Ordføraren har ordet, år 2008

Kyrre Lindanger:

Desember 2008

Kjære sambygding

Budsjett
Budsjettet for 2009 blei vedteke i kommunestyremøte den 09.12.08 og var eit fellesforslag frå dei fire partia som er representerte i kommunestyret.

Det er, slik eg ser det, eit godt budsjett der ein fann rom for fleire nyinvesteringar. Me veit at Bokn i åra framover skal utreda fleire større, konstnadskrevjande prosjekt slik som til dømes nytt høgdebasseng på Vaulen, utbygging av skulen og barnehagen samt fleirbrukshall.

Dette har politikarane hatt i bak-hovudet, samt den usikre situasjonen i verdsøkonomien, når ein har jobba fram neste års budsjett. Difor har ein vist måtehald og ikkje latt seg friste til å gape over meir enn det som ein vurderar som forsvarleg.

Men av nye investeringar kan nemnast kr. 1.000.000 til nytt bårehus ved kyrkja, midler til asfaltering av kommunale vegar og området ved miljøstasjonen i Føresvik, samt kr. 200.000 til opprusting av areala rundt Føresvik indre hamn.

I tillegg er det satt av midler til trafikksikringstiltak i kommunen og det er løyvd midler til styrking av musikkskule/kulturskule frå og med hausten 2009.

I driftsbudsjettet er det lagt opp til ei rekkje mindre tiltak, mellom anna diverse nyinnkjøp  av interiør til skulen, nytt utstyr til gymnastikksalen, utvikling av uteområdet til barnehagen med innkjøp av fleire leikeapparat og nytt og breiare kinolerret i auditoriet, samt oppgradering av kinolyden. Sistnemnde tiltak vil gje kinopublikummet ei mykje betre kinooppleving.

Grunnlaget for den kommunale aktiviteten blir i hovudsak lagt i Stortinget gjennom Kommuneproposisjonen og Statsbudsjettet. Trass i konjuktur-nedgang på verdsbasis, har ein i Bokn framleis ein situasjon som inneber at ein opprettheld drifta i kommunen.

Finanskrisa har skapt usikkerheit i mange kommunar rundt nivået på skatteinntektene for 2009, og mange kommunar har i tillegg tapt pengar på grunnfondsbevis og aksjar. Av denne grunn har fleire rogalandskommunar redusert i drifta til neste år.

Det siste utspelet frå regjeringa inneber at kommunane likevel kan forutsei framtida betre ettersom eventuell
skattesvikt vil bli kompensert. Regjeringa legg opp til at sektoren vil bli kompensert viss skatteinntektene til kommunesektoren blir lågare enn anslått i budsjettet. Dermed kan kommunane likevel budsjettera ut frå føresetnadene som ligg i stats-budsjettet.

God jul
Det er berre få dagar til julaftan og denne perioden blir eit kjærkome avbrekk frå hektiske dagar for mange av oss. Me får høve til å ta ein ”time-out” frå dagleglivets pålegg og krav, og me kan senka skuldrene litt og lada opp batteria saman med familien.

I tillegg ”snur” sola den 21. desember og det går mot lysare tider. For mange trur eg vintersolvervet gjer ein mentalt betre rusta til å møte dei to vinter-månadene som står att. Men me har hatt ein fin haust med  mange flotte godvêrsdagar, slik at vintersolvervet tross alt ikkje var så ”påkrevd”. Men me får nå altså god anledning til å feira at dagane blir lengre.

Eg vil takka for året som har gått og ynskja alle lesarane våre ein god og fredfull jul og eit godt og innhaldsrikt nytt år.

Ordføraren

 

November 2008

Kjære sambygding

Fleirbrukshall
I samband med kommunesaman-slutningsprosessen som pågjekk i Bokn for eit par år sidan, blei det blåst liv i tanken om å bygga ein fleirbrukshall i kommunen. Ved ei eventuell samanslåing ville det bli løyd pengar til eit slikt prosjekt frå staten. Då det ikkje blei noko samanslutning mellom Bokn og Tysvær, blei desse planane lagt vekk.

