Ordføraren har ordet, år 2010

Kyrre Lindanger:

Desember 2010

Kjære sambygding

Budsjett 2011
Budsjettet for 2011 blei vedteke av kommunestyret den 14. desember og var eit fellesforslag frå partia. I driftsbudsjettet er det lagt opp til ei rekkje mindre tiltak, mellom anna innkjøp av utstyr til legekontoret og skifte av stolar i auditoriet på skulen. Vidare held me fram med å utvida opningstida til biblioteket, og opprettheld aktiviteten på musikkskulen. Det er løyvd pengar til nytt flomlysanlegg på Føresvik stadion, og sett av midlar til vidareføring av filmprosjektet som elevar ved Bokn skule har teke del i og som er i regi av Haugaland Vekst.

Elles blir det investert nær 5,3 millionar kroner mellom anna i overrislingsanlegg på sjukeheimen, utbygging av bustadfeltet i Fyrvegen og oppgradering av Føresvik indre hamn. I dei komande åra vil me også gjera store investeringar i vassforsyninga. Det inneber at offentlege gebyr og avgifter må aukast noko.

I Kommuneproposisjonen og Statsbudsjettet for 2011 har Stortinget lagt grunnlaget for den kommunale aktiviteten. Det viser ein grei vekst for kommunesektoren på landsbasis sjølv om media teiknar eit negativt økonomisk bilete. Kommunar over heile landet rapporterar om innsparingar og budsjettkutt.

I forhold til 2010-budsjettet er Bokn sin del er veksten i frie inntekter kalkulert til omlag 1,3 millionar kroner, eller 2,8 %. Likevel inneber ikkje dette nokon realvekst i budsjettet for neste år. Ei hovudårsak er endringane i småkommunetilskottet. Her har fleire kommunar fått ein reduksjon på omlag ein million kroner. Særleg har dette slått negativt ut for dei minste kommunane, ikkje minst Bokn.

Sidan 2005 har Bokn hatt ein eventyrleg inntektsauke. Men etter sju gode år fylgjer ofte sju magre år. Det ser ut for at me må stramma noko inn i tida framover. Bokn får dårlegare tal i 2011 enn for 2010. I forhold til den daglege drifta skal det gå greitt, men det vil skapa utfordringar når me skal til med større investeringar.

Satsing på barn og unge
Barn og ungdoms oppvekstvilkår er avhengig av langsiktige kommunale prioriteringar og god samordning av tenester og tilbod. Barne- og ungdomsarbeid har dei siste åra blitt eit sentralt politisk satsingsområde i Bokn, og i budsjettet for 2011 fylgjer me opp denne satsinga. Gjennom satsinga på folkehelsekoordinator/Kjekt på Bokn, Filmprosjektet, kulturskulen og biblioteket er det etablert ein flott plattform og eit godt grunnlag for at barn og unge skal trivast i Bokn.

Klikk for stort bileteJulegrana ved Boknatun. Jardar Havikbotn

Bokn kommune legg også vekt på eit godt tverrfaglege samarbeid mellom helsestasjonen, skulen og barnehagen. Spesielt helsestasjonen har ei sentral rolle i kommunens folkehelsearbeid. Gjennom helsefremjande og førebyggande arbeid, i tett samarbeid med skulen, barnehagen og, etterkvart, folkehelsekoordinatoren, vil me ha fokus på både psykisk og fysisk helse og sosiale forhold.

I tillegg er gode møteplassar, slike som biblioteket, bygdakinoen og fritidsklubben Petra, viktige for å sikra eit best mogleg oppvekstmiljø i Bokn. Gjennom målretta arbeid og satsing vil Bokn kommune ivareta og fremja bygda og ungdommen sine interesser. Ved at boknaungdommen vender tilbake til heimbygda etter enda utdanning vil kommunens næringsgrunnlag, omdømme og busetnad styrkast.

Satsing på barn og unge er ein langsiktig og viktig strategi for eit lite samfunn som Bokn. Dette er også viktig for motvirka marginalisering og utstøyting ved å fremja brei deltaking, også frå dei svakaste stilte av barn og unge. Lukkast me i dette, blir bygda meir attraktiv for utflytta boknaungdommar.

Medlemskap i Nordsjøvegen
Formannskapet vedtok 30.november å søkje medlemsskap i reiselivsselskapet Nordsjøvegen. Dette er eit samarbeidsorgan oppretta av og for kommunane langs kysten i Rogaland og Vest-Agder. Hovudformål er å fremja reiseruta frå Kristiansand i sør til Haugesund i nord.

Selskapet fremjar reiselivsnæringa i området gjennom felles marknadsføring, produktutvikling og andre fellesoppgåver. Sjølv om Bokn er ein liten kommune i reiselivssamanheng, er staden likevel eit viktig knutepunkt for reisande i regionen. Kommunen vil difor styrka denne posisjonen, spesielt når T-sambandet og Rogfast er realisert.

Det er naturleg at Bokn blir medlem i familien av Nordsjøveg-kommunar. Der vil Bokn kommune bli marknadsført i mykje større grad enn i dag. Gjennom annonser på fleire språk, stands og brosjyren ”Nordsjøvegen” vil me marknadsførast både innanlands og utanlands.

Boknakalenderen 2011
Klikk for stort bileteFramside, Boknakalenderen 2011. Brit Nortveit Voll

I arbeidet med å laga kalender for 2011 har redaksjonen teke omsyn til innspel i samband med dei tidlegare utgåvene. Engasjementet har vore stort og meiningane mange, men hovudinntrykket er at ein ynskjer fleire slike kalendrar. Eit ynskje har vore kalendrar med fleire bilete som er identifiserbare med Bokn og frå alle delar av kommunen. Ein har også tilpassa sjølve ”kalenderiet” slik at dette er meir brukarvennleg. Difor er formatet også justert ned. Resultatet ligg føre med denne utgåva av Bokn Bygdablad. Eg håpar produktet fell i smak.

Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år.

