjøkkenet ved Bokn skule og 20.000 kroner til inventar og møbler til Kyrkjebygd aktivitetshus.

Dugnad

I løpet av 2014 har me opplevd at fleire dugnadsdrivne prosjekt har blitt gjennomført her i bygda. Ei stor mengd arbeidstimar blei lagt ned på nærmiljøanlegget i Alvestad då entusiastiske medlemmar frå Bokn idrettslag gjekk i gang med å rydda området ved den tidlegare grusbana. Målet var å byggja ein kunstgrasbane og med det leggja til rette for utandørs fotballtrening heile året - eit tilbod me har mangla i Bokn. I slutten av november blei kunstgraset rulla ut og brått låg det ein fullverdig kunstgrasbane klar til bruk midt mellom Føresvik og Alvestadkroken. Og bana har allereie vore flittig i bruk.

Også på Kyrkjebygd aktivitetshus har det i haust blitt lagt ned tallause timar med verdfull dugnadsarbeid for å setja i stand 1. etasjen, slik at fritidsklubben Petra får gode lokaler til verksemda si. Med økonomiske bidrag og arbeidsinnsats frå både frå Bokn Plast/HighComp og Bokn kommune, kunne ungdommane gjennomføre eit stilfullt julebord i nyoppussa lokale i byrjinga av desember.

Svært mange boknarar har deltatt i desse dugnadsprosjekta, og har brukt mangfaldige timar av fritida si til å skapa gode og etterlengta aktivitetstilbod til barn- og unge i Bokn.

Frivillig arbeid gjennom dugnad er ein avgjerande ressurs, ikkje berre for idrettslaget, men for heile boknasamfunnet. Gjennom dugnad blir det skapa varige samfunnsverdiar, samstundes som det aukar attraktiviteten til lokalsamfunnet. Dugnadsmiljøa er også ein arena der ein møter sambygdingar, der folk gjennom å skapa noko saman også opplev fellesskap og meistringskjensle og det å vera med på eit «vinnarlag».

Takk til alle som stilte opp for fellesskapet!

Ordføraren 

 

November 2014

Kjære sambygding!

Statsbudsjettet for 2015

Når politikarane i Bokn skal ta fatt på budsjettet for 2015, har me hatt den nye regjeringa i sving i godt og vel eitt år. Det er med spenning me ser fram til det endelege statsbudsjettet etter ei heller intens tautrekking mellom dei samarbeidande partia, ikkje minst sidan det truleg blir ganske store endringar i forhold til den førre regjeringa. Regjeringa la fram budsjettforslaget sitt den 8. oktober, og det er dette budsjettforslaget det nå blir forhandla om. I budsjettforslaget for 2015 har ein lagt opp til å auke kommunane sine inntekter med 6,2 milliardar kroner. Dei frie inntektene aukar med 4,4 milliardar kroner frå anslaga i revidert nasjonalbudsjett for 2014. Auken er større fordi skatteinntektene til kommunane fall i 2014. I forslaget er det også lagt opp til ein auke i småkommunetilskotet og i veksttilskotet.

Frå 2014 til 2015 er det på landsbasis ein nominell vekst i kommunanes frie inntekter på 4,7 prosent. For kommunane i Rogaland reknar ein samla sett med å få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 5,5 prosent. Viss regjeringa sitt budsjettforslag går gjennom i Stortinget, vil Bokn sin auke i inntektene utgjer 3,2 % - om lag 1,8 millionar kroner. I Rogaland er det då berre Suldal, Sauda og Finnøy som har lågare vekst. Dette inneber ikkje noko realvekst i budsjettet vårt for neste år og stadfestar eigentleg berre den utviklinga me har sett dei to siste åra.

Andre forhold som slår uheldig ut for Bokn, er nedstenginga av gasskraftverket på Kårstø. Her mistar Bokn om lag 800 000 kroner årleg, mens Tysvær går glipp av om lag 9 mill. kroner. I tillegg har me ein del ressurskrevjande brukarar i kommunen som visar godt igjen i budsjetta, minst 600 000 årleg i utgifter. Sjølv om Bokn for tida er blant Rogalands-kommunane med lågast gjeld, har me nå og høgare kapitalutgifter enn tidlegare. Dette skuldast m.a. vedtaket om 10 mill. i låneopptak til kjøp av eigedom som blei gjort i fjor.

Sidan 2005 har Bokn hatt ein god auke i dei frie inntektene. Men etter sju gode år fylgjer ofte sju dårlege år. For Bokn ser det ut for at me vil måtte stramme inn i tida framover. Bokn får dårlegare tal i 2015 enn for 2014. Den openbare løysinga er å minka drifta og kanskje vurdera omorganiseringar. Det vil vanskeleg vera forsvarleg å ta større investeringar i 2015 utanom det som allereie er vedtatt.