Behovet for ein fleirbrukshall er likevel tilstades. I dag fungerar gymnastikksalen på skulen som kommunen si storstove og samfunnshus. Pågangen til å bruke desse lokala er til ei kvar tid stor, og frå tid til anna må aktivitetar avlysast.

Den hyppige bruken gjer at slitasjen på gymnastikksalen er stor. I tillegg kan ein koma i konflikt med brannforskrifta ved større arrangement.

Formannskapet innstilte i møte 18.11.08 ei prosjektgruppe som skal utarbeida eit forslag til bygging av ein fleirbrukshall i Bokn. Prosjektgruppa sitt mandat er å laga ein funksjons- og kvalitetsskildring, samt kostnads-overslag for anlegg og infrastruktur for ferdigstilling av ein fleirbrukshall innan 2012.

Prosjektgruppa skal utarbeida forslag til byggestad, kva type hall ein ynskjer å bygga, finansieringsplan, bruksområde og drift.

Eg har hatt inntrykk av at ein fleirbrukshall har stått høgt på ynskjelista til boknarane i mange år. Eg trur det er på tide å blåsa liv i desse planane igjen og jobba for at bygda får eit bygg som møter behova til dei ulike laga og organisasjonane og det øvrige kulturlivet i Bokn. Med ein slik hall vil ein bygga for framtida og gjera Bokn til ein endå meir attraktiv kommune å flytta til, samstundes som ein utvidar tilbodet til dei som bur i bygda.

Formannskapet er styringsgruppe i samband med prosjektet. Prosjektgruppa arbeidar på frivilleg basis. Saka skal til behandling i kommunestyret den 9. desember.

Julebordsesong
Me er allereie godt inne i julebord-sesongen og mange av oss skal setja av opp til fleire kveldar for å koma saman med gode kollegaer og venner og nyta god mat og drikke.

I ein hektisk kvardag er det ikkje alltid tid til å stikke innom nabokontoret for å ta ein drøs med arbeidskollegaene over ein kaffikopp. Men den uformelle, fem-minutts drøsen, har ein viktig sosial funksjon i ein jobbsamanheng; han fungerar som smøring i samfunnets maskineri og det fremjar trivsel på arbeidsplassen.

Julebordet blir difor ein arena der ein har høve til å ivareta delar av dette.
Det er likevel grunn til å minna om å vise omsyn i ein hektisk julebord-sesong. Det viser dessverre alle avisoppslaga i kjølvatnet av desse til-stelningane. Ein av ti har droppa sosiale tilstellingar på jobben, mellom anna julebord, fordi det blir drukke for mykje alkohol. Det kjem fram i ei ny undersøking som er gjort av Synnovate MMI for Sosial- og helsedirektoratet.
Det er viktig å ikkje satse på at alko-holen skal vere einaste underhaldninga på julebordet. Det må vere gode alkoholfrie alternativ: Somme vil ikkje ha alkohol, mange skal på jobben dagen etter eller dei som skal køyre heim eller heim til familien.

Kos deg på julabordet, det er vel fortent. Vis omsyn og la julebordet bli ei hyggeleg oppleving for alle.

Ordføraren

 

Oktober 2008

Kjære sambygding

Kalender
Framsida til Boknakalenderen 2009.I desember-utgåva av bygdabladet utfordra eg lesarane til å bidra med bilete frå Bokn til ”Boknakalenderen 2009”.

Resulatet ligg ved dette bladet i form av ein ny kalender med nye og spennande motiv frå Bokn. I tillegg har me hatt eit samarbeid med forfattar Kjetil Hamre, som i desse dagar gjev ut si andre diktsamling i bokform. Han har skrive to-vers dikt til kvar måned, med utgangspunkt i 

dei ulike motiva. Resultatet har blitt ”spretne” og artige dikt med god rytme og ein humoristisk snert.


Det er gjort nokre endringar i høve til 2009-kalenderen, og den viktigaste endringa er sjølve formatet. A3-formatet i neste års kalender gjer at bileta kjem meir til sin rett.
Det er flott at så mange fotografar har bidratt med sine beste motiv frå kommunen. Fjorårets utfordring står framleis ved lag; ta med deg fotoapparatet, gå ut i naturen og knips i veg. Er du dyktig, og litt heldig, kan du altså få biletet på trykk i Boknakalenderen 2010.

