Ordføraren har ordet, år 2009

Kyrre Lindanger:

Desember 2009

Kjære sambygding

Budsjettet
Statsbudsjettet gjev kommunane ei inntektsvekst i 2010 på om lag 8 milliardar kroner. I forhold til budsjettet for 2009 er auken i frie inntekter for Bokn i 2010 berekna til om lag 2,3 millionar kroner, eller om lag 5,5 %. Til samanlikning er den samla, nominelle veksten for dei andre Rogalandskommunane 4,4 %.

Kommunestyret vedtok i møte 15.12.09 budsjettet for 2010, og var eit fellesforslag frå dei fire partia som er representert i kommunestyret. Sjølv om Bokn kommune har eit akseptabelt overskot på drifta, har me framleis høg lånegjeld. Det vedtekne budsjettet for neste år er stramt, men politikarane har prioritert å oppretthalda og vidareføra det gode tenestetilbodet Bokn kommune har hatt i 2009. Det er mellom anna lagt inn i budsjettet ei auke på 25% stilling til styrking av musikk- og kulturskulen. I tillegg er det løyvd midler til eit prøveprosjekt i 2010 med ei auke i opningstida for biblioteket på kveldstid.

Vidare er det løyvd midler til Petra fritidsklubb for oppgradering av interiør og anna utstyr som er relevant i forhold til drifta på Kyrkjebygd kulturhus, og det er satt av 200.000 kroner til oppretting av folkehelsekoordinator i samband med partnarskapsavtalen for folkehelse som Bokn kommune inngjekk med Rogaland fylkeskommune i haust. Rogaland fylkeskommune skal etter planen gå inn med tilsvarande beløp.

Bokn kommune står framfor store utfordringar når det gjeld investeringar. For å posisjonera kommunen i forhold til dette, har ein styrka disposisjonsfonda med 1 million kroner til utbetring av Føresvikvegen og 1 million kroner til bygging av fleirbrukshall. I tillegg vedtok kommunestyret ei investering på 300.000 kroner til opparbeiding av indre hamn i Føresvik. Av det budsjetterte overskotet på nær 5,6 millionar kroner, er det satt av 650.000 kroner til vidareføring av ”Kjekt på Bokn”.

Kulturprisen 2009
Kulturprisen i Bokn blei i år delt ut av underteikna på Bokn musikkorps sin luciafest sundag 13.12.09, og gjekk til Odd Grønnestad for lang og tru teneste i Bokn musikkorps. Spesielt har han gjort ein stor innsats det siste året for å unngå nedlegging av skulekorpset. Prisvinnaren var som spelande medlem med og starta korpset i 1964. Han har også seinare spelt i Bokn Brass. Han har vore styremedlem i mange år og formann i fleire av desse åra, noko han også er ved 45 års jubileet.

Kulturprisen blei fyrste gang delt ut i 1993 og siste gangen i 2005. I 2007 blei han av ulike grunnar ikkje delt ut. Ein såg det då som naturleg at 2009 blei året for neste tildeling. Kulturprisen blir delt ut til personar som har utført eit særleg verdfullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i Bokn kommune. Boknarane har gjennom Bygdabladet blitt oppmoda om å kome med forslag på kandidatar. Årets kulturprisvinnar blei vedteke av eit samrøystes formannskap den 08.12.09.
Mine gratulasjonar går til Odd Grønnestad. Eg håpar prisen kan vera til motivasjon i det vidare arbeidet med Bokn musikkorps og det øvrige kulturarbeidet i Bokn kommune. Innsatsen til Odd er viktig for å oppretthalda eit levande kulturliv i bygda, og er utvilsamt til stor glede for boknarar i alle aldre.

God jul
For eitt år sidan trur eg dei fleste av oss var usikre og spente framføre det året me skulle gå inn i. I dag kan me så smått oppsummera og trekka nokre konklusjonar og kanskje eit aldri så lite lettelsens sukk. 2009 har vore ruglete, men blei heldigvis ikkje det året me frykta. Det siste året har vore utfordrande for næringslivet i Rogaland, men mange meinar nå at marknaden er på veg oppover igjen, sjølv om utviklingstakten er vesentleg dempa.

Sjølv om verdensøkonomien ser ut til å ha stabilisert seg, vil konkurranseutsatt sektor framleis ha nokre tøffe år framføre seg. Høg rente og høgt kostnadsnivå i oljenæringa vil også påvirke aktivitetsnivået i mange Rogalandsbedrifter i tida framover.

Det har heldigvis vist seg at Haugalandet, og områdene frå Stavanger til Bergen, har vore så ressurssterk som eg har trudd og håpet på. Bedriftene har hatt evna til å halde hovudet kaldt. Dei har mellom anna skjerma lærlingmiljøa og har tenkt langsiktig, spesielt med hensyn til opplæring og kompetanse.
Sjølv om me ikkje kan avblåsa finanskrisa heilt endå, kan me alle ta ein pust i bakken og innvilga oss ein velfortent julaferie og gå inn i det nye året med framtidstru og optimisme.
Eg vil takka for året som har gått og ynskjer samtlege boknarar, og øvrige lesarar, ein god og fredfull jul og eit godt nytt år.

