Ordføraren har ordet, år 2005

Svein Ove Alvestad:

Desember 2005

Nye investeringar og tiltak i 2006
Omorganisering og innsparing på drifta i kommunen i tillegg til at overføringane frå staten blir større gjer at Bokn igjen får handlingsrom til investeringar og andre nye tiltak. Me må berre vakta oss for ikkje å auka drifta så mykje at me missar handlingsrommet igjen og får ein jojo politikk.

På grunn av den betra økonomiske situasjonen for Bokn kommune inneheld rådmannen sitt forslag til budsjett at dei planlagde innsparingane på drifta kan tas vekk. I tillegg er fleire nye tiltak lagt inn. Slik som ved-likehald av kyrkja, leikeplass på Øyrenfeltet, opprusting av turstien, sliping av golvet i gymsalen og nytt scenegolv, diverse beredskaps-utstyr, trafikk-sikringstiltak, nærings-tiltak og pengar til nærmiljøanlegg i Føresvik.

Fleirtalet i kommunestyret beståande av AP, KRF og H leverte felles innstilling til budsjettet. Den gjekk ut på å styrka skulen med ca. 250 000,- med tillegg av 200 000,- til IKT på skulen. Lag og organisasjonar får ein auke til 120 000,- i kulturmidlar og drifta av kyrkja blir auka med 15 000,-. Der blir og ein satsing på vedlikehald av vegar og bygg på til saman 400 000,-. Prosjektet med å få vatn fram til Kro er også framskynda til 2006.

Mindretalet, SP, vil auka skulebudsjettet med 450 000,-, IKT til skulen med 300 000,-, drift av kyrkja med 50 000,- og vedlikehald av vegar og bygg med 160 000,-.

Kjekt på Bokn
Rådmannen sitt framlegg til budsjett med tillegg av fleirtalsinnstillinga gir Bokn kommune eit svært godt grunnlag for neste års drift og me kan få til mange nye tiltak som vil gjere det kjekt å bu på Bokn.

Kommunestyret vedtok og å gå i gang med utbygging av eit bustadfelt i Føresvik med 12 tomter rett sørvest for Boknatun, slik at Bokn igjen kan tilby sentrums-nære tomter i Føresvik.

Avtale
Endelig avtale med Tysvær i samband med ei even-tuell kommunesamanslåing blei også vedtatt. Den går ut på at det skal oppretthaldast eit godt og like tilgjengeleg tilbod av kommunale tenester for innbyggjarane på Bokn som nå, tenestene skal få vekst- og utviklingstilhøve på line med tilsvarande tenester og tilgjenge som elles i den nye kommunen. Avtalen regulerer og namn, senter og kommunevåpen til den eventuelt nye kommunen. Det blir og sagt at det skal realiserast eit idrett- og kulturbygg på Bokn, samt at eit utval skal få 4,4 mill.kr. til disposisjon for gode utviklingstiltak på Bokn.

Eg synest at avtalen avklarar godt kva som vil bli situasjonen for oss på Bokn i ein eventuell framtidig kommune og gir oss, i tillegg av konsekevens-utredninga, eit godt grunnlag for å gjera oss opp ei meining om me skal stemma ja eller nei i ei folke-avrøysting om å slå oss saman med Tysvær.

Kulturprisen 2005
Til slutt vil eg gratulera Oddrunn Nilsen, May Jorunn Vatnaland og Venevil Birkelund så mykje med kulturprisen. Eg vil og takka dei for arbeidet dei har gjort for song og musikkmiljøet på Bokn og for gleda dei har gitt oss alle.

Eg vil ønskja alle ei riktig god og fredlig jul og eit godt nytt år.

Svein Ove

 

Oktober 2005

”KJEKT PÅ BOKN”
Dette er den nye visjonen for Bokn, vedtatt av kommunestyret ved behandling av kommuneplanen for 2006-2009. For at det skal vera kjekt for alle må me ta fatt i oss sjølve og bidra positivt til ei god utvikling på Bokn. Me må engasjera oss, delta i det som skjer og bry oss om bygda og dei som bur her.