Finanskrise
Det er vanskeleg å ikkje ta inn over seg den globale finanskrisa som er omtala i dei fleste av landets medium, og mange boknarar lurar nok på om dette får noko betydning for drifta ved Bokn kommune. Til dette er det å seia at finansuroen i utgangspunktet ikkje får direkte konsekvensar for Bokn kommune. Dette skuldast fyrst og fremst at Bokn ikkje har bundet opp midler i aksjer og dermed ikkje står i fare for å tape finansinntekter. På kort sikt får Bokn kommune tvert i mot ein liten gevinst i form av høgare renter på innskot.

Det som kan bli eit problem for kommunane i Noreg på kort sikt, er å få innvilga lån av dei viktigaste bankkontaktane, slik som til dømes Kommunalbanken. Desse bankane hentar for tida inn kapital frå utlandet, men på grunn av kapitaltørke i utlandet får heller ikkje kommunane sine viktigaste bank-kontaktar tilgang til friske pengar. Dermed blir det reduksjon i byggeaktiviteten i kommunane, og større investerings-prosjekt blir inn til vidare lagt på is. Dette førar igjen til ei auke i arbeidsløysa.

Eg håpar at situasjonen normaliserar seg i løpet av eitt års tid, men dette er det umogleg å seia noko om i dag. Eg er likevel førebudd på at kommunane sin skatteinngang neste år kan bli kraftig svekka på grunn av dagens konjunkturendring.

Budsjett
I slutten av oktober hadde politikarane og administrasjonen den fyrste gjennomgangen av budsjettet for neste år. Kort fortalt blir det ikkje lagt opp til store investeringar i 2009, men det blir heller ingen reduksjon i den kommunale tenesteproduksjonen.

Som tidlegare nemnd har me i Bokn ein forholdsvis høg lånegjeld per innbyggjar, og dette gjer at det endå går ei stund før me kan legga opp til større investeringar i budsjetta. Sjølv om lånegjelda er på veg ned, gjer store kapitalutgifter at Bokn i ein del år framover vil slite med høge finanskostnader.

Ordføraren

 

September 2008

Kjære sambygding

Full bemanning
Bokn kommune er nå i den situasjonen at alle kommunale stillingar er besatt. I kommunal samanheng er dette ein ganske unik og gledeleg situasjon, og går på tvers av det biletet ein ser elles i landet.

Konsekvensen av den høgkonjukturperioden me har bak oss her til lands, var at både offentleg og privat sektor hadde problemer med å rekruttera kvalifisert personell til ledige stillingar. Dette er framleis kvardagen for dei fleste andre kommunane i fylket, sjølv om ein nå så smått ser endringar i kjølvatnet av rentehevingane den siste tida. 

Sjølv om situasjonen fort kan snu, kan me per i dag altså gleda oss over at me i Bokn har tilsatt dyktige medarbeidarar i alle seksjonane.

Kommuneplanrullering
Ein av dei viktige jobbane som skal gjerast denne perioden, er rullering av kommuneplanen for Bokn. Måndag 08.09.08 hadde kommunestyret oppstartsmøte der inviterte foredragshaldarar presenterte ulike infrastrukturprosjekt som vil få betydning, direkte og indirekte, for boknasamfunnet i tida framover.

Nå når det viktigaste styringsdokumentet for Bokn skal utarbeidast, må ein politisk og administrativt planlegga med utgangspunkt i etablering av både næringsparken i Gismarvik og næringsparken ved Hydro på Karmøy, som legg til rette for mange hundre nye arbeidsplassar i nærområdet vårt, oppstart av T-sambandet, som kortar ned reisetid- og avstand i regionen vår, samt Rogfast.

Bokn har med sin sentrale plassering, størst vekstpotensiale i regionen, både befolkningsmessig og økonomisk, i fylgje foredragshaldarane. Leiinga ved næringsparkane har som målsetjing at det innan 2020 skal investerast for 20 milliardar kroner. Med eit slikt utgangspunkt blir det ein spennande prosess for oss folkevalde å jobba fram eit dokument som skal seia noko om korleis Bokn skal sjå ut i framtida.

