Ordføraren har ordet, år 2013

Kyrre Lindanger:

Desember 2013

Kjære sambygding!

Budsjett 2014

Kommunestyret skal handsama drifts- og investeringsbudsjett for 2014 og økonomiplan for 2015-2017 i møte den 17. desember. Framlegget til rådmannen er tilpassa kommunen sitt økonomiske inntektsnivå. Endringane i den demografiske utviklinga i Bokn, i tillegg til fleire ressurskrevjande brukarar, gjer at tenesteproduksjonen må finansierast utan at ein i tilsvarande grad kan venta å få auka inntekter.

I rådmannen si innstilling til kommunen sitt øvste politiske organ, blir det likevel føreslått fleire nye investeringar. Mellom anna ynskjer ein å ta tak i arbeidet med å auka tryggleiken mot brann i sjukeheimen. Difor er det føreslått satt av 300.000 kroner til å installera overrislingsanlegg. Saka blei fyrst omtala saman med overrislingsanlegg for omsorgsbustadene i budsjettet for 2011, og med bakgrunn i utarbeida tilstandsrapport, ynskjer ein nå å kome vidare med dette arbeidet.

Det er også føreslått sett av 200.000 kroner til arbeidet med å planlegga for ein auke i produksjon av kommunalt vatn. Noverande anlegg vil ikkje ha kapasitet til å møte folkeauken, og vasskjelda må regulerast og det må bli bygd nytt reinseanlegg og høgdebasseng. Rådmannen har føreslått  at det i 2014 og 2015 blir satt av 200.000 kroner til leige av prosjektleiing og planlegging.

I budsjettet for neste år er det elles foreslått satt av 5 millionar kroner til å prosjektera, henta inn tilbod og å gjera klart det kommunale bustadfeltet på Fyren. Reguleringsplanen for området blei godkjent i oktober 2013 og feltet vil gje plass til 14-16 bueiningar fordelte på einebustader og hus. Ein vil henta inn anbod og leggja til rette i 2014, og tomtene vil venteleg kunne leggast ut for sal mot slutten av neste år. Elles er det frå administrasjonen foreslått at kommunestyret løyver 10.000.000 kroner til kjøp av areal til hustomter med sikte på å fylla opp intensjonane i kommuneplanen.

Når det gjeld drift, har rådmannen føreslått fleire mindre tiltak. Det er krav om at ein må ha grunnopplæring for å vera med i det friviljuge brannvesenet, og av denne grunn er det føreslått satt av 80 000 kroner til deltaking i kurs som blir arrangert lokalt saman med andre kommunar. I tillegg er det satt av eit mindre beløp til innkjøp av noko nytt utstyr, mellom anna nye hjelmar. Det er i denne samanhengen også føreslått satt av 70 000 kroner til drift av nytt naudnett. Utover dette er det satt av mindre beløp til mellom anna nye senger til sjukestova, nytt byggesaksprogram til seksjon teknisk, elektroniske «Smartboard»-tavler til skulen og leiker til barnehagen.

Kommuneplanen for Bokn

Kommunestyret skal i møte den 17. desember endeleg behandla og godkjenna kommuneplanen for Bokn. Det har sidan oppstarten av rulleringa i 2008 vore ein omfattande prosess å kome fram til eit endeleg dokument som utgjer sjølve «generalplanen» i Bokn. Det har kome inn mange gode og fornuftige innspel og det har vore eit godt politisk og administrativt engasjement gjennom to kommunestyreperiodar. Det har blitt brukt mykje tid på dialogen med regionale styresmakter, spesielt avslutningsvis det siste året.

Kommuneplanen er vårt overordna strategiske styringsdokument og inneheld mål og retningsval for utviklinga av bygda vår. Han skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn. Konfliktområda har vore mange, men eg meinar at planen som skal handsamast den 17. desember er eit godt dokument der ein har balansert heilt til mål gjennom krevjande farvatn. Dette dokumentet vil vera eit godt og viktig planleggingsverktøy for oss politikarar når framtida i Bokn skal formast. Eg meinar også at me har fått gjennomslag frå storsamfunnet innføre område som er viktige med tanke på vekst og utvikling i Bokn, og spesielt med tanke på synergiane som utan tvil vil fylgja Rogfast. Dette gjeld spesielt område som er sette av til bustad, næring og offentlege formål.

I ein slik prosess er nokon nøgde mens andre ikkje fekk med innspela sine. Slik vil det alltid vera, men det går nye tog for dei som ikkje har fått gjennom innspela sine i denne omgangen. Kommuneplanane skal rullerast kvar kommunestyreperiode, og i Bokn kommune må ein allereie nå planlegge for ei ny rullering. Då kan ein sjølvsagt koma med nye forslag.

Boknakalender 2014
Framside, Boknakalenderen 2014.

Saman med årets siste utgåve av Bokn Bygdablad, finn de Boknakalenderen for neste år. Som tidlegare år inneheld kalenderen tretten flotte motiv frå ulike stader i bygda. Redaksjonen har lagt vekt på å ha ei god blanding, både når det gjeld motiv, stader og fotografar. I denne kalenderen har ein elles fått med flotte bilete tatt av fotografane Tove Iren Bråthen og Ida Kristin Vollum i Vest foto & forlag. Nokre av desse bileta kan ein finne att i boka «Nordsjøvegen» som blei gitt ut på nemnde forlag i haust og som presenterar dei 25 kommunane som soknar til Nordsjøvegen frå Kristiansand til Haugesund. Bileta har fått fylgje av ein kort krigshistorisk tekst knytt opp til dei ulike stadene, og er skriven av Birger Lindanger. Elles set me stor pris på alle bidraga som kom inn, og ein vil også oppmoda andre om å sende inn «blinkskot» som kan egne seg i kalenderformat. Eg håpar kalenderen fell i smak og finn vegen opp på mange kjøkkenveggar.

Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år!

Ordføraren

 

November 2013

Kjære sambygding!

Full gass for Kårstø
I veke 45 fekk haugalendingane ei hyggeleg melding: Gassen frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen skal førast til Kårstø. For dei som bekymra seg for koss gassgrafane knytt til Kårstø etter 2020 ville sjå ut, er dette fantastisk gode nyhende! Mange krefter hadde jobba for dette, men utfallet var langt frå sikkert. Moderate overslag for gassfunn viste at det kunne bli full utnytting av Kårstø til 2020, men så ville aktiviteten gradvis gå nedover.
I tillegg laut ein dimensjonera infrastrukturen med ein kapasitet som er større enn Johan Sverdrup-feltets eige behov. Dette er viktig med tanke på framtidig mating og vil sikra eit langt liv for Kårstø-anlegget. Dette kan opna for at andre felt i området også kunne bruka røyrleidningen i framtida.

Kårstø

Avgjerda gjer det meir økonomisk berekneleg for Bokn og Tysvær kommunar som får inntekter frå gassbasert industri, og ein kan nå venta oss å sjå røyk frå Kårstø-pipene også etter 2020, kanskje langt forbi 2050. Ei ilandføring av Johan Sverdrup til Kårstø vil også kunne vere ein god søknad når avgjerdene om gassløysingar i nord skal takast. Investeringane som er gjort på Kårstø dei seinare åra, nå sist med KEP2010, var strategisk viktige grep å ta. Det var investeringar som nå verkeleg kan kasta av seg.

Avgjerda om Johan Sverdrup er ei julegåve, ikkje bare for Bokn og Tysvær, men for heile Haugalandet. Eigedomsskatten for desse to kommunane er sjølvsagt viktig, men endå viktigare er det at Kårstø er den viktigaste industriarbeidsplassen i regionen. Det er difor avgjerande at det brenn fakkel i flammetårna også etter 2020. Det er ei påminning om at det på Falkeid blir skapa verdiar for regionen og landet, og at lokomotivet Kårstø er i siget. Når dei mørke konjunkturskyene kjem frå Europa, er det god indremedisin å vite at det er vilje hjå storsamfunnet til å sikra Kårstø sin posisjon som Haugalandets hjørnesteinsbedrift og Nord-Europas største gassbehandlings-anlegg.

Saman for Haugaland
Samarbeid over kommunegrensene på Haugalandet er inne i ein spennande periode. Arbeidet med å etablera eit felles opplæringskontor på Haugalandet held fram. På vegne av ordførar- og rådmannskollegiet på Haugalandet (ORK) har såleis Haugaland Skole-Arbeidsliv (HSA) oppretta ei eiga arbeidsgruppe. Ho skal laga eit forslag om koss kvar kommune kan knytast til oppretting av eit interkommunalt opplæringskontor for offentlege fag. Hensikta er å gjera kommunale arbeidsplassar meir attraktive.

Elles går arbeidet for eit brannsamarbeid på Haugalandet framover. Styringsgruppa leverar innstillinga si den 15. januar og den politiske handsaminga skjer i mai 2014. Saka er spesielt viktig for Bokn kommune som får ansvaret for brann- og beredskap i samband med Rogfast. Me har eit godt brannkorps i Bokn, men det er ikkje bygd for krava til brann- og redning i  Rogfast-tunnelen. Men det vil eit felles brannvesen på Haugalandet vera.

I desse dagar er også medlemsskapet  Haugaland Vekst oppe til politisk vurdering i haugalandskommunane. Det kan enda med at alle kommunar på Haugalandet legg seg under paraplyen Haugaland Vekst. I så fall vil haugalandskommunane samlast i eit selskap som har ansvar for både lokalt næringsarbeid og regionalt utviklingsarbeid.
Regionalt utviklingsarbeid har mykje å seia for vidare utvikling og vekst i regionen. Dette gjeld til dømes flyplassutviklinga, E-134 / E-39 og Rogfast og offentlege institusjonar som nytt fengsel, HSH og politidistriktet. Andre viktige arbeidsområde er det regionale omdømmearbeidet og rekruttering av arbeidskraft, felles framstøyt for marknadsføring av større næringsområde og sikra politisk forståing for gass til Kårstø i framtida. Det tidlegare Haugalandsrådet og dagens Ordfører og rådmannskollegiet (ORK), har delvis hatt hand om fleire av desse overordna arbeidsoppgåvene til nå.

Bokn kommune har saman med Haugesund kommune, Tysvær kommune og Rogaland fylkeskommune vore ein av eigarane i Haugaland Vekst heilt sidan selskapet blei starta i 2003. Kommunestyret i Bokn skal ha saka til politisk handsaming i møte den 17. desember.

Ordføraren

 

Oktober 2013

Kjære sambygding!