Uansett om me blir eigen kommune eller ikkje er Bokn si framtid som levande lokalsamfunn heilt avhengig av at me som innbyggjarar tar fatt i utviklinga og får noko til å skje. Det kan vera for å skapa arbeidsplassar, delta i frivillige lag og organisasjonar, driva med politikk, eller besøka familie, venner og naboar. Me må tenka på korleis me kan hjelpa og støtta dei som treng det eller vil få til noko som er bra for bygda.

Måla som kommunestyret har sett seg er at me skal bli 800 innbyggjarar innan 2010, arbeidsløysa skal vera under gjennomsnittet for Rogaland og alle skal trivast på Bokn.

Arbeid for fleire arbeidsplassar, skapa nye uformelle møteplassar og tiltak for å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge blir svært viktige satsingsområde. I tillegg vil ein satsa på eit prosjekt som skal framheva at Bokn brukar naturen og muligheitene som ligg der til helseførebyggjande arbeid og til å gjera skulegangen i Bokn spesiell.

Tanken er at dette prosjektet skal medføra at skulen får eit tilbod som er så unikt og godt at det vil dra folk til Bokn, i tillegg til at det vil medføra at me føler velvære med å bu på Bokn.

Arealdel
Eg kan ikkje kommentera kommuneplanen utan å komma innom denne. Kommunen merkar eit mykje sterkare press for å få bygd hytter nå enn ein kunne for kort tid sidan. Kommunestyret og landbruksorganisasjonane har hatt og har ei forholdsvis restriktiv haldning til nye hytter samtidig som mange grunneeigarar vil bygga hytter. Kommuneplanen opnar for nokre nye hyttefelt, men alle får ikkje lov.

Det er sjølvsagt beklagelig overfor dei som ikkje får lov og eg kan forstå at det kan følast urettferdig. Det er fleire årsaker til at det ikkje alltid blir gitt lov. Andre offentlige myndigheiter kan av forskjellige årsaker, som byggjeforbod i strandsona og allmenn ferdsel, setta foten ned og det kan vera at kommunestyret ikkje vil opna uberørte område for hyttebygging nå.

Det er eit tankekors for meg at statlege myndigheiter skal bestemma så mykje over våre areal. Det lokale sjølvstyret er svært avgrensa. Kva har det å seia for folk om naustet er 35 eller 40 kvadratmeter?. Spørsmålet må jo bli om det skal byggast naust eller ikkje. Elles trur eg kommuneplanen gir rom for ein god utvikling på Bokn framover.

Kommunestrukturen
Kommunestyret har og diskutert oppbygging og innhald i avtalen med Tysvær og søknaden til departementet, som skal ligga til grunn ved folkerøystinga om kommunesamanslåing.

Innhaldet og kommentarane er omtalt i dette bladet på s. 4. Elles så eg vil berre seia at eg trur det er ein god avtale og innspela blir tatt med til endelig utforming av avtale og søknad. Arbeidet elles går sin gang og konsekvensutredninga er forventa ferdig rundt årsskiftet. Eg er spent på diskusjonen om kva som er best for boknasamfunnet i framtida.

Svein Ove

 

September 2005

Gassferjer
Som de sikkert har registrert så har det vore mykje omtale av dei nye gassferjene i media og det er diskutert namn på ferjene. Eg trur at dei nye ferjene blir svært flotte med betre kapasitet, men det verkar som om dei vil få svært dårleg tid ved lossing og lasting for å halde rutetidene.
Avkjøring i 2-3 kjørebaner med til saman bortimot 200 bilar vil medføre kork når bilane skal inn på vegen og dei vil bruke lenger tid på lossing enn berekna. I tillegg kjem dagar med dårlig vér med surring av bilar og lengre seilingstid. Å gå over til gass gjer at utslepp av CO2 og NOX vil gå drastisk ned og vere med på å betre miljøet. Sikkerheten er minst like god som på vanlege ferjer.