Ordføraren

 

November 2009

Kjære sambygding

Kalender
For tredje året på rad er Bokna-kalenderen sendt ut med november-utgåva av Bygdabladet. Dette er samstundes ei stadfesting på at tradisjonen med ein lokalprodusert kalender er i ferd med å setja seg.
Tilbakemeldingane har vore gode og det ser ut for at kalenderen blir brukt i stor utstrekning – både i heimane og på arbeidsplassane. Kalenderen er med på å bygga opp om den lokale identiteten, og er meint å vera ein kilde til inspirasjon for dei som ynskjer å ta i bruk den flotte boknanaturen.

Eg meiner årets kalender har teke steget opp eit nivå takka vera dyktige hobbyfotografar som har sendt inn sine bidrag til redaksjonen. Bileta i kalenderen held eit høgt teknisk nivå, samstundes som fotografane har hatt evna til å fanga motiva på ein slik måte at dei skapar undring og begeistring. Mange vil nok spørje seg om bileta verkeleg er tekne på Bokn.

Temaet for Boknakalenderen 2010 er natur og dyreliv gjennom årstidene. Kvar måned har i tillegg fått fylgje av ein matoppskrift med lokal tilknytning. Utforminga er noko endra i høve til 2009. Sjølve kalendariet er tona ein del ned, mens bileta i større grad er framheva.

Eg håpar kalenderen fell i smak og eg vil samstundes oppmoda lesarane om å bidra med sine blinkskot frå Bokn til 2011-kalenderen.

Rogfast
Prosjekteringa av Rogaland fastlandssamband – Rogfast – pågår for fullt i fylket, kommunen og hjå Statens vegvesen. Kommunedelplanane i dei berørte kommunane Randaberg og Kvitsøy er nett vedtekne, og etter planen blir saka lagt fram for kom-munestyret i Bokn på det fyrste møtet i 2010.

Bokn har fått aksept for sine krav hjå vegmyndene om eit eige kryss på Are og oppgradering av krysset i Knar-holmen til planfritt kryss. Samstundes pågår det ein dialog mellom fylket og Statens vegvesen og Bokn kommune om punktet som omhandlar risiko- og sårbarleiksanalyse på den framtidige E39-trasèen over Bokn. Den framtidige trafikkauken vil representera ein heil del ulemper og utfordringar for boknasamfunnet, slik som til dømes eit meir samansett ulukkesbilete og støy-problem.

Bokn kommune meinar det er vesentleg at kostnadar knytt til utbetrings-tiltak på strekninga Arsvågen-Mjåsund blir kjent for politikarane før finansi-eringa av prosjektet er på plass. Desse kostnadane bør kome inn i Rogfastbudsjettet, og ikkje i samband med reguleringsplanarbeidet – noko som erfaringsmessig vil vera mindre
forpliktande.

Aktuelle utbetringstiltak er til dømes midtrekkverk, breiare vegbane, støyskjerming, veglys, kryssutbetring på Austre Bokn og Ognøy. Dette er viktige trafikksikringsmoment, ikkje berre for boknarane, men for alle som

kjører på E39 gjennom Bokn. Eg er innstilt på å finne ei minneleg løysing på desse spørsmåla saman med
Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune slik at også Bokn kan få vedteke sin kommunedelplan.

Svineinfluensa
Bokn kommune har kome godt i gang med vaksinering i samband med den såkalla svineinfluensaen og har til nå vaksinert i overkant av 50% av befolkninga. Ein er nå ferdig med risiko-gruppene og svinebøndene, og i veke 45 fekk Bokn kommune tilbake 200 dosar frå Tysvær kommune. I den
samanhengen blei delar av den friske befolkninga vaksinert, mellom anna barnehagen, skulen og dei opp til 30 år. Dei resterande vaksinane blei brukt til øvrige interesserte.

Sjølve gjennomføringa av dei organiserte vaksinasjonsdagane har gått bra. Boknarane har vore flinke til å møte opp når dei skulle, samstundes som få personar har blitt avvist på grunn av mangel på vaksinar eller kapasitet. Stemninga har vore god på vente-rommet, der det blei servert kaffi og ein fekk høve til å slå av ein prat med naboen.

Det er i skrivande stund uklart når Bokn får tilsendt nye forsyningar med vaksine frå sentral helsemynde, men ein reknar med å motta 500 nye dosar før jul. Gå inn på www.bokn.no for oppdatert informasjon om vaksinasjon.