Planprosessen er open og difor er det også ynskjeleg at innbyggjarane kjem med innspel til oss politikarar, slik at kommuneplanen blir så utfyllande som mogleg.

TV-aksjonen 2008
Sundag 19. oktober er det klart for nok ein nasjonal dugnad i Noreg. NRK eig tv-aksjonen og NRK sitt innsamlingsråd tildelte i år tv-aksjonen til den diakonale felleskristne avhaldsorganisasjonen Blå Kors.
Aksjonen har som mål å hjelpa menneske som slit på grunn av eige eller andre sitt rusmisbruk, med særskilt fokus på barn. Pengane som kjem inn skal delast likt mellom prosjekt i Noreg og utlandet.

Eit døme her til lands er ”Barnas stasjon”. Dette er meint å vera ein trygg møtestad for barnefamiliar der barna skal stå i fokus. Barnas stasjon skal vera eit verkemiddel for at barn skal få høve til å veksa opp i eigen heim, og i eit trygt og godt nærmiljø.

Eg håpar flest mogleg meldar seg som bøssebærarar denne dagen, og eg vil samstundes oppmoda boknarane til å ta godt i mot dei frivillege og bidra til ei viktig sak.

Ordføraren

 

August 2008

Kjære sambygding

Kommuneundersøking
I ein nyleg publisert undersøking der Dagens Næringsliv har rangert kommunane etter kor gode dei er å bu i, kom Bokn på ein 145 plass. Når ein veit at det er 431 kommunar i Noreg, er ikkje Bokn sin rangering så aller verst.

Avisa har rangert kommunane etter fleire indikatorar, m.a. levestandard, sosiale tilhøve og tenestetilbod. Jamnt over var det småkommunane som kom best ut i kåringa. Dette er eit tankekors i høve til partia som tek til orde for kommune-samanslåing med tvang.

Likevel vil me i Bokn kommune i tida framover freista å bli ein endå betre, spesielt på dei forholda som me har direkte innverknad på.

Noregscup i Trial

Trialoppvisning på Sommarmarknaden-08 den 12. juli.

Sundag 7. september arrangerar Pluggen motorklubb Noregscup i Trial på Torland. Dei siste åra har Pluggen opparbeidd seg god erfaring med å avvikla større løp i Bokn. Det er svært hyggeleg at Pluggen tek på seg slike arrangement då dette er eit flott høve til å marknadsføra og visa fram kommunen vår. 

Eg vil spesielt framheva alle dei engasjerte foreldra som utgjer eit solid støtteapparat for klubben, og som, saman med øvrige medlemmar, gjer ein stor innsats i samband med arrangementa.

Eg ser fram til mange spennande løp med utøvarar som vil gje publikum ei flott oppvisning i kombinasjonane balanse, koordinasjon og konsentrasjon. Spesielt kjekt blir det å fylgja våre lokale utøvarar gjennom dei ulike seksjonane.

Eg vil ynskja Pluggen lukke til med arrangementet og håpar flest mogleg, både boknarar og andre, tek med nistepakke og termos og legg turen til Torland denne dagen.

Snart haust
Sjølv om august er ein sommarmånad, ser me fleire teikn på at hausten nærmar seg. Etter ein flott sommar har kvardagen innhenta oss. Skulen har starta opp att, administrasjonen og det politiske livet har vakna til liv og me går inn i nokre arbeidskrevjande månader med m.a. budsjetthandsaming og kommuneplanarbeid.

Parallelt med dette arbeidet pågår det fleire andre prosjekt, slik som t.d. helseplanarbeid og Kjekt på Bokn.

Eg er å treffa på Boknatun dei fleste vekedagane. Tidvis er det mykje møteverksemd så det kan vera lurt å ta kontakt for å avtala tid viss du ynskjer å snakka med meg.