Gasskraftverket på Kårstø blir stengd ned

Fredag 3. oktober blei det kjent at Naturkraft sluttar av drifta av gasskraftverket på Kårstø. Drifta blei satt i gang i 2007 etter fleire år med politiske diskusjonar. Det var ein lang kampanje frå industriinteresser som meinte at Noreg trengte eit kraftverk for å halda kraftprisane nede.

Gasskraftverket på Kårstø var Noregs fyrste kommersielle gasskraftverk, og dette var ein stor politisk sak på slutten av 1990-tallet. Kjell Magne Bondeviks fyrste regjering gjekk av i mars 2000, då dei stilte kabinettspørsmål. Regjeringa blei felt av stortingsflertallet då dei nekta å oppheva miljørestriksjonane som hindra bygging av gasskraftverk utan Co2-reinsing.

Anlegget blei ferdigstilt utan Co2-reinsing under Stoltenberg I-regjeringa i 2005. Utbyggar og driftar var Naturkraft, eit selskap oppretta i samarbeid mellom Statkraft og Statoil. Kraftverket kosta over to milliardar kroner å bygga, men har dei siste åra kun vore i bruk nokre få dagar i året i dei kaldaste vinterperiodane, i tillegg til vedlikehaldskjøring. Låge kraftprisar og dyr gass førte til eit årleg tap på kring 100 millionar kroner.

Det er uheldig for Bokn kommune at gasskraftverket stenger ned. Gjennom avtalen med Tysvær kommune om fordeling av skatteinntekter frå gassbasert industri på Kårstø, har Bokn kommune fått overført om lag 800.000 kroner årleg i samband med gasskraftverket. For Tysvær kommune er det endå verre. Dei går glipp av om lag 9 millionar kroner årleg i tapte skatteinntekter frå gasskraftverket.

Sjølv om Bokn og Tysvær går glipp av viktige inntekter frå gasskraftverket, håpar eg fjorårets avgjerd om ilandføring av gass frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen til Kårstø på sikt erstattar dei tapte inntektene for kommunane. Avgjerda var særs viktig i forhold til å sikre eit langt liv for Nord-Europas største gassterminal. Aktiviteten knytt til ilandføringa førar lett til annan aktivitet på Kårstø – noko som vil auke inntektene frå gassbasert industri og som fellesskapet vil ha glede av i lang tid framover.

Ordføraren

 

Oktober 2014

Kjære sambygding!

Kommunestruktur

I samband med stortingshandsaminga av kommunereforma i vår, vedtok eit fleirtal at alle kommunar skulle «gjennomføre lokale prosesser» og greia ut om kommunesamanslåing. Når det gjeld utgreiingssansvaret er det mange som oppfattar dette som ei utgreiingsplikt. Eg meinar at eit stortingsfleirtal ikkje kan krevja av alle kommunar å lage utgreiing på denne måten. Nokre kommunar har alt gått langt i retning av å seie at dei ikkje ynskjer å prioritera dette, anten fordi ein ikkje oppfattar det som aktuelt å slå seg saman, eller fordi ein er usamde i måla for, eller konsekvensane av reforma.

Faksimile frå Haugesunds Avis, 8. april i år.

Spørsmålet er kva status innstillinga til Stortinget har når ein kommune ikkje ynskjer å gjennomføra «lokale prosesser»? Kommunestyret er suverent og Stortinget kan berre pålegga kommunane oppgåver gjennom lov. Det stortinget har uttalt om lokale prosessar bind difor ikkje kommunane. Viss ein likevel vil gjennomføra ei utgreiing kan kommunane sjølv bestemme dette. Mellom anna Vågan kommune i Lofoten har oppfatta dette og står modig fast på vedtaka sine.

Kommunane på Haugalandet blei i haust inviterte til å bli med i ein prosess for å vurdera og avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Bokn og Tysvær gjennomførte – i samarbeid med Telemarkforsking - alt i 2005 og 2006 ei omfattande utgreiing med omsyn til å slå saman dei to kommunane. Dette arbeidet munna hausten 2006 ut i ei rådgjevande folkeavrøysting som resulterte i at 78 % av boknarane røysta mot kommunesamanslåing.

Regionrådet for Haugalandet (Haugaland Vekst) handsama i oktober spørsmålet om kva rolle rådet skal ha i prosessen. Medlemskommunane, med unntak av Bokn og Tysvær, bestemte seg i møtet for å gå i gang med eit forprosjekt kor det til våren skal leggast fram eit forslag til vidare prosess. Kommunestyra i Bokn og Tysvær gjorde på siste møte vedtak om å utsetja arbeidet med reforma til proposisjonen om kommunane sitt nye oppgåvebilete blir lagt fram – ein avgjerande premiss for kunnskap om den største reforma innan offentleg sektor dei siste 50 åra.