Ordføraren

 

Oktober 2009

Kjære sambygding

Statsbudsjettet
Den 13. oktober blei statsbudsjettet for 2010 lagt fram. Kommunesektoren får ein vekst i samla inntekter på 8 milliardar kroner, der 4,2 milliardar er frie inntekter.

Statsbudsjettillustrasjon

Av dette er 230 millionar kroner øyremerka samhandlingsreforma, mens eìn milliard går til samferdsle. Men i framlegget var det heller ingen bidrag til å betre kommunesektorens økonomiske balanse, som i utgangspunktet er for svak. Sjølv om den økonomiske situasjonen i Bokn er tilfredsstillande, slit heile kommune-noreg med låge netto driftsresultat og ei sterk auke i gjelda.

Framlegget til statsbudsjett viser at det er små direkte konsekvenser for 2010-budsjettet i Bokn. Det ligg inne ei lita auke i rammetilskottet på om lag 5,5 % og dette tilseier at driftsnivået frå 2009 vil kunne vidareførast i 2010. Rammetilskott og skatt er berekna å utgjera om lag 44 millionar kroner for 2010 mot kroner 41,4 millionar i 2009.

Det er nå heldigvis klare teikn på at den økonomiske aktiviteten er på veg oppover igjen, etter ei særs svak utvikling mot slutten av 2008 og inn i 2009. For 2010 legg ein til grunn ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på vel 2 prosent, etter ein nedgang på 1 prosent i år. Den anslåtte veksten i 2010 er lågare enn trendveksten i økonomien, men ein ventar at arbeidsløysa vil auka noko også frå i år til neste år.

Folkehelsekoordinator
Bokn kommunestyre vedtok i møte 13.10.09 å inngå partnarskapsavtale for folkehelse med Rogaland fylkeskommune. Rogaland har sidan 2006 vore med i den statlege satsinga innan folkehelse i Norge, med oppbygging av eit partnarskap for folkehelse.

Bokn kommune er godt i gang med rullering av kommuneplanen, og med nemnde vedtak har politikarane i Bokn støtta opp under eit av dei viktigaste satsingsområda, som er folkehelse.

For å kunne gjera gode prioriteringar når kommuneplanen skal utarbeidast, er det viktig at kommunen sit på god kunnskap om helsetilstanden i kommunen og dei faktorar som er med å påverka helsa. Ved å inngå partnarskapsavtale kan Bokn kommune få tilskott til å bygga opp ein infrastruktur for folkehelsearbeidet og styrka koordineringsfunksjonen. Dette kan m.a. innebera at ein brukar dei tildelte midlene til å tilsetja ein folkehelsekoordinator i Bokn.

Gjennom ”Kjekt på Bokn” har ein etablert eit godt fundament for det vidare folkehelse-arbeidet. Tanken er at ein gjennom partnarskapet med fylkeskommunen kan styrka, utvida og vidareutvikla dette arbeidet.

Gründerånd i Bokn
For ein kommune som Bokn er det viktig for heile samfunnet at engasjementet og viljen til å setta i gang ny næringsaktivitet er tilstades. Høg aktivitet er eit sunt teikn og gjev signal om utvikling. Denne utviklinga håpar me skal gje ei folkeauke, bustadbygging og nye arbeidsplassar.

Den siste tida har eg registrert at det er stor etablerarvilje i kommunen. Til nå i år er det innvilga midler frå næringsfondet til heile seks søkjarar. Desse etablerarane representerar ulike næringar, dømesvis innan fiske, båttransport, fritidsbåtsegmentet og grønn omsorg.

Eìn av desse søkjarane var Roy Olsen. Han fekk innvilga midler frå næringsfondet til å utvikla vidare forretningsidèen sin. Prosjektet hans oppfylte også kriteria for å bli teke opp i Haugaland Vekst sitt inkubatorsystem.

Ein inkubator bidreg til å utvikla innovasjonsbedrifter i ein tidleg fase ved bruk av kompetanse og nettverk som inkubatoren har. Inkubatoren kan bistå med administrative tenester og kontorleige. Inkubatoren sit også på eit kompetansenettverk som syt for at gründeren får det optimale utgangs-punktet for utvikling forretningsidéen.

Eg vil ynskja Roy lukke til med prosjektet og eg håpar at innsatsen hans på sikt kan skaffe fleire arbeidsplassar til bygda, samstundes som etablerarviljen hans kan vera til inspirasjon for andre gründarar i Bokn.

Ordføraren

 

September 2009

Kjære sambygding

TV-aksjonen 2009
NRK har tildelt årets TV-aksjon til ei av verdas største hjelpeorganisasjonar – CARE.
CARE er ein hjelpeorganisasjon som jobbar med naudhjelp og langsiktig bistand i fleire av verdas fattigaste land. Kvart år får om lag 65 millionar menneske hjelp i 71 land verda over. Organisasjonen har fokus på kvinner sine rettar og jobbar for at alle skal leva eit verdig liv. CARE jobbar ut i frå filosofien om at kvinner som får hjelp og muligheiter, sjølv finn vegen ut av fattigdommen.