Reservekaiar
Det er betenkelig at Noregs nest største ferjesamband kan stå i fare for å bli stengt nokre dagar når ferjene, av ulike årsaker, ikkje kan gå til dei vanlege fejekaiane i Arsvågen eller Mortavika. P.g.a. spesielle krav til ferjestøa for dei nye ferjene kan ikkje andre ferjestøer nyttast. Fylkeskommunen og kommunane vil nå ta opp denne saka med Vegvesenet for å sjå på mulege løysingar.

Innspel på namn
Som de har sett så ønskjer eg at ei av ferjene skulle heite ”BOKN”. Då det kan vise seg vanskeleg ønskjer eg innspel på andre namn som kan knytast til Bokn. Eg har sjølv tenkt på ”Boknasund”. Fjord1 opplyser elles at dei er i dialog med dei tilsette på ferjene og i billettbuene for vidare arbeid når dei overtek. Håper det løyser seg til det beste for alle tilsette.

Kommunestrukturen
Arbeidet med kommunesamanslåinga går framover og det er ein svært god og positiv stemning i gruppa for å få fram eit best muleg grunnlag for å diskutere å avgjere om Bokn fortsatt skal vere eigen kommune eller ikkje. Styringsgruppa vurderer nå korleis me skal få ein god diskusjon om namn på ein eventuell ny kommune, kommunesenter og kommunevåpen. Kommunane går nå gjennom tenestene for å sjå korleis dei er nå og korleis dei vil bli i ein eventuell ny kommune.

Styringsgruppa har hatt møte med statssekretær Just H. Johansen i kommunaldepartementet. Det var klare signal frå han at departementet vil bidra med midlar i ein eventuell samanslåingsprosess. Storleiken på midlane og kva dei kan nyttast til vil bli gjenstand for ein god diskusjon internt i Bokn og saman med Tysvær før ein endelig søknad vert sendt.

Styringsgruppa har og vedtatt at dei vil be om ekstern hjelp til å få vurdert økonomi og utviklingstrekk i dei to kommunane og på Haugalandet både som sjølvstendige kommunar og samanslåtte. Korleis vil lokalsamfunnet på Bokn bli i framtida og kva vil me? vil bli spennande å diskutera.

Svein Ove

 

August 2005

Vel overstått sommar! Først vil eg ønska alle førsteklassingane velkomne på skulen og ønsker dei lykke til med skulegangen på Bokn.

Konsekvensutredning
Styringsgruppa som arbeider med utgreiinga av ein eventuell samanslåingsprosess er kommen i gong og har alt sagt at ingen tilsette skal bli oppsagt som følgje av ei eventuell samanslåing. Der er og satt eit mål om at den eventuelt nye kommunen skal bli ein robust kommune som skal sikra gode desentraliserte tenestar til oss som innbyggjarar.

Styringsgruppa har og satt ein foreløpig framdriftsplan med utarbeiding av konsekvensutredning fram mot nyttår, informasjon og debatt i mange former våren 2006 og folkeavrøysting hausten 2006. Gruppa vil og ha møte med representant frå kommunaldepartementet i august for å få litt generell informasjon om kommunesamanslåingsprosessar og diskutera med departementet om kva som kan vere deira bidrag i ei eventuell samanslåing. Det vil bli gitt fortløpande informasjon om prosessen.

Alvestadkroken
Det er beklagelig at butikken i Alvestadkroken, etter lang tids drift, må gi opp. Miljøet i Alvestadkroken blir mykje fattigare og mange får ein lengre veg til butikk og det er trist for dei som mistar arbeidet sitt her.

Val 2005
12. september er det val og eg vil oppfordre alle til å delta i valet, så får kvar enkelt gjere seg opp ei meining om kva parti dei er mest fornøyd med eller minst skuffa over. Det er nå mulig å førehandsrøysta i servicetorget på Boknatun, og valet vil bli avholdt på same måte som før, måndag 12/9 i allrommet på Boknatun frå kl. 09.00 til 20.00. Transport vil bli satt opp.

Godt val.