Statsbudsjettet for 2014
Det siste statsbudsjettet frå den rød/grøne regjeringa blei lagt fram den 14. oktober. Dette budsjettforslaget er som kjent ikkje det endelege. I ein tilleggsproposisjon må Høgre-FrP-regjeringa innan 8. november fremja forslag til budsjettendringar for Stortinget. I fylgje den nye kommunalministaren, Jan Tore Sanner (H), vil likevel den nye regjeringa freda kommunane sine inntekter neste år. Kommunalministaren er tydeleg på at inntektssystemet til kommunane ikkje skal endrast nå, og at kommunane skal få behalda inntektsveksten dei rød/grøne har foreslått.

I statsbudsjettet er det lagt opp til at kommunane i Rogaland får ein auke i den frie inntekta på 5,1 % - dette utgjer om lag 1309 millionar kroner. Frå 2013 til 2014 er det på landsbasis ein auke i kommunane sine frie inntekter på 4,7 %. I Rogaland har 15 av 26 kommunar vekst som er høgare enn auken på landsbasis. Størst auke har Strand kommune med 7,6 %, mens Bokn får ein auke på solide 6,4 %, noko som inneber godt og vel 3,6 millionar kroner ekstra i statlege overføringar for 2014. I tillegg får Bokn kommune 300.000 kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. I forhold til statsbudsjett i fjor der Bokn kommune kom sist i Rogaland, er me i år godt nøgde med ei plassering i fylkestoppen.

Men Bokn kommune har fått store økonomiske utfordringar når det gjeld pleie- og omsorg og skule/barnehage og med oppstart av svært kostnadskrevjande tiltak som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet. Kostnadane er berekna til om lag fem millionar kroner i 2014. Dette er kostnadar som det er vanskeleg for ein liten kommune å finne dekning for i budsjettet. Difor blei det søkt om ekstra midlar frå staten, såkalla skjønnsmidlar. Men dei 300.000 kronene Bokn kommune får, strekk ikkje på nokon måte til. Heller ikkje auken i vanlege overføringar på 6,4 % dekkar dei ekstra kostnadane.

Kommunebudsjettet for 2014 vil difor truleg innehalda både innstrammingar og omprioriteringar. Rådmannen legg fram sitt budsjettforslag i byrjinga av november, og kommunestyret gjer vedtak den 17. desember.

Grunnlovsjubilèet 1814-2014
I desse tider kjem demokratijubilea på laupande band: I 2012 blei 175-års jubileet for Formannskapslovene og innføring av lokalt sjølvstyre markert, den 11. juni i år var det 100 år sidan norske kvinner fekk full stemmerett, mens den 17. mai 2014 er det 200 år sidan Grunnlova blei vedtatt av riksforsamlinga på Eidsvoll. Den siste vil bli markert og feira på ulike vis, både lokalt og nasjonalt til neste år der mange instansar og ressursar tek del.

Logo, Grunnlovsjubileet.

Det historiske valet i 1814 blei gjennomført 25. februar, og dette blir truleg startskotet for jubileumsåret i Rogaland. Biskopen oppmodar dei ni prostia i bispedømmet om å laga eigne program i kyrkjene sundag den 23. februar 2014 for å markera hendinga. I Stavanger, der dei historiske bygningane Rosenkildehuset og Domkyrkja framleis står, vil dette blir grundig markert. Også i Bokn er ein i gang med å planlegga jubileet og feiringa av 17. mai vil vera det naturlege tidspunktet å markera jubileet på. Elles blir det lagt opp til ei stor markering knytt til riksmonumentet Haraldstøtta i Haugesund den 7. juni. Denne markeringa er ein del av det nasjonale programmet for jubileumsåret.

Den norske Grunnlova er fundamentet for utviklinga av folkestyret i Noreg, og lova har vist seg å vera meir levedyktig enn andre konstitusjonar som blei laga i Europa i dei tidene. Den norske Grunnlova er Europas eldste og verdas nest eldste gjeldande konstitusjon blant dei moderne revolusjonsforfatningar, og er i dag eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.

Jubileet i 2014 skal styrka medvitet kring Grunnlova i dag og kva rolle ho skal spele i demokratiet framover. Når jubileet skal feirast til neste år, er det ikkje bare for å sjå tilbake . I den grad Grunnlova er viktig for Noreg sin identitet og utvikling som liberalt demokrati, må ho formidlast på ny til komande generasjonar. Slik sett kan jubileet bli ei investering for framtida.

Ordføraren

 

September 2013

Kjære sambygding!

Betre vegar
I haust har merkedagane stått i kø for alle som er opptekne av vegar og infrastruktur i lokalområda. Og endå er det mykje spennande i vente når det gjeld nye vegutbyggingar- og utbetringar. Det etterlengta T-sambandet opna den 5. september og har allereie endra kjøremønsteret på Haugalandet, ikkje minst for boknarane. Og Haugalandspakken, utbyggings- og finansieringsplanen for transportsystemet på Haugalandet, runda ein milepel den 24. september då det nye planfrie krysset på E134 ved Førresbotn i Tysvær kommune blei opna. For oss boknarar er det vel så viktig at eit nytt krabbefelt på E39 ved Susort blir opna i løpet av vinteren 2014.

Opning av nytt kryss på Førre 24. september.