Vikingland

Arkitektfirmaet Snøhetta blei på forsommaren 2014 invitert av Rogfastutvalet til å laga ein konseptstudie for bruk av to millionar kubikkmeter steinmassar frå Rogfasttunnelane til samfunnsnyttig formål på Bokn. Konseptstudien vil leggja grunnlaget for kommunen sitt vidare arbeid med bruk av massar som grunnlag for ny stadsutviklingsplan i Bokn. Tanken bak er at studien kan danna ein felles plattform for kommunale og private initiativ i samband med Rogfastprosjektet.

Slik ser Snøhetta for seg at eit Vikingland kan ta seg ut i Sandvika sør for Knarholmen.

Bokn kommune ynskjer å tenke langsiktig og heilskapeleg kring bruken av massane i samanheng med utvikling av området. Det var eit ynskje frå Rogfastutvalet om at Snøhetta skulle sjå på situasjonen med "nye auge", og gi innspel som kan løfte diskusjonane ut av "den vante" måten å sjå lokalmiljøet på og finne område for vidare arbeid.

Arbeidet har gått over ein periode på omlag seks veker, med synfaring ved oppstart og ei studiesamling i Snøhetta sine lokale saman med representantar for Rogfastutvalet. Den 26. september blei studien presentert for kommunestyret i Bokn.

Eit av konsepta, som blei spelt inn av Rogfastutvalet, var eit forslag om å bygga eit heilt nytt opplevingslandskap i området ved Sandvika med utgangspunkt i at Asgard Vikingpark blir etablert i området. Bokn som mogleg vertsskap for ein slik temapark blei foreslått for styringsgruppa i Asgard Vikingpark alt på seinsommaren 2014. Møte og synfaring blei gjennomført med styringsgruppa i Asgard Vikingpark.

Dei kom fram til at Bokn var veleigna som vertskommune for anlegget slik det blir sentralt plassert mellom Stavanger, Haugesund og Bergen. Når Rogfast kjem, ligg Sandvika gunstig til både i forhold til flyplassane på Karmøy og Sola og cruisehamnene i Stavanger og Haugesund. Sandviksområdet er stort nok og er bortimot konfliktfritt i høve til busetjing. Med tilgjengelege Rogfastmassar vil ein kunne byggja temaparken i eit område som ligg til sjøen og med Boknafjorden og Ryfylkeheiene som ein perfekt bakgrunnsscene.

Etablering av Asgard Vikingpark vil innebere mange nye arbeidsplassar til Bokn og gje eit stort løft for reiselivsnæringa både i kommunen og regionen. Så langt eg veit, blir avgjerda om plassering tatt rundt nyttår.

Ordføraren

 

September 2014

Kjære sambygding!

Fyren bustadfelt

I veke 37 blei det gjennomført anbodsopning for det nye bustadområdet i Fyrvegen. Entreprenør Ernst Grindheim AS fekk då oppgåva med å gjera ferdig sjølve bustadområdet i tillegg til å byggja nytt kryss mellom fylkesvegen og Driftavegen og å utvida Driftavegen og Fyrvegen.

Utbyggjinga i Fyrvegen vil skje i dette området, samstundes som ein får utbetra dagens veg fram til fylkesvegen.

Med det kan me endeleg setja spaden i jorda og tilby byggmogna tomter i Bokn. I fleire år nå har det vore etterspurnad etter tradisjonelle einbustadtomter i Bokn, men utvalet har vore avgrensa. Det skal nå byggmognast åtte einebustadtomter og fire bustadeiningar i rekke i tillegg til leikeplass i området straks nord for Fyrvegen. Utbygginga skjer i ei logisk retning i eit alt eksisterande bustadområde, og der all infrastruktur er på plass. Ei slik fortetting reduserar presset på landbruksareal, samstundes som ein får utbetra dagens dårlege kryssløysing mellom fylkesvegen og Driftavegen.

Tomtene blir lyste ut for sal etter kvart som tomtene blir byggmogna. Prisane blir retningsgjevande og skal endeleg bli vedtatt av kommunestyret i løpet av hausten. I tillegg til tomteprisane kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr og tinglysingsgebyr. Endelege tomteprisar vil bli annonsert når desse er vedtatt.

TV-aksjonen 2014

Kirkens Nødhjelp har fått NRK sin årlege innsamlingsaksjon og det er fjerde gang Kirkens Nødhjelp skal ha TV-aksjonen. Dei innsamla pengane frå årets aksjon skal sikra éin million menneske bærekraftig tilgang til reint vatn, og skal brukast i konkrete prosjekt i åtte ulike land i ein femårs-periode.

For å kunne overleve er tilgang til reint vatn ein absolutt føresetnad for alle menneske. Ikkje berre for å kunne drikke seg utørste, men også for å kunne halda seg friske. Dessutan sikrar tilgang til vatn både avlingar, buskap og mat og det hindrar konflikt og skapar samfunnsutvikling. Her i Vesten tar me det som ein sjølvfølge at det kjem vatn or springen, i mange land må kvinner og barn gå i mange timar for å finne reint vatn. Denne tidsbruken går utover andre viktige gjeremål, til dømes utdanning og arbeid, samstundes som kvinner og barn er ekstra utsatte for vold og seksuelle overgrep når vegen er lang til vasskjeldene.