Ordføraren

 

November 2010

Kjære sambygding

Perspektivstudie
I samband med midla Bokn kommune fekk av Rogaland fylkeskommune til moglegheitsstudie for utviklinga i Bokn kommune etter realisering av Rogfast, blei konsulentselskapet Norconsult AS engasjert til å gjennomføre studien og føre han i pennen. Selskapet har brukt hausten til å identifisera moglegheiter og avgrensingar i Bokn kommune som fylgje av endra tilgang til omverda etter realisering av ferjefri kyststamveg mellom Nord-Jæren og Haugalandet. Resultatet ligg nå føre, og stadfestar stort sett det framtidsbiletet som blei teikna av Bokn på felles formannskapsmøte som blei gjennomført på Bokn 3. februar 2010.

Klikk for stort bileteFergekø Kyrre Lindanger

Studien viser at Bokn etter Rogfast truleg aukar potensialet sitt som attraktiv bustadkommune. Den viser såleis til erfaringar frå andre kommunar der folketalsauke har virka attraktivt på næringsetableringar. Utsiktene til vekst i Bokn avhenger av etterspurnaden etter tilgjengelege areal både til bustader og industri og korleis nærliggande stader utviklar seg. Mellom anna kan Slåttevik bli ein konkurrent til Bokn. Fordelane til Bokn er likevel at ein har eit komplett kommunesenter i Føresvik med alle viktige funksjonar på same staden.

Bokn er den næraste kommunen til Nord-Jæren nord for Boknafjorden. Med eit arealtilbod større enn etterspurnaden, vil dette kunne trekka til seg både menneske og næringsliv frå Nord-Jæren. Utfordringa ligg i å etablera tenestetilbod og funksjonar som stør opp om Føresvik som kommunesenter og som ein stad for lokal tenesteyting, samstundes som ein legg til rette for å dra nytte av den aukande gjennomgangstrafikken på E39.

Moglegheitsstudien konkluderar med at det er god grunn til å å rekna med at Rogfast vil vera positivt for Bokn. Den held likevel fram at det er uvisst koss og i kva grad Rogfast vil verka inn på Bokn kommune, og kva verknader det vil bli for arealbruk og senterstruktur i kommunen. Rogfast gjer det lettare å reisa til Bokn, men også lettare å kjøre forbi. Uansett vil Bokn kommune møta dei same utfordringane som dei fleste mindre kommunane; Koss kan ein gje innbyggarane eit godt tenestetilbod, gode oppvekstvilkår og ei sunn demografisk utvikling, på same tid som ein sikrar at kommunen har ein arealbruk og senterstruktur som gagnar innbyggarane?

I moglegheitsstudien til Norconsult lanserar ein omgrepet ”Haugalandsporten”, eit omgrep som knyt seg til områda ved Knarholmen. Her ser ein for seg etablering av maritime verksemder ved sjøen og knoppskyting i områda tett opp til E39 med etablering av bensin- og servicestasjon, kro, overnatting og butikk. Føremålet med ”Haugalandsporten” er at han skal vera lett tilgjengeleg for dei reisande og ha attraktive og naudsynte tenesteytingsfunksjonar som reisande vil etterspørja. Dette vil også vera viktige tilbod for nye verksemder i området og for boknarane generelt.

Med denne studien har me fått stadfesta gjennom ord og tal mykje av dei spennande framtidsprognosane Bokn blei førespegla tidlegare i vinter. Moglegheitsstudien vil vera eit nyttig og viktig politisk styringsverktøy dei komande åra, og vil også vera eit viktig supplement til regional plan for Haugalandet. Studien avdekkar mange spennande moglegheiter for Bokn kommune, og eg trur ein vekst i folketalet er ein god start og eit godt utgangspunkt for næringsutvkling, vekst og aktivitet i kommunen vår i tida framover.

Ordføraren

 

Oktober 2010

Kjære sambygding

Minibuss
Formannskapet vedtok samrøystes i møte 19. oktober å kjøpe inn ein minibuss som mellom anna skal stillast til disposisjon for lag og organisasjonar i Bokn. Spørsmålet om innkjøp av ein kommunal minibuss har stadig blitt tatt opp, både av politikarar og av innbyggjarane i kommunen. Minibuss har fleire ganger blitt spelt inn som eit av fleire trivselsfremjande tiltak i samband med
kommuneplankonferansar på byrjinga av 2000-talet. Også boknaungdommen har fleire gonger markert eit ynskje om eit slikt transportmiddel i kommunen.

Klikk for stort bileteMinibuss Ukjent

Behov og bruksområde for ein minibuss i Bokn er kartlagt og danna grunnlaget for den politiske saka. Lag, organisasjonar og kommunal verksemd blei kontakta for å danna eit bilete av moglege bruksområde. Utifrå tilbakemeldingane kunne ein kon-kludera med at det var eit breidt spekter av bruksområde ein såg for seg i høve ein minibuss.

Mellom anna ser ein for seg at ein minibuss vil vera eit flott tilskott til aktiviteten ved sjukestova ved at ein kan ta ibuarane med på utflukter. Også Dagsenteret og Psykisk helseteneste vil kunne nyttiggjera seg av ein minibuss i forhold til utflukter og transport frå og til Boknatun.

Fritidsklubben ”Petra” vil kunne ha stor glede av fellestransport i samband med kulturarrangement, kurs, friluftsturar, skiturar, kino, bowling, konsertar og klubbkveldar der arrangementet er i annan kommune. Til-svarande bruksområde gjeld også for organisasjonar som Bokn idrettslag, Bokn sanitetsforening, Bokn pensjonistforening og Bokn Røde Kors, for å nemne nokon.

Administrasjonen vil førebu innkjøp av minibus, som skal vera tilrettelagt for rullestolbrukarar, og utarbeida eit reglement i forhold til bruk og ansvar. Ein vil også vurdera om ein etter vedtekne kriteriar skal kunne opna for å leiga ut minibussen til private føremål.