Men vegaktiviteten i Bokn held fram også i åra som kjem. I veke 39 fekk me vita at utbetring av Ognøykrysset er lagt inn i handlingsplanen til Nasjonal Transportplan (NTP). Med det vil eit problempunkt på dagens E39 bli utbetra med statlege midlar. Elles skal reguleringsplanen for Føresvikvegen behandlast i kommunestyremøte den 1. oktober. Statens vegvesen har sett oppstart for bygging av Føresvikvegen til perioden 2014 – 2016. Vegvesenet vil nå laga eit overslag på prosjektet og utarbeida byggeplanar, som ein satsar på skal vera ferdige til sommaren 2014.

Når det gjeld Rogfast, legg Statens vegvesen i samråd med Bokn kommune opp til at ny ilandføring i Bokn kan avklarast gjennom reguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Det vil vera fleire moglege løysningar for tunnelpåhogg og veg i dagen. Og etter ein høyringsrunde vil det bli bestemt kva alternativ som vil bli vald.  Det blir lagt opp til at fastsett planprogram skal vera klar våren 2014 og vedtatt plan i løpet av fyrste halvår 2015.

På Haugalandet er me altså inne i ein periode med høg aktivitet i vegsektoren. Stadig fleire delar av vegkorridorane på Haugalandet får nå høgare standard, tiltak som knyt regionen tettare saman og som gjer Haugalandet til ein meir robust bu- og arbeidsmarknad. Effektiv transport er ein føresetnad for velferd og økonomisk vekst, og gjera regionen meir attraktiv.

TV-aksjonen 2013
TV-aksjonen til NRK går i år til Nasjonalforeningen for folkehelsa og arbeidet med demens. Over 70 000 menneske har demens i Noreg, og talet vil auka sterkt dei komande åra. Ein reknar at talet på menneske med demens vil doblast dei neste ti åra. Ein veit ennå lite om årsaker, behandling og medisinar. Per i dag manglar det vaksine og behandling som kurerar demens.  

TV-aksjonen skal gi eit løft til forskinga slik at demensgåta kan bli løyst. Det innsamla beløpet skal mellom anna bidra til å styrka tilbodet til menneske med demens og deira pårørande. Ein ynskjer å utvikla medisinar slik at det blir mogleg å hindra utvikling av sjuk dommen, men også å gi personar med demens eit verdig liv og ein betre kvardag.

I fjor blei det ny innsamlingsrekord i Bokn i samband med TV-aksjonen. Eg trur årets tema er noko som treff godt og som mange er opptekne av. Minst 300.000 er næraste pårørande til ein demenssjuk. Eg håpar aksjonen også er med å setje fokus på ein diagnose som dei fleste fryktar.

Du kan gi ditt bidrag når bøssebærarane kjem på døra di, men det er også viktig å støtte opp om dei ulike arrangementa som vil bli gjennomført fram mot sjølve aksjonsdagen den 22. oktober. Spesielt vil eg oppmoda næringslivet i Bokn til å gi sitt bidrag på giverstafett.no. Du kan også melda deg som bøssebærar.

Ordføraren

 

August 2013

Kjære sambygding

Ny vår for Bokn bygdemuseum
Bokn kommune har ei stor museumssamling utstilt i det gamle ungdomshuset på Håland. Eldsjeler frå Bokn samla opp gjennom 70- og 80-talet om lag 4000 gjenstandar som i dag er stilt ut og ordna slik at ein får eit breitt bilete av det gamle Bokn. Dessverre har besøkstala dei siste åra gått nedover og nådde botn i fjor då ingen(!) besøkande var innom museet på Håland.

Bokn historielag sørga for sommarope museum i år.

Dette endra seg i sommar då Bokn Historielag tok initiativ til å halda ope tre timar på sundagane i sommarmånadene. Medlemmer frå historielaget stod for omvisning, og tett på 100 personar tok turen innom museet. Dette viser at det er både interesse for å sjå museumssamlinga, og grunnlag for å ha sommarope. I tillegg ligg museet tett på Boknafjellet, som er turdestinasjon for om lag 3000 personar i året. Med tilrettelegging og informasjon kan ein få distriktets sundagsturistar til å legga turen innom museet vårt. I tillegg vil eg oppmoda ulike institusjonar i Bokn, slik som skule, barnehage og dagsenter, om å besøke samlinga.

Eg vil takka Bokn Historielag for initiativet og innsatsen dei gjorde i sommar, og håpar tilbodet kan vidareførast også neste sesong.

Stortingsvalet 2013
Det stundar mot nytt Stortingsval og om lag 3,5 millionar nordmenn med stemmerett har den 9. september høve til å avgjere kva retning landet skal ta dei neste fire åra. Valkampen er intens, og kanskje endå meir intens etter åtte år med den same regjeringa. To veker før stortingsvalet er det bevegelse i opinionen, men ingenting er avgjort. Me veit ikkje kva regjering me får, eller korleis styrkeforholdet mellom partia blir.

Berre tre stortingsval etter den andre verdskrigen har hatt lågare eller same valdeltaking som stortingsvalet i 2009. Det gjeld vala i 2001 (med den lågaste deltakinga sidan 1927), i 1993 og i 1945, då deltakinga var på same nivået som i år.

Mange har lett for å tru at når ei demokratisk styreform er innført, så er ho sikra ein gang for alle. Verdshistoria visar at dette ikkje er tilfelle. Demokratiet må pleiast, haldast ved like og utviklast slik at det tilpassar seg samfunnsendringane. Dette krev deltaking, helst frå alle innbyggarane.