Årets TV-aksjon blir gjennomført den 19. oktober. Kontakt kulturkontoret på Boknatun viss du ynskjer å stille som bøssebærar. Elles vil eg oppmoda alle boknarar om å opna lommebøkene og ta godt i mot bøssebærarane denne dagen. For bare 200 kroner kan du gi vatn til eitt menneske for resten av livet. Det er ein verdig og viktig investering!

Ordføraren

 

August 2014

Kjære sambygding!

Fleirbruksshall

I bortimot ein mannsalder har boknarane frå tid til annan diskutert eit hallprosjekt. Etter kvart kom det på mote med såkalla fleirbrukshallar: Utsira bygde kombinert symje- og idrettshall på nittitalet, Finnøy fleirbrukshall på Judaberg blei tatt i bruk i mars 2003, mens Rennesøy og Kvitsøy opna sine fleirbrukshallar i 2009 og 2010.

Difor var det naturleg at ein i 2008 starta planlegginga av ein fleirbrukshall også i bygda vår. Ei arbeidsgruppe jobba med saka og gjennomførte synfaringar på anlegg kring i fylket. Og som det mest alltid er i slike saker, var det delte meiningar om plasseringa. I tråd med tidlegare vedtak om at slike sentrumsfunksjonar skulle leggjast til Føresvik, munna denne diskusjonen ut i eit kommunestyrevedtak vinteren 2012 om at hallen skulle liggja i Føresvik og nærare bestemt i området ved den såkalla Trisnippen.

Situasjonsplan for skisseutkast for fleirbrukshall i Bokn - ikkje vedtatt, er under bearbeiding av arkitekt (red. anm.).

Etter vedtaket sette kommunen ned eit utval som skulle fylgja opp saka. Det slo raskt fast at ein var tent med at hallen låg så nær skulen som råd sidan elevane ville bli dei viktigaste brukarane av han. I tillegg skal fleirbrukshallen løyse av dagens gymnastikksal som møteplass for bygda ved dei store anledningane og som kultur- og idrettsarena. Ein ser det og som ein fordel å bygga fleirbrukshallen saman med dagens idrettshus. Ein vil då få ein god sambruk, både med tanke på garderobar, møtelokale, kjøkken, parkering og i forhold til fotballbana.

Planutvalet har hatt regelmessige møte, og i vår var administrasjonen og saumfor  fleirbrukshallen på Kvitsøy. I tillegg er det gjennomført møte med grunneigarane og informasjonsmøte med lag- og organisasjonar i bygda. Konsulentselskapet Omega har ansvaret for reguleringsplanarbeidet, mens arkitektfirmaet Tveit teiknar ut sjølve hallen og romprogrammet.

Prosjektet er nå på reguleringsplannivå, og blir sett opp mot sentrumsplanen for Føresvik og utviding av Føresvikvegen. Framlegg til reguleringsplan blei lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn (seks veker) av forvaltningsstyret i møte den 26. juni. For å kome i posisjon til å få tippemidlar, som er avgjerdande for prosjektet, vedtok kommunestyret den 17. juni kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

I løpet av seinsommaren har diskusjonen gått livleg om kva som vil skje med bygningane i  området. Når det gjeld bygningen sør for idrettshuset, som i dag blir brukt som fritidsbustad, er det ikkje teke noko avgjerd. Men i forhold til reguleringsplanen ligg bygningen i vegen, og flytting er ei av løysingane som vil bli vurdert. Sannsynlegvis er dette også den mest aktuelle løysinga.

For ein liten kommune som Bokn er slike prosjekt svært ressurs- og tidkrevjande. Kvitsøy kommune brukte såleis ti år frå vedtak om bygging blei gjort til bygget blei opna seinsommaren 2010. Engasjement og debatt rundt plassering er bra, men når vedtak er gjort er det viktig for framdrifta å legga motsetningane vekk og sjå framover. Omkamp i slike saker fører oftast til fleire års utsetjing sidan eit eventuelt nytt område skal

arbeidast inn i kommuneplan og seinare reguleringsplan. Ein må då gå dei tidkrevjande rundane med  regionale styresmakter for å få godtatt dei nye forslaga. I verste fall kan prosessen stoppe heilt opp slik at det ikkje blir nokon fleirbrukshall.

Det er ingen andre enn boknarane sjølv som kan kjøre ein slik prosess til ende. Initiativet og gjennomføringa må skje av og ved dei, slik ein tilsvarande har fått det til i andre bygder. Nå er prosjektet på oppløpssida og me har aldri vore nærmare realiseringa av det som kan bli den nye storstova for alle boknarane. Dagens gymnastikksal er over 40 år og ber preg av tidas tann og kanskje også andre tenner. Tida er inne for å ta eit nytt løft for bygda. For boknarar i alle aldrar vil ein slik fleirbrukshall bli ein stor ressurs. Det gjeld anten det dreier seg om idrett- og kultur og fremjing av fysisk aktivitet eller som viktig møteplass for generasjonar av boknarar framover. La oss difor samla kreftene og den positive energien kring eit godt og viktig prosjekt for fellesskapet!