Svein Ove

 

Juni 2005

Årsrekneskapen for 2004 er avslutta og kommunen kjem ut med eit rekordunderskot på 2,3 mill kr. Dette er dramatisk og Bokn er i ferd med å komme på myndighetene si ”svarteliste”. Store finansutgifter i samband med svært store investeringar og tap av momskompensasjon er hovudårsaka til underskotet.

Både administrasjon og politikarane arbeider nå for at Bokn ikkje skal tape på endring av momskompensasjonen. Både Storting og regjering har sagt at ingen kommunar skal tape på omlegginga, så me burde lukkast i dette arbeidet.

Årsmeldinga viser at sjukefråværet i Bokn kommune har gått ned frå 8,8% til 3,8%, noko som er svært gledelig. Først og fremst godt for kvar enkelt, men og for heile arbeidsmiljøet i kommunen. Vil nytta anledninga til å retta ein stor takk til alle tilsette for innsatsen de har gjort for å levere svært gode tenester til innbyggarane på Bokn.

Omorganisering
Kommunestyret vedtok i budsjettmøtet at det skulle vere ein gjennomgang av organisasjonen og drifta for å få orden på den økonomisk vanskelige situasjonen som Bokn er komen opp i. Gjennomgangen er nå ferdig og kommunestyret slutta seg til rådmannen si innstilling som inneber at der blir færre seksjonsjefar, 3 nå mot 7 tidlegare, og endring av ansvar og arbeidsoppgåver for fleire tilsette. Alle endringane er enno ikkje på plass, men vil bli tatt over lit tid. Eg vil retta ein takk til alle tilsette som har medvirka til denne nødvendige endringa.

Det er svært viktig at me alle brettar opp armane og gjer ein innsats for at Bokn kommune fortsatt skal kunne tilby boknarane kommunale tenester som ligg på topp av kommune-Norge og at me får ein positiv utvikling på Bokn.

Lån
Det er også gjennomført ei reforhandling av låna som gjer at finansutgiftene blir redusert mykje. Innsparinga som desse tiltaka går til å oppretthalda drifta på ein god måte og gir kommunen økonomisk handlefridom igjen.

Sal
Formannskapet har gått gjennom kommunen sine eige-domar og vedtatt å selje fleire. Alle eigedomar som skal seljast blir lyst ut for sal så det er berre å følgje med på om det kjem noko spennande. Fleire eigedommar har uklare grenser og eigarforhold og det vil bli satt i gong eit arbeid for å avklare dette før ein bestemmer kva som skal skje med eigedomane.

Kompetanseutviklingsplan
Kommunestyret har óg slutta seg til ein kompetanseutviklingsplan for skulen. Regjeringa set nå i gong ei styrking av fleire fag, samt at der skal satsast på eit nytt språk. Dette inneber at kompetansen på skulen må betrast. Regjeringa har øyremerka pengar til vidareutdanning av personalet og kommunen har også sett av pengar til dette.

Me får alle håpe at dette arbeidet vil bere frukter slik at alle elevane får tilfredstillande kunnskap, spesielt innan lesing, skriving og rekning, til å takle kvardagen som kjem. Skulen er nå ferdig og eg vil ønske alle i avgangsklassen lykke til med vidare utdanning og håper at de vil vurdere Bokn som ein kommune å etablera seg i når den tid kjem.

God sommar til dykk alle.

Svein Ove

 

Mai 2005

Vel overstått 17. mai-feiring og takk til alle som stiller opp og yter stor frivillig arbeidsinnsats for at me skal få ein slik god og verdig markering av vår nasjonaldag.

Kommunestrukturen
Kommunestyret har behandla saken om kommunestruktur, og etter ein lang og god debatt gjekk eit samla kommunestyre inn for at det skal gjennomførast ein konsekvensutredning om samanslåing med Tysvær kommune med etterfølgjande folkeavstemming. Det var stor skepsis til ei samanslåing, men alle syntest det var rett å få ein gjennomgang av kva ei samanslåing vil bety for Bokn, få belyst både fordeler og ulemper, for så å få ein skikkeleg og god debatt før ei folkeavstemming.