Ved Stortingsvalet i 2009 valde 81,1 % av boknarane å bruke stemmeretten sin. Dette er mykje, når valdeltakinga på landsbasis var 76,4 %. Eg vil oppmoda alle boknarar med røysterett, og spesielt fyrstegangsveljarane, om å møte opp på Boknatun den 9. september for å røysta. Den 11. juni i år var det hundre år siden norske kvinner fekk full stemmerett på lik linje med menn. Gjennom å gjera borgarplikta denne hausten, er du med å markera denne hendinga på ein verdig og god måte, samstundes som du pleier demokratiet.

Godt val!

Ordføraren

 

Juni 2013

Kjære sambygding

Slakare Rogfast-tunnel
Statens vegvesen bestemte i veke 24 at Rogfast skal byggast med maks fem prosent stigning opp til Arsvågen i staden for sju prosent som tidlegare planlagt. Dette betyr at planane for Rogfast må omarbeidast i Bokn kommune. I samarbeid med Bokn kommune kjem Statens vegvesen difor til å starte ein ny reguleringsprosess for E39 i Bokn. Maks fem prosent stigning betyr at tunnelen blir vel ein kilometer lenger. Prisen blir om lag 400 millionar kroner høgare med denne løysinga. Tunnelarmen til Kvitsøy blir uendra med sju prosent stigning.

I området ved Høghaug kan det bli nytt tunellinnslag for Rogfast.

Noko av grunngjevinga for denne avgjerda, knyt seg til tunnelsikring. I fylgje Statens vegvesen vil ei redusert stigning føre til 20 prosent færre brannar eller tilløp til brannar i tunge køyretøy i tunnelen. Den samla ulykkes- og dødsrisikoen er berekna å bli redusert med rundt fem prosent.

Sjølv om avgjerda om stigningsgrad blei tatt seint i prosessen, vil det bli openberre fordelar for boknasamfunnet med ein slakare tunnel opp til Bokn. Ein kortare del av vegtrasèen vil gå i dagsonen, det vil bli henta ut meir tunnelmasse som kan brukast til samfunnsnyttige formål i Bokn og andre stader og det er eit førebyggande tiltak i forhold til brann- og redning. I tillegg vil områda ved Are/Arsvågen få ein større planmessig verdi når trafikken går utanom desse områda. Statens vegvesen kjem til å jobbe for å nå målet om opning av Rogfast i 2023.

Kommunestruktur
Eg tok i veke 26 initiativ til eit opprop der 107 ordførarar åtvara styret i KS mot å gå inn for tvangssamanslåing av kommunar. Bakgrunnen for dette var eit utspel i media der KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen gir uttrykk for at dagens kommunestruktur ikkje er hensiktsmessig og kor hovudstyret i KS ville behandla eit forslag til vedtak der organisasjonen ber Stortinget treffa ei rask prinsippavgjerd om omfattande tvangssamanslåing av kommunar.

Dette er uakseptabelt for ein medlemsorganisasjon i ei sak som ikkje har vore til behandling i medlemskommuneane. Det einaste fylkeslaget som har hatt denne saka ute til behandling i kommunane, er Nord-Trøndelag. Dette fylkeslaget gjekk klart mot ein prosess med omfattande tvangssamanslåingar. Bruk av tvang er den mest skadelege måten å endra kommunekartet på.

I dag er det 428 kommunar i Noreg. Debatten om kommunekartet, har gått i årevis. Også i denne saka handlar det om å skaffa seg definisjonsmakta, kampen om sanninga. Ein høyrer ofte at «større kommunar vil tvinge seg fram». Kommunaldepartementet seier at dagens kommunestruktur ikkje er eit problem og heller ikkje står i vegen for dei utfordringane ein har i kommunesektoren. Med tettare interkommunalt samarbeid vil ein løysa dei
viktigaste utfordringane i sektoren.

Viss Stortinget ein dag skulle gjere vedtak om å endre kommunekartet, ventar eg at storsamfunnet og dei styrande prosessane går fram med varsemd og gjennomførar grundige og demokratiske prosesser i forkant. Det er uansvarleg å starta med ein prinsipiell tilslutning til ei reform utan konkret innhald. Uansett skal den regjeringa som går laus på arbeidet ha stor kraft i seg og politisk vilje for å gjennomføra ein slik gigantreform. Spørsmålet blir om ei slik regjering blir sitjande lenge nok til å kunne gjennomføre jobben?

Ordføraren

 

Mai 2013

Kjære sambygding

Utsetjing av Rogfast?
Forvaltningsstyret i Bokn hadde den 17. april oppe reguleringsplanane for Rogfast og sendte saka til kommunestyret med ei positiv tilråding. Etter planen skulle saka opp i ekstraordinært kommunestyremøte den 28. mai. Den 15. mai mottok Bokn kommune brev frå Statens vegvesen med ei oppmoding om å utsetja behandlinga av reguleringsplanane for prosjektet.

Arsvågen i Bokn.

Bakgrunnen for dette er ein risikoanalyse som Statens vegvesen har gjennomført i forhold til stigningsforholda i Rogfast-tunnelane, men sidan vegstyresmaktene endå ikkje har konkludert når det gjeld krav til stigning, ynskjer Statens vegvesen å venta med sluttbehandlinga av reguleringsplanane.