Minibuss som blir stilt til disposisjon for lag og organisasjonar og kommunal verksemd, er blitt eit vanleg kommunalt tilbod i stadig fleire kommunar landet rundt. Utifrå tilbakemeldingane i Bokn, trur eg ein minibuss vil vera eit kjærkome tilbod også her, med mange bruksområde. I tillegg har det ein eigenverdi for boknaungdommen å kome til fotballcup i ”eigen buss”. Eg håpar dette tilbodet blir godt tatt imot, og at flest mogleg lag og organisasjonar ser seg tent med å bruke minibussen.

Barnevernssamarbeid
Dei siste 10 åra har seks av kommunane på Haugalandet, inklusiv Bokn kommune, delteke i prosessen med å etablera Haugaland Interkommunale Barnevernssamarbeid – BAS. I fyrste omgang var BAS eit treårig tidsavgrensa prosjekt som skulle gå ut 2002. Etter dei tre fyrste åra som prosjekt, vedtok kommunane å vidareføra BAS.

Styret i BAS har dei siste åra brukt lang tid og store ressursar på prosessen for å kunne legga fram eit felles forslag om etablering av eit fullintegrert barnevernssamarbeid for BAS-kommunane. Bokn kommune har vore ein av pådrivarane for eit samarbeid, som ville kunne ha utvikla seg til ei robust og stabil barnevernsteneste med stor fagleg utvikling hjå medarbeidarane og god kvalitet på barnevernsarbeidet. Med eit slikt samarbeid ville ein stå godt rusta til å møte stadig nye krav og arbeidsoppgåver frå statleg mynde, innføre eit fagområde som er tungt å driva for dei fleste kommunane.

Dessverre klarte ein ikkje å kome fram til eit forslag om etablering av eit felles barnevern for BAS-kommunane, mellom anna fordi ein møtte sterk fagleg motstand i ei av deltakarkommunane. Eg trur barnevernet og kommunane hadde alt å vinna på eit interkommunalt samarbeid, mellom anna fordi ein då kunne ha sikra eit kvalitativt godt og stabilt barnevern med høve til å auka kapasiteten på ressurssida. I tillegg kunne ein arbeida for å lettare kunne behalda og rekruttera fagfolk og auka kompetansen gjennom planmessig opplæring og utviklingsarbeid. Barnevernet er eit såpass ressurskrevjande tenesteområde, at nesten ingen av Haugalandskommunane framover vil makta å drifte dette åleine.

Det gledelege er at Tysvær kommune, i kjølvatnet av BAS, har opna for å inngå eit barnevernssamarbeid med Bokn, Sveio og Utsira. Ein opnar også for eit samarbeid når det gjeld PPT-tenesta. Bokn kommune har per i dag avtale med Tysvær kommune om kjøp av barnevernstenester. Dette er eit samarbeid som fungerar godt. Det er også dialog med sistnemnde for å få avtalefesta samarbeid når det gjeld PPT-tenester. Eg trur det nå er viktig å jobba for å inngå i eit robust samarbeid, framføre ei utbygging av eit eige barnevern. Spesielt med tanke på posisjonering i høve til den framtidige samhandlingsreforma.

Ordføraren

 

September 2010

Kjære sambygding

Gamle skule, kva nå?
Heilt sidan sentralskulen i Bokn stod ferdig i 1973, har den gamle skulen på Boknaberg vore samlingsstad for boknarar uansett alder. Den gamle skulen og området rundt har vore sentrum for mykje kulturell aktivitet, til dømes strikkekafè, veving, Yngres, Artep og paintball. Om kort tid skal også Bokn Gatebilklubb flytta inn i lokala til den gamle brannstasjonen.

Bygningen blei teken i bruk i 1951 og er nå prega av alder og aktivitet. Difor melder behovet for rehabilitering seg med aukande styrke. Det blei i 2009 løyvd pengar til vøling av underetasjen etter fuktskader. Ungdommane i Petra fritidsklubb gjorde då  ein flott dugnadsinnsats med å rydde ut av underetasjen. Bokn kommune tok kostnadane med å skifte ut innvendig røyropplegg.

Klikk for stort bileteKyrkjebygd kulturhus Jardar Havikbotn

Formannskapet hadde i vår synfaring. Spørsmålet melde seg då om kva ein vil med  bygningen. Kostnadene ved ei totalrenovering kan bli høge. Spørsmålet er om Bokn kommune skal investera store beløp i bygningen, eller om ein må sjå på andre løysningar. Bør ein til dømes legga bygget ut for sal?

I møte den 14.09.10 kom formannskapet fram til at drifta av kulturhuset inntil vidare skal halda fram og Petra ungdomsklubb kan bruka to av etasjane slik som dei vil. Dreneringa rundt huset skal ordnast, og lokala skal haldast i stand.
Formannskapet ynskjer at ungdommane sjølv skal ta del i dugnadsarbeid i samband med rehabilitering av underetasjen, og dei må aktivt delta i å samla inn delar av dei  midla som trengst. Bokn kommune vil på si side gå inn med sin del. Slik vil det framleis vera lys i lokala på Kyrkjebygd i åra framover, og boknaungdommen vil ha ein god samlingsstad.

Haugaland Vekst
Haugaland Vekst jobbar med næringsutvikling på tvers av kommunegrensene på Haugalandet, og fungerar som Bokn kommune sitt næringsapparat. Selskapet skal bidra til verdiskaping på Haugalandet og vera ein tilretteleggar for god kontakt mellom det offentlege og dei næringsdrivande. Eigarane er Haugesund, Tysvær, Bokn og Utsira kommune saman med Rogaland Fylkeskommune.

I desse dagar er det samtalar med kommunane Karmøy, Vindafjord, Sveio og Etne for at også desse kommunane skal bli medeigarar i selskapet. Ein bakgrunn for desse samtalane er vedtaket som blei gjort den 17. juni i Haugalandsrådet om å leggja ned rådet i den forma det har nå.