NRK har plukka ut ein verdig organisasjon til årets TV-aksjon. Er du fødd som jente i eit fattig land, har du alle odds mot deg. Det er mellom anna mindre sjanse for at du går på skule og at du får tilgang til helsetenestar når du treng det. CARE fokuserar på kvinner og jenter, og syt med det for at stemma deira blir høyrt.

Den 18.oktober kan du vera med å gje verdas fattigaste kvinner og familiane deira eit betre og meir verdig liv. I fjor satte me innsamlingsrekord i Bokn. Eg vil oppmoda boknarane til å ta vel i mot årets bøssebærarar og gje slik at me slår fjorårets innsamlingsresultat. Formannskapet har allereie lagt grunnlaget for eit godt resultat då dei i formannskapsmøte 30. september løyvde kr. 20 per innbyggjar til denne viktige saka.

Trafikkultur
Den siste tida har det vore fleire oppslag om trafikken på europavegen over Bokn, der fokus har vore på stor fart og farlege forbikjøringar. I likskap med mange andre boknarar, brukar eg nesten dagleg denne vegen. Og nesten dagleg er eg også vitne til medtrafikantar som driv risikosport i form av tråkling av ferjekøar og stor fart.

Bilkø frå Arsvågen til rasteplassen på Austre Bokn 4. mai 2008.

Dagleg har me tusenvis av gjester som er innom kommunen vår. Som vertskap for E39 forventar eg at gjestane våre oppførar seg fint den stunda dei er her – om det så berre er for 20 minuttar. Eg trur dei fleste er enig med meg i at me bør kunne forventa at gjestene våre held lovar og reglar når dei gjestar kommunen vår. Me forventar at dei har ei framferd som ikkje set eigne eller andre sine liv i fare.

Likevel er eg nesten dagleg vitne til forbikjøringar som kvalifiserar til førarkortbeslag og fartsbrot som ville medført fengsel utan vilkår. Og det på ein europaveg som i røynda held same standarden som ein forstadsveg med 60-sone og gangfelt.

Grunnane er mange og gode for at Bokn kommune nå har kontakta naboen i aust, Tysvær kommune, og ein kommunikasjonsrådgjevar for å sjå om det er grep me kan gjera saman for å justera trafikkulturen på E39, før det går nye liv tapt. Me ynskjer å trekka inn fleire aktørar i dette samarbeidet, slik som til dømes vegmynde, politiet, andre kommunar, lokalt næringsliv, Fjord1 med vidare. Sveio kommune, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og Utrykkingspolitiet har til nå gjeve uttrykk for at dei ynskjer å delta i ein ”trafikksikringsdugnad” saman med Bokn kommune.

Det offentlege, både politiet og vegmynde, har opp gjennom åra kjørt mange ulike trafikksikringskampanjer med vekslande hell. Det me snakkar om i vår kommune er førebels ein ”småskalakampanje” der ein med små midler heller må vektlegga det kreative og vera nytenkande.

Kanskje det er i den subtile bodskapen nøkkelen ligg til å endra folks kjøreadferd – i alle fall så lenge dei er i vår kommune? Inntil me får svaret på dette spørsmålet: Kjør forsiktig.

Ordføraren

 

August 2009

Kjære sambygding

Svineinfluensa
Det er førebels ikkje påvist svine-influensa ved Bokn legekontor, men ein har hatt nokre tilfeller med klinisk mistanke. Bokn kommune har førebudd seg godt, og i tråd med retningslinene frå sentrale mynde. Pandemiplan for Bokn blei ferdigstilt i veke 33 og kommunen gjennomførte i byrjinga av august eit informasjonsmøte med dei ulike kommunale einingane samt eksterne aktørar i kommunen.

Mange meinar det har vore svært mykje oppstyr rundt denne pandemien, men det er viktig for offentlege mynde og kommunane å ha gode planar og strategiar for å kunne handtera eit verstefallsscenario. Bokn kommune sitt fokus er å kunne halda hjula i gang og kunne få drifta tilbake til ein normalsituasjon så raskt som råd, uansett kva prognoser som måtte slå til.

Prognosene viser at pandemien vil nå ein topp i midten av september. I dei verste vekene av epidemien reknar Folkehelseinstituttet med at det totale sjukefråveret maksimalt kan koma opp i 25 %. Tida vil vise om desse prognosane slår til, men inntil vidare bør alle fylgja dei råda som er gjeve om hygiene i samband med svineinfluensaen.
 
Dominoaksjon
Den 9. november er det 20 år sidan Berlinmurens fall. Dagen vil bli markert med ein to-dagars fridomsfest på begge sidene av Brandenburger Tor i Berlin. Det vil i dette høvet bli satt opp ein dominomur langs delar av trasèen der den opprinnelege muren stod plassert.