I dei opphavlege reguleringsplanane var det lagt til grunn eit stigningsforhold på 7% i det brattaste partiet, om lag tre kilometer opp mot Bokn. EUs tunneldirektiv seier at det maks skal vera 5% stigning i slike tunnelar. Direktoratet vurderar nå om Noreg skal søke fritak frå EUs tunnelsikringsdirektiv for å få lov til å bygga Rogfast med sju prosent stigning. Alternativt må det lagast ein ny reguleringsplan med maks fem prosents stigning i tunnelane opp til Bokn. Dette inneber i så fall at Statens vegvesen må gjennom ein ny reguleringsprosess, noko som kan forseinka oppstarten med inntil to år. Kostnaden er om lag 300-500 millionar for tre kilometer ekstra tunnel.

Spørsmålet om stigningsforholda i tunnelane er tatt opp både i referansegruppa for Rogfast og med prosjektleiinga i Statens vegvesen og ein var godt kjend med nemnde EU-direktiv. Statens vegvesen har vist til at EU-direktivet seier maks fem prosent stigning «der det er geografisk mogleg». Dette har blitt tolka som at det ikkje gjeld undersjøiske tunnelar, og at desse difor kan ha sju prosent stigning. Bokn kommune har lagt dette til grunn.

Bokn kommune ventar nå på ei avgjerd frå Vegdirektoratet i Oslo. Det er sjølvsagt uheldig viss prosjektet blir utsett. Likevel er det slik at ein må gjere dei planmessig rette grepa i eit vegprosjekt som skal ha ein samfunnsmessig svært viktig funksjon i denne landsdelen dei neste 200-300 åra. Ein ny reguleringsplan kan innebere at tunnelinnslaget blir flytta lengre nordover i Bokn kommune. For Bokn er det bare bra at ein mindre del av E39 skal gå i dagsonen.

Bokn kommune får elles del av ansvaret for brann- og sikring i tunnelane, og ynskjer difor å planlegge på ein måte som reduserar farane ved å kjøre i Rogfast. Beredskapsmessige forhold tilseier såleis at det kan vera eit avbøtande tiltak å planlegga for 5%-stigning då me veit at dette til eksempel kan redusera faren for varmgang i bremsene på vogntog.

Eg håpar Vegdirektoratet er snare til å konkludera slik at dei plan- eller søknadsprosessane som må til, kan setjast i gang. Det gjeld om at ei eventuell utsetjing av prosjektet blir så kort som mogleg!

Ordføraren

 

April 2013

Kjære sambygding

Busstilbodet til Bokn
Den strategiske plasseringa Bokn har i Rogaland og ved hovudstamvegen på Vestlandet, har sidan 1991 gitt oss eit framifrå kollektivtilbod. Kolumbus har i hovudsak tre lokalruter i Bokn i dag. I tillegg har ein eit døgntilbod til Stavanger, Haugesund og Bergen: Norway Bussekspress si Kystbuss-rute. Eit tilsvarande tilbod har Nettbuss «Bus4you» som starta opp rutetrafikk i 2012. I samband med opninga av T-sambandet opprettar begge busselskapa nye ruter til Karmøy også til glede for boknarane.
Boknaungdommar har fleire gonger vend seg til meg med ynskje om eit nattbusstilbod frå Haugesund til Føresvik i helgene. Eit slikt tilbod var det tidlegare i Bokn, men på grunn av låge passasjertal blei det lagt ned. Etter å ha tatt saka opp med Kolumbus blir det frå 22. juni starta ei prøveordning med nattbussavgangar til Føresvik.

Det er svært positivt at busstilbodet til Bokn blir utvida. Det er godt nytt for ungdommane som har sakna eit slikt tilbod, og nye ruter gjer Bokn litt meir attraktivt for folk som kan tenkja seg å flytta til bygda. Dess fleire som brukar det nye busstilbodet dess større sjansar er det for at tilbodet held fram permanent også etter evalueringa på nyåret 2014.

T-sambandet
Den planlagde opninga av T-sambandet 29. mai er no utsett. Statens vegvesen treng nemleg noko meir tid for å bli ferdige med Karmøytunnelen. I desember 2012 blei det oppdaga svelleleire i denne tunnelen. I tillegg er det oppdaga feil i 151 overvakingskamera, og desse må bytast ut. I skrivande stund er det ikkje satt ny opningsdato, men mykje tyder på at dette kan skje i august.
Mange blei som meg skuffa over denne meldinga. T-sambandet vil samla Haugalandet på ein ny måte og bidreg til ein samla bu- og arbeidsmarknad på nordsida av Boknafjorden. Særleg vil sambandet bety mykje for oss boknarar som får redusert køyretid- og avstand til både Haugesund og Karmøy.

Prosjektet hadde gode tidsmarginar, difor var det synd at desse problema oppstod så nær opningsdagen. Dette er likevel ikkje uvanleg i store prosjekt, og i dette tilfellet er det snakk om sikringsanlegg som ikkje fungerar som det skal. Det ville ikkje vore ansvarleg av Statens vegvesen å opna veganlegget så lenge dei ikkje kunne garantera ein trygg tunnel. Ingen av dei reisande ville vore tente med det.

Eg er viss på at vegvesenet set inn det som trengst av ressursar for at utsetjinga blir så kort  som råd. Og til ny opningsdato er fastsett, får me gleda oss over at skudenesbuen får behalda ferjesambandet sitt nokre månader til.