Ordføraren

 

Juni 2014

Kjære sambygding!

Rogfast-trasè vedtatt

Den 24. juni vedtok kommunestyret i Bokn i eit ekstraordinært møte samrøystes planprogrammet for Rogfast. Med det godkjende det den endelege trasèen for Rogfast frå Lauplandsvågen til Knarholmen. Samstundes vedtok dei også ein samarbeidsavtale mellom Bokn kommune og Statens vegvesen.

Kommunestyret på Rogfast-synfaring. Her ved det framtidige tunellpåhogget på Laupland.

Kommunestyret blei kjend med tilrådinga frå prosjektleiinga om ny trasè våren 2014, og formannskapet sette då ned eit arbeidsutval som skal jobbe opp mot Rogfast-prosjektet. Frå Bokn kommune meinte ein at trasèalternativet til Statens vegvesen ville gje mest konfliktar, særleg med omsyn til naturmiljø- og kulturminner. Gjennom heile juni månad har Bokn-politikarane jobba med denne saka.

Det er ein god og nær kontakt mellom Rogfastutvalet og Rogfast-prosjektleiinga. Dialogen opna dører mellom Bokn kommune og vegstyresmaktene i den kanskje største og viktigaste saka ein har hatt i Bokn og Rogaland sidan bruopninga. Forhandlingane førde til ein 13. punkts avtale som inneheld mange kompenserande tiltak.

Det viktigaste med avtalen er:                                                                                                                  

  • · å få til ei samfunnsmessig god utnytting av overskotsmassane
  • · at Statens vegvesen forpliktar seg til å bidra økonomisk i arbeidet med reguleringsplanar for deponering av tunnelmassane.
  • · at Statens vegvesen forpliktar seg til å transportera og planera tunnelmassar til Bokn kommune sine utfyllingsområde. 
  • · at Bokn kommune tar over eigarrettane til massane etter at drivinga av tunnelane er avslutta – noko som vil representera store verdiar for kommunen.
  • · at Statens vegvesen tek på seg å bygga ein beredskaps- og brannstasjon knytt til  tunnelinnslaget på Laupland.
  • · at i samsvar med ein analyse av brann- og beredskapsmessige forhold vil Statens vegvesen måtta ta kostnadane med innkjøp av naudsynt utstyr, brannbil og liknande.
  • · at kostnadane ved ei eventuell utviding av kapasitet og framføring av vassleidningsnettet i anleggsperioden vil bli dekka av vegstyresmaktene.
  • · at på grunn av auka trafikk på delar av lokalvegnettet i Bokn, skal Statens vegvesen gjennomføra naudsynte utbetringstiltak på vegane i bygda.

Bokn-politikarane har her tatt samfunnsoppdraget på alvor med omsyn til å ivareta bygda på ein best mogleg måte. Samstundes er det knytt mykje prestisje og forventningar til prosjektet, og storsamfunnet er oppteke av – naturleg nok – at tidsplanane held. Bokn-politikarane har tatt inn over seg det nasjonale og regionale alvoret som ligg bak det største løftet innan samferdslesektoren i moderne tid.

Rogfast, som nå er kostnadsberekna til 13,8 milliardar kroner, er det fyrste steget i arbeidet med å knyte Vestlandet saman med ein ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim. Med kommunestyret sitt vedtak jonsokaftan har ein løyst ei krevjande sak på ein god måte, der ein har teke i vare omsynet til både lokale og nasjonale interesser, samstundes som ein sikrar framdrifta i prosjektet.

Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn Bygdablad ein sol- og innhaldsrik sommar!

Ordføraren

 

Mai 2014

Kjære sambygding!

Storstilt grunnlovsfeiring

Me har lagt bak oss ein flott mai-månad prega av førebuing og gjennomføring av både nasjonaldag og grunnlovsjubileum. Årets 17. mai vil bli hugsa mellom dei meir vellukka, innhaldsrike og minneverdige. Til og med vêrgudane fekk med seg at det var noko særs med nasjonaldagen i år.

Grunnlovsmarkeringa i Oslo i mai blei avslutta med mottaking på slottet for landets ordførarar. Her helsar ordførar Kyrre Lindanger på prinsesse Astrid.

Stor ros til 17.mai-komitèen som saman med lag, organisasjonar og andre, sytte for at boknarane fekk ei ramme om både nasjonaldagen og grunnlovsjubilèet utanom det vanlege. Programmet for dagen gjekk slag i slag frå salutten gjalla utover bygda klokka 0630 om morgonen til dei seine nattetimane og inn i den 18. mai.