10. klasse ved Bokn skule skal på studietur til Polen i september med Aktive Fredsreiser, og i den samanhengen blei klassen invitert til å dekorera ein av desse dominosteinane. Som den einaste skulen i Rogaland skal elevane frå Bokn dekorera eit bodskap om historikken til muren og murens fall på steinen.

Meir enn 1000 steinar skal dekorerast, og det vil bli brei omtale av prosjektet i media. Dekorasjonane vil i tillegg bli foreviga i boka ”Buch der Steine”, som kjem ut på 20-års dagen.

Det er veldig hyggeleg at Bokn skule er eìn av 12 skular i Noreg som blei trekt ut til å delta i ei viktig historisk markering. Dette blir utvilsamt ei spesiell oppleving for 10-klassingane og vil setta ein spiss på ein spennande utanlandstur. Eg vil ynskja heile reisefylgjet god tur og lukke til med prosjektet.

Val 09
Valdagen for Stortings- og sametingsvalet er 14. september 2009.
Valkampen har for alvor blitt intensivert dei siste vekene. Politikk og partiprogram blir diskutert både i fjernsyn, radio, aviser og på nettet. Ved Fylkestingsvalet i 2007 låg landsgjennomsnittet for valgdeltaking på kun 61,2 prosent, noko som er svært lågt spesielt med tanke på at Noreg blir rangert som nummer to på FN si levekårsliste. Både Sverige og Danmark har høgare valdeltaking enn me har i Noreg.

Med dette som bakgrunn har ein i samband med årets val utfordra kommunane til å delta i Demokratimesterskapet. Dette er ein nasjonal konkurranse der alle  kommunane i landet  konkurrerar om å få høgast valdeltaking under Stortings- og sametingsvalet. Målet er auka valdeltakinga i kommunane og skapa eit positivt engasjement kring det norske demokratiet. Vinnaren får 100. 000 kroner.

Bokn kommune er meld på i denne konkurransen, og i denne samanhengen vil eg oppmoda alle boknarar om å bruke stemmeretten sin. Val er ein av dei absolutte grunnsteinane i eit oppbygd samfunn, og dette gjev kvar enkelt høve til å delta i ei opinions-danning og dermed påverknad av samfunnsutviklinga. Dette åleine er god nok grunn til ikkje å sitje heime valdagen, men nå kan du også bidra til at Bokn er med i kampen om 100. 000 kroner til fellesskapet og god omtale i media.

Bruk stemmeretten. Godt val!

Ordføraren

 

Juni 2009

Kjære sambygding

Fleirbrukshall
Det siste halvåret har gruppa som utredar ny fleirbrukshall i Bokn jobba tett saman med utvalet som skal vurdera utbygging av skule og barnehage. Gruppene har hatt fleire synfaringar på anlegg som kan danna grunnlag for eit nytt bygg i Bokn. Gruppene har også vurdert ulike tomtealternativ for eit slikt prosjekt. Men me er framleis berre ved startstreken for prosjektet. Det er ei rekke forhold som må ha ei avklaring før ein kan få ei endeleg politisk tilslutning til prosjektet.

Bygging av fleirbrukshall er ei stor sak i Bokn, og vil vera eit stort økonomisk løft for kommunen. Dette er ikkje utelukkande eit kommunalt prosjekt, men ei sak som vedkjem både lag og organisasjonar og boknarar flest. Difor er det viktig at ein kjører ein grundig og god prosess som inneber ei brei deltaking og involvering, og eit aktivt engasjement frå både lag og oganisasjonar i Bokn. Det vil vera ein avgjerande faktor for at ein skal kunne lukkast med eit så stort prosjekt.

Fleirbrukshall er eit godt og viktig prosjekt i Bokn, og har vore etterspurt i mange år.
Prosjektet bør likevel innordnast den økonomiske situasjonen i kommunen – utbygginga må ikkje i alt for stor grad gå ut over den kommunale drifta og dei kommunale tenestetilboda elles. Men med det engasjementet eg har sett, både i arbeidsgruppene og på bygda, har eg god tru på at me skal kunne lukkast med eit prosjekt som vil gjera det endå kjekkare å bu på Bokn.

Samhandlingsreforma
I juni la regjeringa fram samhandlingsreforma i form av ei stortingsmelding. Reforma har som mål at meir av helsetenestane skal føregå nærare der pasienten bur. Innbyggarane skal få fleire spesialiserte helsetenestar lokalt, både når det gjeld førebyggande helsearbeid, behandling og oppfylgjing av kronisk sjuke og eldre. Dette inneber at oppgåver skal flyttast frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta.

Kommunane får også økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar frå 2012. Regjeringa vil at kommunane skal få overført pengane det kostar å ha desse liggande på sjukehus. Føremålet er å gje kommunane ein økonomisk stimulans til å etablera eit billigare kommunalt alternativ.