Endeleg vår
Endeleg ser det ut for at våren er komen til Bokn. I Sørreisa i Troms seier dei at om skaren ber til St. Hans, då blir det sein vår. Så ille blei det ikkje hjå oss. Mai-biletet til Marie Vågshaug i Boknakalenderen illustrerar på ein god måte korleis månaden bør sjå ut på desse kantar. Dei gule ekrene har fått tilbake grønfargen og påskeliljene strekk seg noko nølande fram frå vegskråningar og blomebed. Det blei ein lang, kald, men fin vinter i år. Det knyt seg nå spenning til om barfrosten har gjort merkbare innhogg i brunsniggel- og hanntikke-bestanden og kva han har gjort med grasrøtene.

17. mai er rett rundt hjørnet, og kjem like brått på som i tidlegare år. Eg håpar våren får satt seg skikkeleg framover, og at boknarane får oppreising for ein kald vinter med ein tilsvarande varm og fin sommar. Eg vil ynskja alle lesarane ein strålande nasjonaldag.

Ordføraren

 

Mars 2013

Kjære sambygding

Rogfast
Torsdag 07.03.13 fekk me meldinga om at regjeringa rår Stortinget til å gå for Rogfast når Nasjonal Transportplan skal handsamast før sommarferien. Det inneber at det viktigaste samferdsleprosjektet på Vestlandet nokon gong er vedtatt - ei historisk hending for landet og landsdelen og ikkje minst for kommunen vår. På ny skal me bli «landfaste» - denne gongen sørover. Regjeringa vil ha ein ferdig opprusta og ferjefri vei mellom Kristiansand og Trondheim innan 20 år, totalt sju fjordkryssingar, og oppstarten vil skje i Rogaland.

Rogfast blei feira med kake på Folkets Hus i Stavanger. F.v: Jan Håvard Hatteland (NHO Rogaland), Harald Minge (Næringsforeningen), Tom Tvedt (Ap), Eirin Sund (Ap), Øystein Hansen (LO) og Kyrre Lindanger.

Regjeringa legg opp til byggestart seinast innan 2015. Difor vil rigging av anleggsområdet i Arsvågen starta opp alt neste år. Anleggsarbeidet vil prega kommunen vår dei neste sju-åtte åra, og bety arbeidsplassar, auka aktivitet og omsetnad for det lokale næringslivet.
Opplegget til regjeringa inneber at bilistane skal betale ni av dei ti milliardar kronene prosjektet kostar, mens staten bidreg med tiandeparten. Avgjerda om ein ferjefri E39 heilt til Trondheim betyr også planleggingsmidlar for prosjektet.
Rogfast vil binda saman fylket på ein ny måte, samstundes som det opnar for eit felles bu- og arbeidsmarknad med Bokn sentralt plassert midt i det som samferdselsminister Liv Signe Navarsete omtalar som «Gullkysten». Vestlandet er den mest eksportretta regionen i Noreg, og dette faktum har nok veid tungt i tautrekkinga om samferdslemidlar i regjeringa. Med gjennomføringa av Rogfast vil vekstkrafta i denne delen av landet bli endå meir styrka.

Endeleg fiber
Bokn kommunestyre gjorde 19. mars samrøystes vedtak om å bygga ut fiberbasert breibandsnett i Bokn kommune. Med det får boknasamfunnet på plass eit viktig og etterlengta infrastrukturtiltak. Arbeidet med å føra fiber til Bokn har føregått i fleire år. Arbeidet blei intensivert i førre periode, og førebuing av saka starta raskt opp denne perioden. Kommunestyret har seinare bedt om at saka blei gitt prioritet. Eg opplever at det har vore brei politisk semje om å få fiber til Bokn. Også det lokale næringslivet har etterspurt nettbasert fiber i bygda.

Etter anbodskonkurranse hausten 2012 sat Bokn kommune igjen med to tilbydarar, og prosessen gjekk over i forhandlingar. Anbodet var elles unikt ved at ein kommune ber om pris på utbygging av breiband til heile kommunen, det vanlege er framføring av fiber til kommunale bygg. Med vedtaket i kommunestyret legg ein opp til at alle husstandar, verksemder og fritidsbustader i Bokn får tilbod om fiber.

I vår digitale kvardag blir det nærast tatt for gitt at kommunane kan tilby fiber til innbyggarar og verksemder. Haugaland Kraft får nå Bokn i porteføljen sin, og det var sjølvsagt viktig å få den siste kommunen i regionen deira med på fiberkartet.

Dette er eit framtidsretta og positivt prosjekt for boknasamfunnet, og er særs viktig i marknadsføringa av bygda. Fiber til Bokn vil sikra oss eit stabilt høgkapasitetsnettverk som syter for at bygda heng med i utviklinga framover og står fram som eit attraktivt område for næringsliv og private husstandar. Attåt betyr dette svært mykje for mellom anna Bokn skule og Bokn kommune som offentlege institusjonar. Eg ser fram til samarbeidet med Haugaland Kraft og gleder meg til å få på plass det siste leddet i ein moderne infrastruktur.

Ordføraren

 

Februar 2013

Kjære sambygding

Barnehageutbygging
Kommunestyret godkjente i møte den 5. februar utbygging av ei tredje avdeling i Bokn barnehage. Prosjektet har ei kostnadsramme på 4.900.000 kroner, og arbeidet startar opp så snart byggesøknaden er godkjent. Etter planen skal den nye avdelinga vera klar til bruk når eit nytt barnehageår startar til hausten. Den nye fløya blir om lag 200 m2, knytt til eksisterande bygg og plassert mellom skulen og barnehagen. Den nye avdelinga får eigen inngang, samstundes som dagens gangveg blir lagt om. Det blir opparbeidd eit noko større uteområde knytt til barnehageutvidinga. I romprogrammet er det garderobar for både barn og personale, gruppe/møterom, lager, stellerom og WC/dusj, i tillegg til eit nytt, stort leikeområde ute.