Ordføraren

 

Juni 2008

Kjære sambygding

Kommuneproposisjonen
Den 15.05.08 la kommunaldepartementet fram kommuneproposisjonen med forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Regjeringa har i sitt forslag lagt opp til at Bokn får behalda sitt regionaltilskot. Dette var svært gledeleg, og viktig, for vår kommune. Proposisjonen skal handsamast av Stortinget den 15. juni, og eg har god tru på at det nye inntektssystemet vil bli vedteke her.

Folketalsutviklinga for Bokn har i 2006 og 2007 vore svært god, og dette håpar eg også skal slå positivt ut i høve til regjeringa sitt forslag om eit såkalla vekstkommunetilskot.
I dag veit me ikkje sikkert korleis dette eventuelt kan slå ut for Bokn, men ut i frå dei prinsippa regjeringa legg til grunn for det nye tilskotet, er det grunn til å tru at Bokn kan få ein positiv, økonomisk effekt ut av folketalsauken i kommunen.
 
Ambulansen
I samband med trafikkulukka i Knarholmkrysset den 21.05.08, blei det gjennom media retta kritikk mot Helse Fonna då amk-sentralen lot vera å kalla ut Bokn-ambulansen til oppdraget. Bokn kommune hadde i etterkant kontakt med Helse Fonna for å få ei grunngjeving, og i denne samanhengen blei det, frå helseforetaket, gjeve uttrykk for at ambulansen skulle ha vore kalla ut og at det var ein menneskeleg feil som var årsaka til dette.

Eg trur Bokn-ambulansen er eit viktig tilbod for boknarane, og eit viktig bidrag til trafikktryggleiken i nærområdet vårt. I dei fleste situasjonar der det er aktuelt å kalla ut ambulanse, handlar det som regel alltid om minuttar og sekundar. Difor er det trygt å vite at me har høve til å få pasientane frå Bokn raskt i transport mot Haugesund.

Bokn kommune brukar til dels mykje ressursar på å halda ambulansen operativ, og difor er det avgjerande at han også blir brukt når han skal. Det er viktig for helsepersonellet å jamnleg få ulike oppdrag slik at ein kan opparbeida seg erfaring. Bokn kommune har eit svært godt samarbeid med Helse Fonna, og eg tek forklaringa deira til etterretning og ser på dette som ei enkeltståande hending.

Skytebane
Bokn skyttarlag har i fleire år systematisk arbeidd for å få realisert ein ny skytebane på Gunnarstad ved m.a. å setta av kommunale kulturmidler og andre inntekter. Formannskapet gjorde i møte 10.06.08 vedtak om å løyva 150.000 kr. til dette prosjektet. I tillegg har Rogaland fylkeskommune løyva 150.000 kr. til det same føremålet.

Dermed er skyttarlaget nær ein full finansiering av eit anlegg som vil bety mykje for framtidsutsiktene for dette idretts-laget. Ein slik skytebane vil også bli ei viktig brikke i å sikre breidda i eit allereie mangfaldig fritidstilbod i Bokn.

Sommarferie
Me er allereie godt inni den fyrste sommarmånaden og folk flest er i ferd med å kome i feriemodus. Nokre skal reise vekk, mens andre satsar på Bokn-ferie. Uansett kva planar den enkelte lesar har, håpar eg at ferien vil innehalda ein del av dei ingrediensane som er synonymt for omgrepet ferie, nemleg sol, restitusjon, familie, sjø, reiseradio, makrell, is og optimisme. Får me ein repetisjon av sommaren 2006, trur eg uansett dette går i boks.

Eg vil ynskja alle leserane ein sol- og innhaldsrik sommar 2008!

Ordføraren

 

Mai 2008

Kjære sambygding

Sørheimutvalet
Onsdag 16.0.08 var eg og rådmann Jan Erik Nygaard i møte med kommunalministar Magnhild Meltveit Kleppa i kommunaldepartementet og drøfta Sørheimutvalet si innstilling til nytt inntektssystem for kommunane. I tillegg hadde eg med meg ordførar og rådmenn frå Kvitsøy og Utsira, samt tre Stortingsrepresentantar og Kjetil Lie frå Telemarksforskning.