Tanken bak samhandlingsreforma er god, og ei gjennomføring vil kunne gje samfunnet meir helse ut av kvar krone, meir likeverdig tilbod og betre tenestar der folk bur. Men det er også ei omfattande og kostbar reform, og slik eg ser det bør ikkje reforma bli gjennomført utan ordningar som avgrensar den økonomiske risikoen for små kommunar. Pasientar med ein samansett diagnose vil kunne gje urimelege utslag i økonomien i små kommunar.

For å kunne lukkast med gjennomføringa av samhandlingsreforma i Bokn, trur eg ein må bygga vidare på det gode og tette samarbeidet ein allereie har på Haugalandet. Med å inngå i eit stabilt, interkommunalt samarbeid i vår region, trur eg ein har kraft til å gjennomføre reforma etter intensjonen. Og på den måten også unngå kommunesamanslåing.

God sommar!
Starten på juni har vore opplyftande med sol og høge temperaturar. Og med slike vêrforhold blir ikkje behovet for å setja seg på syden-flyet like stort. Når sola skin kan eg berre stadfesta at Noreg er vårt nærmaste – og flottaste ferieland. Bruk nærområdene våre for det det er verdt i sommar. Bokn har mykje å by på, sannsynlegvis alle ingrediensene for dei gode ferieminnene; skjærgård med innbydande badeplassar, gode fiskevatn, turstiar, lynghei, kulturlandskap, fjell og vestnorsk skog. Og kanskje også nokre uoppdaga perler?

Ta på shortsen, fyr opp grillen og nyt det gode liv på terrassen. God sommar!

Ordføraren

 

Mai 2009

Kjære sambygding

Team Hanne
Eg vil gratulere Team Hanne, og vår eigen Anne Tove Øvrebø, med sigeren i det Store Korslaget på TV2 laurdag 2. mai. Med knappast mogleg margin blei det koristane frå Haugalandet som vann premien på 500.000 kroner.

Team Hanne har gjennom heile våren levert solid korsong og koreografi i beste sendetid til heile landet, og eg var aldri i tvil om at haugalendingane ville kome heilt til finalen. Hanne Krogh, Anne Tove og resten av koret, har vore særs gode ambassadørar for regionen vår, og det var ekstra hyggeleg at dette ikkje berre blei eit Haugesundsprosjekt, men ein kulturell dugnad der folk frå nabokommunane også deltok.

Pengepremien skal gå til eit fond for unge kulturtalent på Haugalandet. Dette er ein fornuftig måte å forvalte friske kulturmidler på, og som vil vera til god hjelp og inspirasjon for dei mange flinke og kreative ungdommane me har på Haugalandet.

Gratulere med sigeren og takk for flott underhaldning!

Tiltakspakke
I januar blei det kjent at kommunane hadde fått ei ekstra løyving for kommunale tiltak til vedlikehald. Bokn sitt tilskott var på totalt 772.000 kroner, fordelt med 548.000 kroner som tilskot til vedlikehald og 224.000 som frie inntekter. Tiltakspakka skal brukast til vedlikehald, oppgradering og rehabilitering av kommunale bygg, anlegg og vegar.

Trafikkteljar i Føresvik.

I møte den 5. mai fordelte formannskapet midlene på aktuelle tiltak i Bokn kommune for inneverande år. Det blei då bestemt at ein skal rehabilitera og setja i stand to av leikeplassane som i 2006 blei rive etter kontroll av leikeplassinspektør. Det blei løyvd 150.000 kroner til dette tiltaket. Vidare blei 50.000 kroner løyvd til sikring av farlege område rundt skulen, samt nytt gjerde rundt fotballbanen i Føresvik.

Formannskapet nytta også høvet til å henta inn noko av vedlikehaldsetterslepet ein har på kommunale kaiar og løyvde 100.000 kroner til gjennomgang av tilstand og vedlikehald. Utover dette blei det løyd midler også til andre mindre tiltak i kommunen, slik som utskifting av vindauge på Boknatun, rehabilitering av feristar og vedlikehald langs vegar og uteområde i kommunen.

Haugalandspakken
Styringsgruppa for Haugalandspakken bestemte i møte 30. april handlingsprogrammet for perioden 2010-2013. I denne samanhengen kom fylkesveg 890 Føresvik-E39 inn i dei såkalla sekkeposttiltaka som er prioritert i perioden. Med dette vedtaket kom til slutt alle Haugalandspakke-kommunane inn i handlingsprogrammet med prioriterte prosjekt. Lenge var Bokn og Sveio dei einaste kommunane som ikkje låg inne i pakken med sine prosjekt. Difor var det gledeleg at dei blei satt av 4 millionar kroner til utbetring av Føresvikvegen i perioden 2010-2013.