Avtale
Det var og eit stort fleirtal for å forhandle fram ein avtale med Tysvær som seier noko om korleis tenestar og service til oss som innbyggarar blir her på Bokn, og om andre relevante punkt å ta med i ein slik avtale, bl.a. namn på ein eventuell ny kommune.

Ei gruppe med ordførar, rådmann, ein politikar og ein representant for dei tilsette frå kvar kommune skal styre arbeidet med konsekvensutredninga. Kyrre Lindanger blir den andre politikaren i tillegg til ordføraren som skal bli med frå Bokn kommune. Det er litt for tidleg å sei kva tid ein folkeavstemming kan avholdast men det kan kanskje bli hausten 2006. Tysvær formannskap har behandla og samrøystes gått inn for saka, og kommunestyret i Tysvær vil svært sannsynleg gjer det sama i byrjinga av juni.

Skyssordning
Bokn kommune er nå i dialog med Rogaland fylke om å få til ei ordning som gjer at ungdom kan komma seg heim frå kveldsarrangement andre stader for ein 50-lapp. Det gjenstår å sjå på korleis dette vil bli i praksis, men eg er optimist og håper me får til ei ordning i helgene frå hausten av.

Bustadtomter
Kommunen har saman med Erling Sæbø arbeiddt for å få til byggemodning av bustadtomter i Føresvik. Kommunen har nå gått ut og bedt om prosjektering av utbygginga og ein tar sikte på utbygging til hausten/vinteren.

Arbeidsløysa
Til slutt vil eg igjen kommentere den vonde situa-sjonen mange er ramma av når dei ikkje har arbeid å gå til. I april var der 21 stk, 5,9%, arbeidsledige i Bokn, høgast i Rogaland. Eg trur at svært mange av dei som vil bu på Bokn sterkt ønskjer arbeidsplass her, og det er derfor svært viktig å få det til og ikkje berre satse på at arbeidsplassane blir andre stadar i regionen, sjølv om det og er viktig.

Me har endå ikkje lukkast å få til konkrete etableringar i Knarholmen, men arbeidet har første prioritet. Eg vil ta opp og prøva å få til ei større satsing for å skapa arbeidsplassar i revidert budsjett. Arbeidet med å få til etablering av arbeidsplassar er vanskelig og tar tid, men det er svært viktig at me ikkje gir opp. Eg vil oppfordre alle til å være positive til og støtte folk som vil satse og skape arbeidsplassar på Bokn. Me må få til ein samla innsats og tru på at det går an å driva med noko på Bokn.

Det er ikkje kommunen som etablerar arbeidsplassar, men enkeltpersonar eller selskap, kommunen kan berre medvirke til og støtta etableringar. Eg vil prøve å følgje dette opp slik at kommunen er mest mulig positiv og hjelper folk som vil få til noko.
Fleire arbeidsplassar er svært viktig for utviklinga av Bokn og me må alle bidra med det me kan.

Svein Ove

 

April 2005

Kommunestrukturen
Som eg har skrive om før så er det ein prosess på gong for å sjå på framtidas kommunestruktur. NIBR, norsk institutt for by- og regionforskning, er nå ferdig med sin rapport om kommunestrukturen i Rogaland. Den konkluderer med at Tysvær og Bokn bør vurdera å slå seg saman utan at der er noko som tyder på at det er nødvendig utifrå dagens situasjon, heller tvert om. Det er ikkje betre økonomi, tenestar og lokal-demokrati i store kommunar.

Det er ein svakhet ved rapporten at han ser for lite fram i tid og kva framtida vil bringe. Diskusjonen om ein storkommune på Haugalandet har vore nærast fråværande, Haugesund har vist litt interesse for å diskutere det, og er nå lagt død. Det har vore nemnd før og det blir nå tatt opp igjen at Bokn og Tysvær må vurdera å slå seg saman. Formannskapet skal diskutere saken 26/4 og
kommunestyret skal gjere endelig vedtak 10/5 om korleis Bokn kommunestyre ser på saka.