Dei fire kommunane som i dag vurderar medlemsskap, ser at det trengst eit slikt regionalt selskap. Ikkje minst er det behov for eit organ som kan ta vare på kommunane sine behov for samhandling i regionale saker innan næringsutvikling og andre aktuelle samfunnsspørsmål. Slik sett er Haugaland Vekst eit alternativ til felles regional satsing på Haugalandet. Haugaland Vekst organiserar allereie i dag ein del aktivitetar der alle haugalandskommunane er med. Døme på dette er skule/næringsliv og regional plankoordinering.

Desse drøftingane for å få utvida Haugaland Vekst er svært viktige for heile regionen.  Haugalandsrådet var ein viktig møteplass for ordførarar og rådmenn, men er altså ikkje meir. Det inneber at viktige strategidrøftingar må inn i nye rammer. Det me treng, er eit tungt, handlekraftig og operativt selskap som samlar alle haugalandskommunane. Gjennom Haugaland Vekst kan me etablera den drivkrafta, kontinuitet og framdrifta som trengst for å møta ein aukande konkurransen frå sterke regionar både i nord og sør.

Med alle kommunane samla i Haugaland Vekst vil Haugalandet få ein tydelegare profil og ein sterkare stemme. Ikkje minst kan Haugaland Vekst bli ein avgjerande faktor for å posisjonera regionen vår i samband med dei nye samferdsletiltaka som kjem.

Ordføraren

 

August 2010

Kjære sambygding

Omdømmebygging
NRK-profilen Dag Lindebjerg og Arne Larsen Økland gjorde 11. august strandhogg på Bokn med TV-team på slep. Dei kom sjøvegen og la til kai i Alvestadkroken med den innleigde skøyta ”Hardsjø” og blei teke godt i mot av mange boknarar. I løpet av ti produksjonsveker skal Dag Lindebjerg portrettera norskekysten frå Grense Jakobselv til Halden. Dei fire timane som var sett av i Bokn blei nytta særs godt med besøk både på Boknafjellet, Alvestadkroken og i Oksebåsen. Også ei rekkje andre kystkulturinnslag frå kommunen vår blei festa på film.

I samband med Stortingsmeldinga om lokal vekstkraft og framtidstru, er det peika på kor viktig det er å få til ei heilskapleg og god lokal samfunnsutvikling. Det å bygga eit godt omdømme betyr mykje for kommunen sitt arbeid med lokal samfunnsutvikling og i arbeid med å fremja bulyst.

Eg trur det er viktig for Bokn kommune å jobba systematisk med profilering og omdømmeprosessar for å få til auka tilflytting. Å bygga omdømme handlar om å bygga verdi. Det handlar om å ta tak i moglegheitene for å vera ein stad der folk vil bu, som folk snakkar positivt om og som er i stadig utvikling. Omdømmebygging startar med jakta på det unike i eigen kommune, og at me stillar oss sjølve spørsmåla: Korleis ynskjer me å framstå? Kva slags attraksjonar har me? Kva er me gode på? Kva er det unike hjå oss? Korleis kommuniserar me det? Og korleis gjer me alle innbyggarane klar over at dei har ei veldig viktig rolle i dette arbeidet?

Historien om eit lokalsamfunn kan forteljast på mange måter, men å få eksponert det beste Bokn har å by på av kystkultur- og natur på riksdekkande fjernsyn, er ein unik måte å bygga omdømme på. Meir enn 200 stader langs heile norskekysten hadde bedt om å få bli med i programserien, men berre helvta nådde opp. Og boknarane kjente besøkstida si godt, mobiliserte og viste eit flott engasjement slik at NRK fekk nett dei bileta me alle håpa på. Difor vil eg retta ein stor takk til alle som på ein eller annan måte stilte opp på denne viktige dugnaden og bidro til omdømmebygging av Bokn på riksdekkande fjernsyn i beste sendetid.

Noregscup i Trial                      
Laurdag 18. september arrangerar Pluggen motorklubb for andre gang Noregscup i Trial på Torland. Pluggen arrangerte Noregs Cup sist for to år sidan, og det på ein solid måte. Både publikum og utøvarar koste seg i bakkane på Torland og overtydde alle om at klubben også kan gjennomføra store arrangement i vår kommune. Eg set stor pris på at Pluggen tek på seg slike arrangement og på den måten marknadsførar både motorsporten og lokalsamfunnet.

Klikk for stort bileteTorland 2008. Kjetil Hamre

Slike arrangement krev stort og breidt engasjement og mange timars dugnadsinnsats ligg bak før dei fyrste trialkjørarane kan kjøra fram til startstreken på Torland. Men eg er sikker på at verdien er stor av å vera vertsskap for slike arrangement; ein opparbeidar seg kunnskap og erfaring rundt meisterskapsavvikling, utøvararne våre får røyna seg mot dei beste kjørarane i landet og det kjem alltid nokre kroner inn i klubbkassa til slutt.

Eg ser fram til mange spennande løp med utøvarar som vil gje publikum ei flott og spennande oppvisning på Torland i september. Spesielt kjekt blir det å fylgja våre lokale utøvarar gjennom dei ulike seksjonane.

Eg vil ynskja Pluggen lukke til med eit arrangement som set Bokn på kartet og håpar flest mogleg legg turen til Torland denne dagen for å få med seg flotte oppvisingar av både tilreisande og lokale trialutøvarar.

Ordføraren

 

Juni 2010

Kjære sambygding

Ambulanse
I samband med saka om ambulanse-tenesta og framtidig status og organisering av den akuttmedisinske beredskapen i Bokn, hadde Bokn kommune, representert med underteikna, rådmannen og seksjonsjef Helse, møte på Stortinget 14. juni for å drøfte problemstillinga vår.

I brev frå Helse- og omsorgsdepartementet fekk Bokn kommune opplyst at departementet arbeidar med ei ordning for båretransport av pasientar der ein differensierar mellom ambulansane og stiller ulike krav til kompetanse hjå ambulansepersonellet. Helsedirektoratet har i tildelingsbrevet for 2010 fått i oppdrag å foreslå nasjonale krav til ulike typar ambulansebilar og vurdera behov for endringar i regelverket.  Dette gjer ein for å legga til rette for at frivillege organisasjonar, og dømesvis Bokn kommune, skal kunne spela ei rolle i den akuttmedisinske kjeda.