Dei siste 10 åra har ein hatt ei markant auke i trafikken på Føresvikvegen, frå E39 ved Knarholmen og til Føresvik sentrum. Trafikkavviklinga er ikkje optimal med den vegutforminga ein har i dag, og spesielt næringslivet i området har peika på utfordringa med å få fram store kjøretøy.

Av denne grunn trur eg tida er inne til å vurdera ei mogleg oppgradering av denne vegen og ei forlenging av sykkel- og gangsti til Knarholmen, og det blei i vinter starta ein prosess for å førebu dette arbeidet. Mellom anna har Bokn kommune hatt fleire møter med Statens Vegvesen om saka, og i veke 18 og 19 hadde ein utplassert ein trafikkteljar som registrerte talet på passerande kjøretøy ved teljepunktet sør for miljøstasjonen i Føresvik. Desse registreringane vil vera med og danna grunnlaget for det vidare planleggingsarbeidet i området.

Reguleringsarbeidet vil truleg starta opp til hausten, og i fylgje samferdslesjef i Rogaland, Gunnar Eiterjord, vil sekkeposttiltaka bli starta opp fortløpande når reguleringsplanane er klare i den enkelte kommune.

Ordføraren

 

April 2009

Kjære sambygding

Rogfast
Den 13. mars la regjeringa fram Stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2010-2019. Rogaland kom godt ut av det og fekk med mange viktige samferdselseprosjekt. Det viktigaste for Bokn sin del var likevel at Rogaland fastlandsamband, Rogfast, var eit av dei prioriterte prosjekta i løpet av planperioden.

Rogfastkommunane, med samferdselssjef Gunnar Eiterjord og fylkesordførar Tom Tvedt, samla på Fylkeshuset for markering av at realiseringa av Rogfast er sikra.

Etter ein langvarig økonomisk vekst, der Rogaland har vore den regionen med sterkast vekst, har Rogfast vokst seg fram til å bli eit samfunnsøkonomisk godt prosjekt, eit prosjekt med høg nytte – kost faktor. Dette, saman med eit målretta arbeid med dei andre vestlandsfylka, har nå gitt resultat. For Bokn vil ei vegutløysing med ein undersjøisk tunnel til nord-Jæren, kanskje vera av ei like stor betydning som den gang me blei landfast. Men effektane av Rogfast vil, både trur og håpar eg, bli mykje større enn i 1991. Trendene i det statistiske materialet Bokn kommune brukar som sitt grunnlag i samfunnsplanlegginga, er generelt positive. Folketalsauke, sysselsetjingvekst, auka trafikk gjennom kommunen og ein styrka tilgang til viktige arbeidsmarknader i både nord og sør tyder på at framtidsutsiktene er gode.

Føresetnaden er likevel at ein politisk møter dei utfordringane som ein ser i desse framskrivingane. Korleis kan til dømes Bokn kommune utnytta marknadspotensialet til det store – og aukande – trafikkvolumet til E39? Kvar skal folk bu? Kvar ynskjer ein nyetableringar og korleis tilpassar ein infrastrukturen?

Dette og mange andre viktige spørsmål må politikarane i Bokn nå for alvor ta tak i når ein skal planlegga framtida. Desse utfordringane gjer det også spennande å vera lokalpolitikar, og spesielt i desse dagar kor me er i gang med rullering av kommuneplanen i Bokn.

Utfordringa vår er å harmonera våre visjonar med det realistiske framtidsbiletet, og på det grunnlaget ta dei rette avgjerdene. Det vil bli ein krevande, men spennande jobb.

Tannlege
Overtannlege Eivind Hauge i Tannhelse Rogaland FKF, Nord-Rogaland, opplyste til meg før påske at stenginga av tann-legekontoret på Boknatun berre var midlertidig, og grunnen var svangerskapspermisjon hjå fleire av tannlegane.

Tannlegekontoret er nå oppe og går att, og opningstidene er kvar måndag kl. 08-15, førebels fram til august. Det vil vera tannpleiar på Boknatun også kvar onsdag fram til sommaren.

I august kjem den faste tannlegen tilbake frå permisjon. Det er usikkert om det då blir endringar på opningsdagen. Utanom opningstida ved Boknatun, kan ein for andre henvendingar ta kontakt med tannklinikken i Tysvær, m.a. ved akutte tilfelle.

Overtannlege Hauge kunne også fortelja at det for tida er god tilgang på tannlegar på Haugalandet, men at det var tilfeldige omstende som førte til at ein var nøydd for å stenga tannlegekontoret i Bokn.

Kjekt på Bokn
Den 22. mars blei re-start av prosjektet ”Kjekt på Bokn” markert ved fleire arrangement i kommunen, m.a. tur til Boknafjellet og vårkonsert på skulen. Til tross for det ustabile vêret, var det eit godt oppmøte både av turgåarar og på konserten.