Den nye barnehageavdelinga blir bygd mellom eksisterande barnehage og Bokn skule. Dagens gangveg blir lagt om i ei sløyfe frå parkeringsplassane i nord og opp til skuleplassen.

Dagens barnehage er, etter ved-tektene, godkjend for 60 plassar, inklusiv utebarnehage. Etter utvidinga vil kapasiteten auke til 84 plassar. Med gjennomføringa av dette prosjektet, har Bokn kommune løyst den akutte plassmangelen ved barnehagen dei siste åra. Etter prognosane vil ein ha dekka behovet for barnehageareal for dei komande åra.

Fylkesutvalet på Bokn-besøk
Utkastet til ny kommuneplan har dei siste månadene vore ute på høyring. Difor blei det den 21. januar halde møte og synfaring med Fylkesutvalet og administrasjonen i Rogaland fylkeskommune. Administrasjonen i fylket hadde innstilt på fleire motsegner i forhold til  forslaga ute på høyring, og difor ynskte fylkespolitikarane å ta turen til Bokn for med sjølvsyn å vurdera dei aktuelle områda. I hovudsak var det snakk om område foreslått sett av til bustad- og næringsformål i områda Føresvik, Alvestad og Austre Bokn.

Samtlege Rogalandsordførarar samla i Stavanger 9. januar.

Både næringsliv og politikarar i Rogaland har dei siste åra peika på behovet for fleire bustader og område sett av til næringsformål i fylket, og også for Bokn. I forslaget til ny kommuneplan har ein forsøkt å balansera omsynet til offisielle, men heller forsiktige folketalsframskrivingar med dei synergiane ein meinar at T-sambandet og Rogfast vil gje. Det har vore krevjande for lokalpolitikarane våre, men me meiner forslaget er både balansert og truverdig, spesielt i forhold til regionale styresmakter. Utfallet etter den politiske handsaminga i Fylkesutvalet den 22. januar tyder på at ein trefte godt med argumentasjonen då dei fleste motsegnene i forhold til bustad og næring etter vedtak blei fjerna, og det set eg stor pris på.

Fylkespolitikarane på Bokn-synfaring. F.v. fylkesplansjef Christine Haver, fylkesordførar Janne Johnsen, kommuneplanleggar Hans Faye og næringssjef Inger. K. Haavik.

Når det gjeld Fylkesmannen, er det ein lengre veg å gå i forhold til motsegner. Men me er positivt innstilt og har god tru på at me gjennom dialog, synfaring og eventuelt mekling skal kunne få gjennomslag for store delar av dei forslaga som ligg inne i kommuneplanen. Bokn blir om nokre år truleg vertskommune for eit av dei største samferdsleprosjekta på Vestlandet nokon gong. Det fører også med seg ulemper, slik som ein stadig auke i trafikken på E39 som utset boknarane for støy, forureining og større fare på vegen. Difor meiner me at  storsamfunnet bør bidra til at boknasamfunnet kan leggja til rette for vekst, og elles ta del i den flotte utviklinga i Rogaland.

Ordførarmøte
Stavanger Aftenblad skildra det som historisk då alle ordførarar i Rogaland, etter initiativ frå ordføraren i Stavanger, var samla til møte i fylkeshovudstaden den 9. januar. Tidspunktet føltes rett i ei tid der Rogaland har vekstprognosar som peikar rett til vêrs. Veksten i 2012 var for Rogaland 7,3%, medan den for landet elles låg på 5,7%. Dette opnar for store moglegheiter i rogalandskommunane, men også utfordringar.

Som nemnd tidlegare i artikkelen, har fylket store utfordringar, spesielt knytt til bustad og næring. Dette gjeld også for vår kommune. Samstundes opplever ein at sakshandsamingstida i det offentlege bare aukar og er i ferd med å bli ein alvorleg flaskehals for utviklinga. Den nye plan- og bygningslova som blei innført i 2009, auka til dømes sakshandsamingstida med 2,5 år.

På ordførarmøtet drøfta ein korleis utfordringane kan løysast ved å løfte saman, og korleis ein kan bli flinkare til å tenke på fylket som region og ta tilbake Rogaland som omgrep, samstundes som ein gjennom dialog med regionale styresmakter i eit raskare tempo kan opne nye utbyggingsområde. På Nord-Jæren blir det snakka om eit behov for 3000 nye husvære i året, samstundes som ein må dekka inn eit stort etterslep. Kan det tenkast at Bokn i enkelte tilfelle kan vera løysinga på Nord-Jæren sine utfordringar?
Eg ser positivt på initiativet frå Stavanger om å skapa ein møteplass for den politiske leiinga i rogalandskommunane, samstundes som eg også er klar over at dei, når det kjem til stykket, ofte er konkurrentar. Gamle motsettingar kan raskt kome til overflata når ein skal ta avgjerder. Men i forhold til regional politisk planlegging, vil nok mange meine at det er logisk og fornuftig at ordførarane med jamne mellomrom set seg ned rundt det same bordet. Det kan kome både Rogaland og Bokn til gode.

Ordføraren