I møtet med stortingsrepresentantane ba eg om at ein frå sentralt hald også tek omsyn til Bokn kommune sin modell for drift av ambulanseteneste og at ein i samband med gjennomgang av dei nasjonale krava til ambulansebilar også legg til rette for at ein i Bokn skal kunne gjera om dagens ”First responder” til ein ordinær ambulanse ved å tildela same status som ambulansane til dei frivillege organisasjonane i Noreg.

Eg håpar sentrale mynde nå prioriterar arbeidet med å legga til rette for alternative ambulansar som er ein viktig, og sannsynlegvis, avgjerande ressurs i den akuttmedisinske beredskapen i vårt desentraliserte land.

Føresvikvegen
Formannskapet godkjente i juni at forslag til oppgradering av Føresvikvegen skal leggast ut til offentleg ettersyn med eitt alternativ, det vil seia at ein fylgjer eksisterande trasè frå Knarholmen til Føresvik sentrum. Etter planen vil saka bli lagt ut på høyring i haust, og etterkvart som planen tek form vil berørte grunneigarar bli kontakta i høve utløysing av grunn. Ein legg opp til eit løp der ein kan få vedtatt endeleg plan seinast hausten 2011.
I tillegg til fire millionar kroner gjennom sekkeposttiltaka i Haugalands-pakken, har Rogaland fylkeskommune stadfesta at dei går inn med økono-miske midler tilsvarande Bokn kommune sin andel, det vil seia 4   millionar kroner. Dermed er i prin-sippet finansieringa for dette vegprosjektet nå på plass.

Føresvik hamn
Planarbeidet for indre hamn i Føresvik er nå på plass, og problem i høve til klausulerte områder er løyst. Det er gjennomført møter med berørte grunneigarar og velforeninga i Føresvik. På bakgrunn av innspel frå desse møta utarbeida Norconsult ei skisse til planløysing for oppgradering av kommunen si strandsone i indre hamn og i løpet av sommaren vil Bokn kommune henta inn pristilbod frå ulike entreprenørar. Ein satsar på å kome i gang med gravearbeida på seinsommaren.

Klikk for stort biletePlanskisse, Føresvik indre hamn. Ukjent

Planforslaget inneber at eksisterande fylling blir av slutta med ein steinmur som skal utgjera bryggefronten. Den opne strandsona mot Føresvikvegen blir oppretthalde og blir tilrettelagt som ein badeplass med betre tilkomst via steintrapper og terrasserte steinmurar. I tillegg vil det bli satt opp lys og   benkar. Prosjektet har ei kostnads-ramme på 500.000 kroner.

Hålandssjøen
Administrasjonen skal utarbeida fleire alternative framlegg til utbygging av Hålandssjøen. Formannskapet skal deretter velja kva utbyggingsalternativ ein skal jobba etter. Hausten 2009 blei det kjørt ut meir kjernemasse til sjølve moloen. I tillegg blei moloen plastra mot aust, og det blei deponert     plastringsstein i området for seinare bruk. Våren 2010 blei det i tillegg kjørt ut noko meir plastringsstein. Dermed er ein klar til å kunne ta i mot kjernemasse frå T-sambandet for å fullføra moloen etter dei opprinnelege planane. I fylgje Statens vegvesen vil dei begynna å transportera ut massene til Hålandssjøen seinast innan juni 2011. I mellomtida vil kommunen prøve å skaffe plastringsstein til innsida av moloen.

God sommar
Den sure nordavinden har førebels skapt vanskar for eit aktivt terrasseliv i boknaheimen, men eg håpar at juli byr på eit meir klassisk sommarvêr som gjer at me lettare kan møta vestlandshausten om nokre månader. Når fotball-VM er unnagjort og vinden har løya, ligg alt til rette for ein flott sommar med badeliv, fyr på grillen og lyse kveldar. Eg vil minna om høgdepunktet i sommar-Bokn som er marknadsdagen i Føresvik den 10. juli. Ta turen!

Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn bygdablad ein god og nordavindsfri sommar.

Ordføraren

 

Mai 2010

Kjære sambygding

Vårstemning
Me har endeleg rista av oss tre lange og kalde vintermånader og sola har så smått begynt å gje etterlengta varme til støle kroppar. Våren lot venta på seg, men endringa kom for alvor på sjølvaste nasjonaldagen. Det blei ei flott og tradisjonell 17. mai-feiring med ei boknabygd som viste seg frå si beste side.

Sommarhalvåret både kjem og forsvinn brått på våre breiddegrader. Allereie ved St. Hans snik det seg fram ei kjensle av at sommaren er på hell. Årets lengste dag representerar for meg også ei mental markering, slik som det også gjer i motsatt ende når sola ”snur” den 22. desember; dagane blir gradvis kortare og det går sakte men sikkert mot jul og mørkare tider.

Av denne grunn prøver eg etter beste evne å nyte desse mai og juni-dagane som flyr avgarde fram til skuleferien startar. Etter mi meining er det årets beste periode me er inne i nett nå; lange lyse kveldar, fjåge boknarar som stellar i hagane sine og båtliv i Boknasundet. Dette er også tida for å ta i bruk den flotte boknanaturen som byr på det meste av både fjord og fjell, skog og strand, lyng og hei. Prøv ein sundagstur til Bokn sin utpost i nord, Boknahåve. Kjekt på Bokn-gruppa ”Ta naturen i bruk”, har gjort ein solid jobb med å merka stier, skilta og setja ut benker langs trasèen. Både Bokna-fjellet, Vardafjellet og villmarka nord i Bokn er vel verdt eit besøk i denne flotte årstida.
 