Markeringa av 200-års jubilèet til Grunnlova har pågått lenge over heile landet, og dei fleste av oss fekk etter kvart høge forventningar til markeringa både gjennom innslag på TV og artiklar elles i pressa. Og rapportar frå heile landet tyder på at forventningane blei innfridde, også her i Bokn.

I samband med grunnlovsjubilèet blei alle ordførarar i landet inviterte til Oslo den 14. og 15. mai. Hovudstaden har god tradisjon for å invitera ordførarar til Oslo ein gong i løpet av valperioden, og denne gongen møtte mest alle. Oslo sin ordførar, Fabian Stang, inviterte i samband med dette alle ordførarane, Storting, regjering og Kongehuset til festmiddag i rådhuset. Det var elles fleire markeringar i hovudstaden desse mai-dagane: Eiga jubileumsutstilling i Stortinget, jubileumsmøte i Stortinget og fest på Eidsvolls plass. Jubileumsdagane blei avslutta med ordførarmarsj opp Karl Johans gate til Det Kongeleg slott der Kongen og heile kongefamilien heldt mottaking for ordførarkorpset.

Frå ordførarmarsjen opp Karl Johans gate.

Arrangementa sette søkelyset på verdiane i Grunnlova. Ei anna hensikt var å spela opp mot den store jubileumsfesten 17. mai. Gjennomsnittsalderen for grunnlover flest er 20 år medan den norske er blitt ti gonger eldre. Ei viktig årsak til at Grunnlova vår har halde seg så godt, er både at ho er eit sterkt verdidokument og symbol på nasjonal sjølvstende, men det skuldast også langt på veg at Noreg er eit stabilt samfunn med høg grad av velstandsauke, tillit og verdifellesskap. Difor er det hyggeleg å konstatera at 17. mai og grunnlovsfeiringa står sterkt i ei tid der det norske samfunnet blir stadig meir mangfaldig.

Gratulera med vel overstått feiring!

Ordføraren

 

April 2014

Kjære sambygding

Kommunereform i feil ende

Regjeringa sitt ekspertutval for kommunereform la måndag 31. mars fram rapporten sin. Konklusjonen var at dei norske kommunane burde ha minst 15.000 - 20.000 innbyggjarar.

Statsråd Jan Tore Sanner hadde invitert formannskapa på Haugalandet til rådhuset i Haugesund den 7. april.

Eg kan ikkje forstå anna enn at å setja eit tal på kor mange kommunar me skal ha, er å starta i feil ende. Mykje betre ville det vore å starta diskusjonen om kommunesamanslåing ute i kommunane sjølv. Slik ville denne prosessen få ei lokal forankring. Slik må det vera sidan i ein kommunereform fyrst må avklare kva oppgåver kommunane skal løyse i framtida. Sidan blir spørsmålet på kva måte dette skal skje.

Reformplanen til regjeringa har store manglar. Kommunane må vite kva dei skal diskutera og eventuelt slå seg saman til. Før ein kan diskutera struktur, må desse tilhøva klarleggjast:

  • kva oppgåvefordeling ein skal ha,
  • kva som blir fylkeskommunen si rolle,
  • korleis ny kommunelov skal sjå ut og
  • kva organiseringsformer som bør sanerast.
  • korleis kommunane kan sikrast økonomi for løysing av framtidige oppgåver.

Når desse stega er klarlagde, er det mogleg for kommunane å vurdera om dei bør slå seg saman. Ved å sjå på eit steg om gongen aukar forvirringa.

Noreg har i dag korkje særskilt mange eller særskilt små kommunar.

Slik er det anten me målar areal eller folketal samanlikna med dei fleste europeiske landa. Verdiskapinga i dagens kommunar er god – nær det dobbelte av europeisk gjennomsnitt. Undersøkingar viser at innbyggjarane i mindre, norske kommunar er mest fornøyde med den kommunale tenesteytinga. I ein reformprosess må det gjennomførast ei vurdering om dagens kommunar fungerar tilfredsstillande, og få fram ulempene ved store kommuneeiningar.

Statsråd Sanner trekk fram interkommunalt samarbeid som ei demokratisk utfordring når han argumenterar for kommunesamanslåing. Interkommunalt samarbeid er ikkje berre eit periferi- og småkommunefenomen. Store kommunar inngår i flest samarbeid over kommunegrensene. Samla sett svarar det økonomiske omfanget av interkommunalt samarbeid i Noreg til om lag ti prosent av kommunane sine driftsutgifter. Samarbeid og utveksling av informasjon og kompetanse mellom kommunar er ei viktig drivkraft for effektivitet og utvikling av kommunale tenester. Difor ser eg på interkommunalt samarbeid som positivt.

I veke 20 legg regjeringa fram Høgre-FrP-regjeringa sin fyrste kommuneproposisjon, og her vil ein også få ein samla presentasjon av kommunereforma.