Dei tre arbeidsgruppene i Kjekt på Bokn har vore aktive sidan nyttår. Alle gruppene har hatt fleire møter der ein m.a. har plukka ut ulike tiltak, store og små, som ein konkret skal jobba vidare med.

Eg har opplevd eit stort engasjement i alle gruppene, og dette er ein avgjerande faktor for at dette prosjektet, som er forankra i Bokn sin kommuneplan, skal vera levande og kunne bære frukter.

Prosjektet har eit langsiktig perspektiv med eit overordna mål om å gjera Bokn til ein stadig kjekkare plass å bu, og å få endå fleire til å flytta her. Eg opplever at både gruppemedlemmene, politikarar og andre boknarar har teke denne visjonen på alvor, fyrst og fremst gjennom dei positive tilbakemeldingane me har fått, men også gjennom det utruleg flotte engasjementet som er vist i dei tiltaka som er gjennomført.

Eg vil oppmoda alle boknarar til å kome med innspel til nye tiltak, engasjera seg i gjennomføringa av nye tiltak og elles, på ein positiv måte, støtta opp om dette viktige små-samfunnsprosjekt. Med dette som grunnlag trur eg me langt på veg skal kunne nå målsettinga i visjonen vår for Bokn. (Sjå også s. 4 - red.anm.)

Ordføraren

 

Februar 2009

Kjære sambygding

Tiltakspakke frå regjeringa
Regjeringa presenterte i veke fem ei tiltakspakke som har til formål å stimulera den økonomiske aktiviteten i kommunesektoren. Kommunane i Rogaland fekk 279,7 millionar kroner i vedlikehaldstilskot og 79, 8 millionar kroner i auka frie inntekter. Av dette fekk Bokn kommune 772 000 kroner, der 548 000 kroner er vedlikehaldstilskot og 224 000 kroner er frie inntekter. Eg er godt nøgd med beløpet, som blei fordelt etter innbyggjartalet, sjølv om eg hadde for-venta at krisepakka skulle vera endå større. Uansett er det positivt å få pengar, som ein ikkje har budsjettert med, i inngangen til eit nytt år.

Tilskotet er eit eìngangstilskot for 2009. Midla må brukast på prosjekt som blir sett i gang i 2009. Kommunane må utforma og dimen-sjonera tiltaka sine i tråd med denne føresetnaden, og i etterkant rapportera om bruken av tilskotet til fylkesmannen. Rådmannen vil utarbeida ei liste til formannskapet over prosjekt som harmonerar med føresetnadane til regjeringa, og så vil ein politisk foreta ei prioritering av konkrete vedlikehaldsprosjekt som skal gjennomførast i Bokn.

Kommunesektoren har med dette eit flott høve til å dra inn mykje av det etterslepet ein har når det gjeld ved-likehald av til dømes kommunal bygningsmasse. Sjølv om brorparten av den kommunale bygningsmassen i Bokn er av nyare dato, er det også hjå oss mange oppgåver å ta fatt i. Ved-likehaldsoppdraga vil ha positive effekter for sysselsettinga innan bygg og anleggsbransjen.

Tannlege
Informasjonen på døra til Bokn tannklinikk fortel om ein beklageleg situasjon.

Frå nyttår blei Bokn dessverre utan tannlegetilbod, og det er uklart når me igjen får tannlege på Boknatun. Eg vil be om møte med Rogaland fylkes-kommune for å få ei avklaring på situasjonen. Det eg veit er at det er ein generell mangel på tannlegar i landet, og i denne samanhengen er distrikta ofte særs sårbare.

Inntil vidare vil det koma ein tannpleier til å ta seg av prioriterte grupper som til dømes barn. Elles vil det koma tannlege til Boknatun etter behov. Andre grupper er dessverre ikkje prioriterte.

Grasrotandelen
Regjeringspartia har i desse dagar vedteke ein såkalla ”grasrotandel”. Frå 1. mars 2009 kan alle som spelar hjå Norsk Tipping bestemma kva lag eller foreiningar i lokalmiljøet som skal motta inntil fem prosent av det beløpet som det blir spela for.
I denne samanhengen vil eg oppmoda lag og organisasjonar i Bokn til å melda seg inn i Frivillighetsregisteret slik at ein i neste omgang kan ta del i den nye ordninga. Alle som sender inn melding til Frivillighetsregistereret innan 1. februar er garantert å koma med i Grasrotandelen frå 1. mars under føre-setnad av at det er sendt inn korrekt informasjon og laget/foreininga er  kvalifisert for deltaking i ordninga.
Grasrotandelen går ikkje utover innsatsen eller premien, men kjem i tillegg til det ein spelar for. Føresetnaden er at laget eller foreininga er registrert i Frivillighetsregisteret. Grasrotandelen er tilgjengeleg i alle dei spelekanalane som Norsk Tipping har.

Ordføraren