Kommuneproposisjonen
I kommuneproposisjonen presenterar regjeringa politikken sin for kommunane og det økonomiske opplegget for kommunesektoren for det komande året. Framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2010 og kommuneproposisjonen for 2011 blei lagt fram 11. mai og bar preg av at regjeringa legg opp til mindre bruk av oljepengar. Dei nye talla viser likevel ei vidareføring av den raudgrønne satsinga på kommunane som har gitt 41 milliardar ekstra sidan 2005. Kommunane får mellom 4 og 5 milliardar kroner meir i samla inntekter neste år.

Klikk for stort bileteKommunal- og Regionaldep. sin profil. Jardar Havikbotn

Regjeringa legg også fram eit forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Regjeringa peikar på at dei objektive kriteria som seier noko om kor dyr ein kommune er å drive samanlikna med andre kommunar, ikkje har blitt oppdatert på om lag 15 år. På grunnlag av nye statistiske  analysar blir desse såkalla kostnadsnøklane endra slik at kommunane får inntekter etter dei utfordringane dei faktisk har i dag.

Dette betyr ein systemteknisk om-veltning med omsyn til berekning av kommunen sine inntekter og utgiftsbehov. Sentrale stikkord er innlemming av barnhagetilskotet i kostnadsnøkkelen, forslag til nye kostnadsnøkler og skatteandelen av samla inntekter blir reduserert fra 45 % til 40 %.

Så langt rådmannen kan sjå vil dette bety ei tilnærma uendra økonomisk situasjon for Bokn kommune sett i forhold til regjeringa sine føresetnader. Kommuneproposisjonen legg opp til ein effekt på -106 kroner per inn-byggar, omlag 86 000 kroner, som  fylgje av systemendringane, mens fyrste års virkning blir + 254 kr per innbyggar i Bokn, omlag 206 000 kr.

Dei siste åra har regjeringa auka småkommunetilskotet, noko som har har vore positivt for Bokn kommune. Sjølv om effekten er liten for neste år med nemnde systemendringar, likar eg  ikkje at ein nå gjer endringar med eit tilskott som er såpass viktig for Bokn og andre småkommunar. Men med den auken i folketalet ein har opplevd til nå i år og med positive folketals-framskrivingar for kommunen dei   neste åra, trur eg likevel systemendringane på sikt vil kunne slå positivt ut for Bokn kommune.

Ordføraren

 

April 2010

Kjære sambygding

Investeringsplan
Kommunestyret gjorde i møte den 13. april prinsippvedtak om brutto- og nettoinvesteringar for den neste fem-års perioden i Bokn. Bakgrunnen for dette er mellom anna dei nye framskrivingane Bokn kommune har blitt førespegla ved ulike høve dei siste månadene. Ei auke i innbyggartalet på mellom 1000-1500 personar dei neste 20 åra vil føra til store investeringskostnadar. For å møte desse utfordringane har ein difor funne det naudsynt å laga til gjennomtenkte investeringsplanar basert på eit ansvarleg økonomisk opplegg.

Bokn kommune står framfor fleire store investeringar, mellom anna innan samferdsel, vassforsyning, utbygging av nytt bustadfelt og ferdigstilling av molo i Hålandssjøen. Sjølv om Bokn kommune har forholdsvis høg lånegjeld i høve til andre Rogalands-kommunar, har ein også hatt ei god inntektsutvikling frå 2002 til 2010. Den økonomiske handleevna er styrka både som fylgje av sterkt redusert lånegjeld og ei styrking av disponibelt fond.
Med den vedtekne investeringsplanen tek ein høgde for investeringar på opp mot 23 millionar kroner dei neste åra.

I høve til ny fleirbrukshall vedtok kommunestyret i nemnde møte også å utreda moglegheita for å kombinera ein ny fleirbrukshall med ny skule. Bakgrunnen for dette vedtaket heng også saman med den forventa folketalsauken i Bokn kommune dei neste 20 åra. Slår prognosane til vil ein merke presset tidleg i høve til skulen. Allereie i dag har ein utfordringar i høve til areal ved Bokn skule. Politisk ynskjer ein difor å avdekka kva som er mest lønnsamt; å bygga ut nåverande skulebygg eller bygga heilt nytt.

Arbeidsgruppa som har jobba med å utreda ny fleirbrukshall det siste året har lagt eit godt grunnlag for kommunen. Dette er ei stor, viktig og spennande sak for kommunen vår. Samstundes har føresetnadane endra seg ein del undervegs. Det er difor viktig for kommunestyret å bruka den tida som er naudsynt for å treffa mest mogleg gode og framtidsretta vedtak. Dette gjeld mellom anna i høve til plassering, drift og romprogram.

Kommunestyret vil ta stilling til korvidt ein også skal prosjektera ny skule inn i ein fleirbrukshall innan sommarferien. Til den tid skal administrasjonen ha gått gjennom og kvalitetsikra dei økonomiske sidene ved eit slik prosjekt, basert på ein allereie utført moglegheitsstudie frå eit uavhengig konsulentfirma. I dette arbeidet skal ein også sjå på kva tilskott ein kan løysa ut frå det offentlege.

Kultursoge
Kommunestyret vedtok i møte den 13. april å få skrive kultursoge for Bokn kommune. Birger Lindanger, som også har ført i pennen ”Bokn, gard og ætt”, blir engasjert til å skriva kulturhistoria for bygda.
Det har vore eit ynskje å få samla Bokn si kulturhistorie mellom to permar heilt sidan den siste gards- og ættesoga blei gitt ut i 2002. Ei generell bygdesoge vil vera eit naturleg og viktig framhald av det bygdehistoriske arbeidet i Bokn. I tillegg har Bokn ei uvanleg rik og spennande fortid som det er viktig å formidla. Slekts- og gardshistoria representerar dei fyrste historiske nivåa, og difor er det naturleg at ein i Bokn nå går i gang med det tredje nivået: Bygdesoga.

Ei bygdesoge vil så og seia starta i år 0 og vil skildra alle sider ved bokna-samfunnet fram til forfattaren avsluttar arbeidet sitt om to år. Det historiske materialet for Bokn er omfattande og vil bli ei viktig kulturhistorisk skildring og dokumentasjon for komande generasjonar.