Konsekvensutredning
Rådmannen innstiller på at det bør gjennomførast ei konsekvensutredning for å kartlegge fordelar og ulemper med ei eventuell samanslåing av Bokn og Tysvær kommunar, som grunnlag for ein god debatt og folkeavstemming. I tillegg må det gjennomførast drøftingar med Tysvær for å komme fram til ein avtale som regulerer tenestene til oss som innbyggarar i ein eventuell ny kommune.

Kommune-Norge forandrar seg mykje og det går fort. Det er endring av oppgåver, økonomi, regionnndeling og samferdsel.
Det er og ein kjensgjerning at små kommunar som Bokn er avhengig av at nabokommunane stiller opp og hjelper oss i mange samanhengar.

Mange kommunar slit meir og meir med å gi oss som innbyggarar den service, tenester og saksbehandling som må til for å få ein god utvikling. Alle saker er og svært kompliserte og krev mykje av både administrasjonen og politikarane, og gjer arbeidet ekstra vanskelig når me er små.

Der er og ein klar holdning hjå alle parti på Stortinget at region og kommune-Norge må endrast. Nokre parti opnar for at det kan skje med tvang under spesielle forhold, andre ikkje.

Eg har på ingen måte tatt stilling til om Bokn skal slå seg saman med Tysvær eller ikkje, men eg synest situasjonen tilseier at me må få gjennomført ei konsekvensutredning for å få vurdert fordeler og ulemper med ein eventuell samanslåing av Bokn og Tysvær kommunar. Då får me på bordet kva dette dreier seg om og så får me diskutere kva som er den beste løysinga for Bokn i framtida.

Folkeavstemming
Eg er imot tvangssamanslåing, og det må vere me som innbyggarar, gjennom ein folkeavstemming, som skal avgjere kva som er best for Bokn. Eg vil for min eigen del respektera det som den rådgivande folkeavstemminga kjem fram til. Det blir spennande å sjå kva kommunestyret avgjer, og eg ser fram til ein engasjerande og saklig debatt.

Svein Ove

 

Februar 2005

Godt nytt år alle saman!
År 2005 har allereie komme godt i gong og eg håpar alle har hatt ei fin jule og nyttårsfeiring.

Fjelltur
I 2004 har det vore 2082 stk. på Boknafjellet, mot 2105 stk i 2003. Det dårlige været i fjor haust får ta skylda for at det blei nokre færre i 2004 enn i 2003. Brit Holberg, ei av dei mange trufaste turgåande, frå Bokn og Anne Jakobsen Lid frå Karmøy er uttrekte til å få krus. Det er fint at så mange tar ein tur på fjellet og nyt den storslagne utsikta over Rogaland, samtidig som ein får litt trim.

Store debattar
I 2005 vil det bli fleire store saker til debatt som kan komma til å berøra oss som innbyggarar. Kan nemna gjennomgang av drifta i Bokn kommune som vil måtta berøra enkeltpersonar og oss alle. Ingen skal bli oppsagde i omorganiseringa og det vil bli lagt stor vekt på å redusera tenestetilbodet minst muleg.

Ei anna sak som vil komma meir på bordet er kommunestrukturen i Norge og eg får håpa me får ein god debatt om saka kor mange engasjerer seg. Vil komma tilbake til desse sakene utover året.

Arbeidsløyse
Ei anna sak som uroar meg er at Bokn hadde svært høg arbeidsløyse, over 5% og høgast på Haugalandet, ved årsskiftet.
Dette viser at me må setta endå meir inn på å legga til rette for nye arbeidsplassar og arbeida endå hardare for å skaffa alle arbeid.
Eg har nå fleire kontaktar med interessentar som vurderer Bokn, og Knarholmen, som mulig plass for etablering av verksemd.

I samarbeid med Haugaland Vekst får me håpa at me lukkast med å få til fleire arbeidsplassar på Bokn og ellers på Haugalandet. Det er svært viktig at me lykkast med dette arbeidet for dei som står utan arbeid og for å få ein god utvikling på Bokn.

Svein Ove