I møtet fekk me høve til å seia noko om framtidsutsiktene for desse tre kommunane, og kva utslag me meinar at Sørheimutvalet si innstilling vil gje. Kommunalministaren kunne naturleg nok ikke gje lovnadar i møtet, men det viktigaste for oss var å presentera utfordringane våre ved ei endring av inntektssystemet for kommunane.

I tillegg fekk Kjetil Lie frå Telemarksforskning høve til å gå gjennom forslaget om småkommunetilskotet, som er meint å vera ein kompensasjon for bortfall av regionaltilskotet. Sakshandsamarar frå embedsverket var også tilstades på møtet, og fekk høve til å setja seg grundig inn i modellen. Kommunalministaren fortalde meg dagen etter møtet at embedsverket hadde teke med seg notatene frå møtet og jobba utover kvelden med modellen vår.

Problemstillinga til Bokn er etterkvart godt kjent både blant stortingspolitikarar, i kommunaldepartementet og i embedsverket. Ved å halda trykket oppe i denne saka, håpar eg at Bokn ved neste korsveg får ei løysing som gjer at me kan oppretthalda det kommunale tenestetilbodet på dagens nivå. Bodskapet mitt til kommunalministaren er at Bokn ikkje har råd til å tapa ei einaste krone ved ei endring av inntektssystemet til kommunane. Saka er til handsaming i departementet og regjeringa nå, og den 15. mai skal regjeringa kome med sitt syn i saka. Me får håpa me nådde fram med bodskapet vårt i saka.

Kjekt på Bokn
Kommunestyret vedtok den 15.04.08 at prosjektet Kjekt på Bokn blir vidareført i samsvar med vedtak gjort i forrige kommunestyreperiode. Slik eg ser det er dette eit stort og viktig prosjekt i bygda då føremålet er å gjera Bokn til ein betre stad å bu for eksisterande og komande innbyggjarar.

Konkret blir det nå m.a. jobba med å opparbeida sti til Hognahåve. Det er bestilt gjerdeklyvarar, bord og benkar til traséen, samt skilt i henhold til skiltplanen for området. I tillegg blir det nå også jobba for å få på plass eit utkikkstårn på Boknafjellet.

Bokn kommune fekk god uttelling på RUP-søknadane sine (Regionalt utviklingsprosjekt), og fekk løyva tilsaman 275 000 kr. til prosjektet. Med kommunestyrevedtak og friske midler trur eg at dette er med og blåsa liv i eit spennande prosjekt, og eg håpar at det positive engasjementet ein opplevde både hjå folkevalde og boknarar flest i forrige kommunestyreperiode, vil halda fram i tida framover. 

Ordføraren

 

April 2008

Kjære sambygding

Næringsfond
Bokn kommune er i ferd med å bygga opp det kommunale næringsfondet, og i byrjinga av april blei fondet tilført 200.000 kroner frå Rogaland fylkeskommune. Det er ti år sidan Bokn sist hadde eit slikt fond. Den gangen fekk kommunen jamnleg påfyll frå kommunaldepartementet. Formannskapet skal forvalta næringsfondet, medan nye ved-tekter og retningslinjer for fondet skal godkjennast av kommunestyret

Bokn kommune ynskjer å stimulera til vekst på sterke område i sitt næringsarbeid, samstundes som ein skal vera med å legga grunnlag for knoppskyting.
Med eit næringsfond har ein høve til ivareta ein del av desse hensyna, m.a. ved å kunne løyva midler til t.d. produktutvikling, kompetanseutvikling og opplæring i verksemda. EØS-reglar legg ein del avgrensingar i høve til at ingen verksemder direkte skal subsidierast, men ein skal kunne løyva midler i mindre målestokk.

Breiband
Fredag 04.04.08 blei det klart at Telenor får anbudet på utbygging av breiband i Bokn. Dette vil seia at dei områda i Bokn som ikkje har breibandsdekning i dag, slik som t.d. Jøsen/Loden-området, vil bli knytt til nettet. Telenor har forplikta seg til å bygga ut breibandet i kommunen innan seks månader frå anbudet blei tildelt. Oppstartsdato er ikkje fastsatt, men utbygginga skal vera ferdigstilt innan utgangen av oktober dette året.