Bygdesoga vil naturleg innehalda informasjon om mellom anna naturgjevne tilhøve, steinalderen, mellomalderen, gjenreisinga, ut-vandringa på 1800-talet, verdskrigane, busetnadsutviklinga, jordbruk og fiske, handel og samferdsel, kyrkje og kristenliv, skulestell, kommunepolitikk og mykje meir.

Birger vil gå i gang og førebu dette arbeidet allereie i mai, og går arbeidet etter planen vil kultursoga for Bokn kunne ligga under juletreet i 2011.

Ordføraren

 

Mars 2010

Kjære sambygding

Ambulanse
Bokn kommune har over ein periode på 20 år hatt eit samarbeid med Helse Fonna om lokalisering og drift av ambulanse i Bokn. Helseføretaket har gitt driftstilskott til kommunen og har stilt kjøretøy til rådvelde. Bokn kommune har i all hovudsak hatt ansvar for å bemanna ambulansen med kvalifisert personell.

Klikk for stort bileteAmbulansen i Bokn. Jardar Havikbotn

Som fylgje av nye forskrifter har Helse Fonna kome med utspel om at ambulansen på Bokn må leggast ned frå 01.04.10. Dette fordi ambulanse-personalet på Bokn-ambulansen frå denne datoen ikkje oppfyller dei lovpålagte kompetansekrava.

Ordninga med ambulanse stasjonert i Bokn har fungert godt for inn-byggarane i Bokn, og har samstundes vore eit viktig supplement til den akuttmedisinske beredskapen på E39 i både Bokn og delar av Tysvær kommune.

Bokn kommune ser nå på moglege løysingar for å kunne ivareta den akuttmedisinske beredskapen i kommunen. I tillegg har eg teke opp saka med Helse- og omsorgsdepartementet for å avdekka moglege opningar som gjer at det går an å vidareføra ambulansedrifta i Bokn i sin nåverande form.

Bokn kommune vurderar også ei løysing med ein såkalla ”First res-ponder”-bil. Dette vil vera ein kommunal akuttmedisinsk beredskapsbil som vil vera knytt opp mot AMK-sentralen i Haugesund. Ein slik beredskapsbil vil vera eit utrykningskjøretøy som i hovudsak vil ha same bemanning som dagens ambulanse, men som ikkje vil kunne transportera pasientar til sjukehus. Beredskapsbilen vil likevel ha same responstid som dagens ambulanse og skal vera stasjonert i Føresvik.

Saka blei handsama politisk i formannskapet den 23. mars. Mot eì stemme blei det vedteke å omgjera ambu-lansen til ein kommunal redningsbil, ”First responder”, dersom Helse Fonna seier opp gjeldande avtale om ambulansedrift i Bokn kommune.

Ordninga med ein kommunal redningsbil blir ei prøveordning ut året. Tenesta vil bli evaluert i samband med budsjetthandsaminga for 2011.

Planlegging
Bokn blei forespegla lyse framtidsutsikter av innleiarane på det felles formannskapsmøtet som blei avholdt i auditoriet på Bokn skule den 3. februar. Etter dette møtet har lokale medier fylgd opp med fleire spennande artiklar frå bygda, og viser med dette at framskrivingane av den framtidige folketalsauken blir teken på alvor, også utføre våre kommunegrenser.

Med realiseringa av Rogfast som bakteppe, har ein politisk for alvor starta opp prosessen med å planlegga framtida i Bokn. Formannskapet jobbar nå med ein overordna investeringsplan for kommunen der ein forsøker å ta høgde for dei framtidsutsiktene me er blitt presenterte for. Det er ein spennande, men krevjande prosess for politikarane i Bokn å planlegga for framtida.

Utgangspunktet for rullering av kommuneplanen har endra seg radikalt sidan den eksisterande planen blei jobba fram. Sentrale og viktige spørsmål dukkar opp: Kor mange innbyggarar skal ein planlegga for? Kvar skal dei bu? Korleis skal utviklinga skje? Korleis skal ein styra utviklinga? Kva næringsutvikling ynskjer ein og kvar skal utviklinga skje? Skal det byggast opp nye sentrumsfunkjonar utanom Føresvik?

Politikarane i Bokn har i løpet av vinteren blitt eksponert for heilt nye krav til det politiske handtverket i den komande kommuneplanen. Kravet til presisjonsnivå i høve til dei strategiske tankane, krev innleving, engasjement og nytenking hjå dei folkevalde og administrasjonen. Det er viktig å treffe godt på den strategiske planlegginga om me i Bokn skal klare å ta vare på dei moglegheitene me ser vil koma i kjølvatnet av Rogfast.

Me har fått god hjelp av våre naboar i Rennesøy kommune – kanskje den einaste kommunen i Noreg som har opplevd ei utvikling som det Bokn er blitt forespegla. Den 17. mars gjennomførte Bokn næringsforum tema kveld der Rogfast var hovud-tema. Ordførar på Rennesøy, Ommund Vareberg, var invitert til å fortella om dei erfaringane Rennesøy hadde gjort seg i åra etter Rennfast. Tilhøyrarane fekk mange nyttige innspel og råd i høve til korleis me i Bokn skal kunne handtera ei ekspansiv utvikling. Dette er nyttig kunnskap i den vidare planlegginga.

Bokn kommune har også fått løyvd midler frå Rogaland fylkeskommune til ein mulighetsstudie rundt Rogfast-prosjektet. Ein systematisk og ana-lytisk studie av alle sider med Rogfast vil vera eit viktig dokument og eit godt beslutningsgrunnlag for lokalpolitikarane når vedtak skal fattast. Dette dokumentet vil også vera eit viktig supplement til regional plan for Haugalandet, næringsplanen for Bokn og andre planverk som blir førande for bygda i åra framover.