Kommunalt næringsfond

Bokn kommune har gjennom fleire år fått tilskot frå staten til kommunalt næringsfond. Sidan 2008 har kommunen fått kr. 2.125.000 til næringsfondet. Frå 2014 var det slutt på desse

midla. I tillegg er virkeområdet for distriktspolitiske virkemidlar endra slik at Bokn kommune heller ikkje vil få denne type midlar i framtida.

Næringsfondet har vore eit nyttig reiskap i arbeidet med å fremja  næringsutviklingsarbeidet i kommunen, og då i første omgang til tilrettelegging og støtte til nyetableringar og dei minste bedriftene. Kommunen har dei siste seks åra hatt mange gode søknadar, og mange av søkjarane har med hjelp av næringsmidla skapt seg sine eigne arbeidsplassar, i tillegg til at ein har bidrege til vidareutvikling av eksisterande verksemder i bygda. Difor synest eg det er beklageleg at kommunen ikkje vil få påfyll til næringsfondet.

Sjølv om formannskapet løyvde midlar i møte den 6. mai, er det framleis midlar til fordeling og det er inntil vidare høve til å søkje støtte frå næringsfondet.

Eg vil ynskja alle ein fin 17.mai og ei minnerik grunnlovsjubileum!

Ordføraren

 

Mars 2014

Kjære sambygding!

Den nye fylkesmannen

Fylkesmennene i Rogaland går for det meste i skjørt. Det gjorde Kristin Lønningdal som var fylkesmann frå 1981 til 1991 og det gjorde også Tora Aasland som fylgde etter i 1991. Slik er det også med tidlegare statsråd Magnhild Meltveit Kleppa som tok over dette embetet den 1. november i fjor. Slik har altså fylkesmannen i Rogaland i samfulle 33 år vore kvinner!

Den nye "Fylkeskånå", Magnhild Meltveit Kleppa, er på rundreise i Rogaland. Her blir ho tatt godt i mot på Boknatun av ordførar Kyrre Lindanger.

Det høyrer til at så snart som råd etter at fylkesmannen har teke over vervet, skal ho ut på "signingsferd". Nett i desse dagar er det slikt Magnhild driv med, i løpet av året er opplegget at ho skal ha vore innom alle rogalandskommunar. Den 6. mars kom turen til Bokn!

Med i fylgje fylgde alle avdelingssjefane, åtte i talet. Her var sjefen for plan- og bygg, samfunnstryggleik- og beredskap, barnehage- og opplæring, miljø- og klima og for landbruk- og mat, bare for å nemna nokre.

Fylkesmannen er, som me veit, Statens forlenga arm i fylket. For Bokn kommune var det sjølvsagt viktig å nytta dette høve til å gjera både nykomlingen og sjefane hennar kjende med kva framifrå lokalt fellesskap me har her på holmane og kva utfordringar me kan ha eit samarbeid om for å løysa. Dessutan er det jo slik at Staten har dynga ei røys med lovpålagde oppgåver over oss. Då var dette eit framifrå høve til å drøfta med Statens representantar koss desse best kunne løysast.

Det er ikkje til å koma frå at det stundom kan virka som det er mange motsetnadar mellom fylkesmannen og det lokale folkestyret. Det er eigentleg ikkje så rart. Fylkesmannen har jo ansvaret for meir overordna og nasjonale mål som fort kjem i konflikt med kva me prioriterar reint lokalt. Slikt skal fylkesmannen ha tilsyn med og har også fått til disposisjon ganske sterke virkemiddel til å setja grenser for handlefridommen til kommunane.

Difor var det for begge partar godt og fruktbart at den nye fylkesmannen med sine folk kunne møta oss i Bokn. Ikkje minst var det viktig at dei på møtet presenterte statlege føringar og signal frå den nye regjeringa. På si side fekk dei lytta til kva saker som var aktuelle i Bokn.

Ikkje minst viktig var det å få vita at endringane i motsegnsinstituttet nå er overført frå Miljøverndepartementet til Kommunal- og moderniserings-departementet. I styringssignala frå den nye regjeringa går det også fram at flest mogleg saker blir løyste så tidleg som mogleg i planprosessen og på lokalt nivå, og bare i saker som utfordrar viktige nasjonale eller regionale interesser eller andre interesser av stor samfunnsnyttig verdi.

Eg ynskjer Magnhild M. Kleppa lukke til med arbeidet som fylkesmann i Rogaland.

Regionalplan for areal- og transport på Haugalandet

I mars ga Bokn kommune høyringsuttale til den nyeregionalplanen for areal og transport på Haugalandet. Planen skal legga rammer for den langsiktige utviklinga med tanke på arealutvikling og transportmønster i regionen. Det er utarbeida ein konseptanalyse som skal peika ut retningen for planarbeidet, og det er skissert tre alternative houvudgrep; Vegbasert, by/tettstad og storby.