Det er frå før av satt av 100.000 kr. i kommunal eigenandel til føremålet. Summen var basert på ein stipulert kostnad frå den gangen prosjektgruppa gjekk i gang. Det er hyggeleg å kunne konstatera at eigenandelen er blitt kraftig redusert etter kvart som prosjektgruppa har jobba med saka. Endeleg eigenandel for Bokn kommune ser ut til å enda på om lag 24.000 kr.

Skulle det visa seg at einskilte husstandar likevel ikkje blir knytt til breibandet etter ferdigstilling, vil desse bli teke med i eit eige ”oppsamlingsheat”. Dermed skal heile Bokn etterkvart bli knytt opp til breibandet.

Rådmann Jan Erik Nygaard har vore Bokn kommune sin representant i prosjektgruppa, som har jobba på vegne av kommunane i Haugesundsregionen. Eg vil gratulera prosjektgruppa med eit vel utført arbeid.

Fysioterapi
For å styrka fysioterapitilbodet i Bokn blei det i formannskapet 01.04.08 løyvd 30.000 kr. til innkjøp av laserapparat. Apparatet skal brukast i behandling av muskel- og skjelettplager samt reumatisme. Saman med dei behandlingsformane som fysioterapeuten allereie gjev, vil ein kunne oppnå ein auka effekt i eksisterande behandlingsforløp, og ein vil meir effektivt kunne behandla lidingar og plager som ein i dag
ikkje kan.

Det er mange som brukar det fysioterapeutiske behandlingstilbodet i kommunen, og det er hyggeleg å kunne styrka dette tilbodet. Eg håpar dette vil kunne gje behandlings- og helsemessige gevinstar, noko som også kan vera med og redusera sjukefråveret i samfunnet.

Ordføraren

 

Mars 2008

Kjære sambygding

Folketalet
Folketalsstatistikken for Bokn visar at per 01.01.08 er me 823 innbyggjarar i kommunen. Dette er ein auke på heile 30 personar frå 01.01.07. På landsbasis ligg me på fjerde plass over dei kommunane som har hatt prosentvis størst auke i folketalet, med solide 3,78%. Dette er svært gode og, ikkje minst, viktige, tal for Bokn.

Det er viktig for Bokn å ha ein viss auke i talet på innbyggjarar framover, ikkje berre i høve til dei økonomiske effektene dette gjev kommunen, men også for det reproduktivitetspotensialet som naturleg fylgjer av at boknarane blir fleire.

I tillegg må det nemnast at utsiktene for Bokn til å styrka posisjonen som eigen kommune aukar med kvar person som er folkeregistrert i bygda. Dette var som kjent eit vesentleg moment i Telemarksforskning sin utredning i samband med kommunesamansluttingsprosessen for eit par år sidan.

Framskrivingane for Bokn den gang viste ein jamn nedgang i åra framover. Men marginane er også små all den tid Bokn faktisk er ein av landets minste kommune. Så snart ein barnerik familie meldar utflytting, vil dette gje til dels store utslag på statistikkane våre. Likevel må me gleda oss over den utvikla som faktisk skjer nå med tanke på folketalet i Bokn.

Administrasjonen
Per 01.03.08 er det igjen full bemanning i administrasjonen vår. Dei siste to-tre åra har ein administrativt, av ulike grunnar, mangla dei ressursene som gjev ein optimal tenesteproduksjon i kommunen. Ut over vintaren har brikkene byrja å falle på plass, og den 03.03.08 tok Tore Bøe Olsen til med arbeidet som ny seksjonsjef for helse, sosial og barnevern. I tillegg er leiar for seksjon teknisk tilbake i full jobb, og den nye kommunelegen har for lengst teke i bruk legekontoret og har i inngangen til denne månaden teke i mot dei fyrste pasientane. I denne samanhengen vil eg oppmoda boknarane til å vurdera å føra opp Dag-Helge Rønnevik som sin fastlege.

Næringslivet
Kommunen har det siste kvartalet gjennomført møter med dei viktigaste næringslivsaktørane i bygda, HighComp/Bokn Plast, GriegSeafood, Bokn Sjøservice og Coop Bokn.