Eg trur at ei positiv folketalsutvikling er ein føresetnad for næringsutvikling, vekst og utvikling i Bokn kommune. Vekst i folketalet både trur, og håpar eg, vil kome allereie om eit par år når T-sambandet står klart og bu- og arbeidsmarknaden på Haugalandet blir knytt endå tettare saman. Det er difor viktig at ein politisk visar at me trur på framskrivingane, og brukar framskrivingane til å skapa aktivitet. Dette blir viktig all den tid me veit at aktivitet genererar meir aktivitet.

Ordføraren

 

Februar 2010

Kjære sambygding

Bygdabladet 25 år
Bokn Bygdablad er i år inne i den 25 årgangen. Det fyrste prøvenummeret av Bokn Bygdablad kom ut i oktober 1985. Den fyrste utgåva av bladet omhandla mellom anna planane om å bygga Boknatun.

Klikk for stort bileteBygdablad-blad Jardar Havikbotn

Fleire kommunar i distriktet begynte å gje ut bygdeblad i denne perioden. Også i Bokn fann ein ut at dette ville vera ein god måte å ivareta kommunen si informasjonsplikt på. Å gje ut ei avis er imidlertid ressurskrevjande og administrasjonen i Bokn kommune var nok den gangen i minste laget til å kunne setta av ressursar på å gje ut eit slikt produkt, som heller ikkje er lovpålagt. Det meste av det redaksjonelle arbeidet blei difor utført på fritida og med små ressursar av Reidar Alvestad, som var redaktør frå 1985 til 1997. Bygdabladet blei i denne perioden kopiert opp på kopimaskin, bretta og stifta saman for hand.

Men interessa for Bygdabladet var stor, både blant fastbuande og utflytta boknarar. Bladet har i desse åra hatt på trykk artiklar om små og store hendingar frå boknaren sin kvardag. Frå 1997 endra bladet utsjånad og blei trykt på trykkeri. Dette medførte at bladet kunne setja på trykk bileter med forholdsvis høg kvalitet. I dag sit Bokn kommune på eit rikhaldig biletgalleri på fleire tusen bileter. Bilet-arkivet utgjer saman med utallige artiklar ein svært viktig og verdifull kulturell arv for våre etterkommarar, og dokumenterar kvardagen i Bokn.

Ein må heile tida tilpassa bladet i høve til den tida ein lever i, og 1. april 2003 nådde Bygdabladet ein ny milepæl då bladet fekk si eiga nettside, og etterkvart fekk abonnentane også fekk høve til å lasta ned bladet i pdf-format. Dette medførte at andre medium lettare kunne fanga opp saker frå Bokn kommune. Det er fleire døme på saker som har blitt fulgt opp av andre medier med utgangspunkt i Bygdabladet, og sistnemnde har også levert bilete i samband med større hendingar til andre aviser.

I tillegg til å vera Bokn kommune sin viktigaste informasjonskanal, trur eg Bygdabladet også er ein særs viktig identitetsbyggar for boknarane. I tillegg er bladet med å tena og stimulera demokratiet, kulturen, organisasjonane og næringslivet i Bokn.
Med små ressursar har ein makta å etablera ein nyttig og truverdig mediekanal lokalt, som også langt på veg er eit viktig supplement til regionavisenes heller sporadiske dekning av kommunen vår.

Eg vil nytta høvet til å gratulera Bygdabladet med sine fyrste 25 år, og takka alle som gjennom desse åra har bidratt til eit godt og nyttig blad.
Særleg vil eg takka redaktør Jardar Havikbotn for den jobben han har gjort med å løfta Bygdabladet til det gode produktet det er i dag og spesielt for hans sans for ei gjennomarbeidd sideutforming.
Lukke til med dei neste 25 åra.

Felles formannskapsmøte i Bokn
Bokn kommune var vertskap for det fjerde felles formannskapsmøtet på Haugalandet den 3. februar. Om lag 80 politikarar frå heile regionen møttest i auditoriet på Bokn skule for å markera oppstarten av det regionle planarbeidet og for å få ei orientering om framdrifta av Rogfast.

Dette var eit viktig møte og blei gjennomført på eit gunstig tidspunkt. Symbolverdien av at sentrale politikarar på Haugalandet samla seg på denne måten på Bokn var stor, spesielt etter at byrådsleiaren i Bergen og ordføraren i Stavanger i januar møttest i vår eigen bakgård for å markera starten på eit tettare samarbeid mellom dei to storbyane. Fleire meiner at Haugalandet har hamna på sidelinja i prosessen med å samla politiske krefter i nord-sør aksen på Vestlandet.

Det nyttar ikkje for Haugalandspolitikarane å sutre over det som skjer. Ein må tvert i mot forholda oss til det faktum at Rogfast nærmar seg ein realitet og førebu oss på dei utfordringane som kjem i kjølvatnet av fastlandssambandet med nord-jæren. For Bokn vil det utvilsamt vera ein stor fordel å få bu- og arbeidsmarknaden på nord-jæren 20 minuttar unna oss. Det som er positivt for oss, er også positivt for Haugalandet. Og omvendt. Lukkast det for Bokn å ta vare på og utnytte dei moglegheitene som Rogfast gjev oss, vil det i fylgje det norske konsulentselskapet Econ Pöyry gje kommunen vår store, positive ringverknadar. Mellom anna vil det kunne gje positive utslag for folketalet.

Haugalandet må nå legga til sida frykta for Stavangerregionen og heller jobba saman for å styrka regionen vår. Me må samla kraft og fokus for å styrka og vidareutvikla Haugesund lufthavn, Karmøy, Høgskulen Stord/Haugesund, sjukehuset, handelsstanden og andre sentrale samfunnsinstitusjonar på Haugalandet. Me bur i den mest ressursterke regionen i Noreg. Med gode strategiar og godt samarbeid skal me klare å ta den posisjonen eg meinar Haugalandet har føresetnad for, og på den måten unngå at Haugalandet blir ein sovande forstad til Stavanger etter at Rogfast er opna for trafikk.

Ordføraren