Bokn kommune ynskjer å ha ein sterk Haugalandsregion med Haugesund som regionsenter, men også å ha ei styrking av tettstadane i kommunane i regionen. Bokn ynskjer å ta del i og utnytte det etableringspresset som ein meinar vil kome med gjennomføringa av Rogfast, samstundes som ein meinar at ei transportutvikling basert på bil må til for å sikra utviklinga av heile regionen. I høyringsuttalen la ein til grunn ei utvikling basert på utvikling av veg og transport og satsing på tettstadene.

Eg meiner dette er eit viktig utgangspunkt for bygda. Slik eg ser det, kan ein med ei slik retning på den regionale planen legga til rette for eit godt og variert tilbod av handel, service, arbeidsplassar og offentlege funksjonar. Då vil ein auke attraktiviteten og busetjinga, og med det styrka Bokn som ein komplett kommune.

Styringsgruppa for regionalplan for areal og transport på Haugalandet skal ta stilling til hovudretninga i møte den 10. april.

Ordføraren

 

Februar 2014

Kjære sambygding!

Nedlegging av akuttmedisinsk beredskapsbil i Bokn
I over tjue år har Bokn kommune samarbeidd med Helse Fonna om ambulanse her i bygda. Men nye forskrifter og krav til ambulansepersonellet førde til at han i 2010 blei gjort om til ein såkalla «First-responder».  Det er utanlandsk for ein akuttmedisinsk beredskapsbil, og Bokn kommune sin beredskapsbil har vore knytt til AMK-sentralen i Haugesund.

Sidan 2010 har kommuneleiinga knegått dei sentrale styresmaktene for å få til løysingar som gjorde at ambulansedrifta her kunne halda fram. Særleg var me opptekne av å få til ei ordning når det galdt kompetansekrava. Diverre enda det heile med at Helse- og omsorgsdepartementet ikkje ville gjera endringar i desse krava. Med det var det også kroken på døra for eit formalisert samarbeid om ambulansedrifta i Bokn med Helse Fonna.

Tida har ikkje vore på Bokn-ambulansen si side. Det nye T-sambandet korta ned reisetida mellom ambulansestasjonen i Haugesund og Bokn så mykje at Bokn kommune gav opp å halda fram med ei så kostbar teneste, som heller ikkje er lovpålagt for kommunesektoren. Ambulansetenesta er ei statleg oppgåve, medan kommunane bare har ansvar for akuttmedisinske tenestar som er avgrensa til å omfatta legevaktsordning og medisinsk naudmeldingsteneste.

Det er leitt å avvikle ei teneste som boknarane har sett slik pris på. Men eg er sikker på at Helse Fonna framleis vil gje boknarane gode og raske akutt-medisinske tenestar. Og kven veit; Kanskje kan realiseringa av Rogfast føre til ei stasjonering av ambulanse i Bokn i framtida?

Stengt ferjesamband
Langvarig austavind og storm førde til at Arsvågen ferjekai blei stengt ei heil helg i veke tre. Ferjesambandet Arsvågen-Mortavika har elles vore sporadisk stengt eller har hatt redusert drift, mellom anna som fylgje av vêret. Regulariteten på dette sambandet har etter måten vore svært god i alle dei 23 åra ferjene har trafikkert her. Dei problema som har oppstått, har vore knytt til Mortavika i sør, og då har ein brukt Mekjarvik som reservehamn.

Boknafjorden viste muskler 5. desember i fjor.Etter driftsavvika i vinter har debatten om reserveferjeleie i Nord-Rogaland igjen blussa opp. Det same temaet blei diskutert i åra etter opninga av Boknafjordsambandet. Den gongen blei det sett på reservehamn både i Knarholmen og Føresvik, men sidan drifts-avvika viste seg å vere få, stilna debatten ganske raskt.


Ferjesambandet Arsvågen-Mortavika er landets nest mest trafikkerte ferjestrekk rett etter Moss-Horten sambandet. Difor er det opplagt at eit lengre driftsavvik får store samfunnsmessige konsekvensar. Likevel meinar eg at storsamfunnet bør ha litt is i magen i forhold til dette spørsmålet. Sjølv om ferjesambandet skal vere i drift endå 10-12 år, meinar eg det vil vere ufornuftig å investera store beløp i eit fullskala kaianlegg med tilhøyrande infrastruktur på Haugalandet. Langvarig austavind, slik ein har opplevd den siste tida, er sjeldan kost. Skulle det vise seg at dette blir vanlegare framover og driftsavvika hyppige, er det kanskje grunnlag for å vurdera mellombelse løysingar her på nordsida av Boknafjorden. Men kanskje må storsamfunnet leva med driftsavvika ei tid.

Eg synest det er viktigare å løfte debatten om ei fjerde gassferje i dette sambandet. Slik det er nå, høyrar det nærmast til unntaket at ein driftar sambandet med tre ferjer. For å sikra tre ferjer i drift på Boknafjorden, bør ein ha fire ferjer tilgjengeleg. Dette spørsmålet meinar eg er viktigare å gripe fatt i enn spørsmålet om ny
ferjekai på Haugalandet.

Ordføraren