Samtlege meldar om vekst og høg verdiskapning og planar om utviding av verksemdene i Bokn. HighComp er allereie i gang med å planera ut området sør for eksisterande hall i
Føresvik. Etter planen skal det setjast opp ny produksjonshall i dette området. Grieg Seafood har også planar om nye utbyggingar i Trosnavåg og planlegg elles ein auke i produksjonskapasiteten ved sine smoltanlegg i kommunen.

Bokn Sjøservice har fulle ordrebøker og aukar aktiviteten i Knarholmen og Krovågen, og Coop Bokn hadde ei fin omsetnadsauke i 2007 og vil også i løpet av dette året renovera og oppgradera butikken i Føresvik. Eg gler meg stort over desse tilbakemeldingane då dette gjev viktige synergieffektar i bygda, slik som t.d. fleire arbeidsplassar og nye oppdrag for lokale underleverandørar.

Ordføraren

 

Februar 2008

Kjære sambygding

Turgåarar
2124 personar har i 2007 skrive seg inn i gjesteboka på toppen av Boknafjellet, og tradisjonen tru har me trekt ut to vinnarar av eit krus frå Bokn kommune. Denne gong blei det Gabriel N. Hetland og Kristin A. Eide. Me gratulerer!

Stavanger08
Opninga av Stavanger som kulturhovudstad fann stad laurdag 12.01.08. Bortimot 60 000 menneske hadde funne vegen til Stavanger sentrum denne januar-dagen for å få med seg den storslagne opninga av kulturhovudstaden.

Bokn var representert i gateparaden og viste godt igjen med flotte fargar, kostymar og musikk. Eg vil retta ein stor takk til alle som stilte opp og bidrog til at Bokn blei marknadsført på ein framifrå måte.
 
Midtskyssen
Regjeringa har fastsett at det skal innførast fem
ekstra veketimar undervisning i skulane frå 01.08.08. Som fylgje av dette blei fag- og timefordelinga for småskulesteget justert i formannskapsmøtet den 05.02.08.
Vedtaket får ikkje innverknad på dagens midtskyssordning. Dette vil seia at dagens ordning med midtskyss to av dagane i veka held fram, i tillegg til vanleg skuleskyss.

Sørheimutvalet 
Den 28.01.08 var høyringsfristen for Sørheimutvalets forslag til nytt inntektssystem. Administrasjonen vår har jobba godt og effektivt i denne saka, samstundes som ein politisk har markert problemstillinga inn mot departementet og partia.

Bokn har jobba tett opp mot kommunane Utsira og Kvitsøy, som har samanfallande problemstillingar som Bokn. I tillegg blei Telemarksforskning engasjert til å utreda konsekvensane for desse tre kommunane.

Bokn har i denne samanhengen lansert eit forslag om ein småkommunemodell – ein modell som skal gjelda kommunar med færre enn 2000 innbyggjarar. Desse kommunane skal etter denne modellen ha ein kompensasjon ved eit eventuelt bortfall av m.a. skjønnsmidler og regionaltilskot.

Formannskapet ga i høyringsuttalen elles uttrykk for at ein er sterkt kritisk til Sørheimutvalet sitt forslag til endring i inntektssystemet – ei endring som vil få store, utilsikta og uføresette verknadar for små-kommunar som Bokn.

I tida framover kjem eg og ordførarane i Utsira og Kvitsøy til å markera saka både opp mot eigne parti, stortingspolitikarar og departementet. Me har også bedt om eit felles møte med kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Biblioteket
I desse dagar er det fem år sidan Bokn bibliotek flytta inn i nye og tidsriktige lokale i Føresvik. Biblioteket blir flittig brukt av både store og små, og dette visar igjen på statistikken. Bokn ligg på utlånstoppen i fylket, berre slått av Utsira, med om lag 14 utlån per innbyggjar.

Dette visar at biblioteket etterkvart har blitt ein viktig møtestad og kulturarena i kommunen. Eg vil oppmoda endå fleire boknarar til å ta i bruk biblioteket vårt, anten det er for å ta ein drøs over ein kaffikopp eller det er for å låna Hélène Cixous siste roman. Begge delar er gratis.

Ordføraren