Høyring - framlegg til kommunal planstrategi Bokn kommune 2016 - 2019.

Klikk for stort bilete

Formannskapet i Bokn har i møte 25.10.2016, sak 070/16, vedteke å leggje framlegg til kommunal planstrategi for perioden 2016-2019 ut på høyring, jfr. § 10-1 i plan og bygningslova .

Framlegget til planstrategi kan lastast ned her: (PDF, 907 kB)

Bokn sin gjeldande kommuneplan er frå desember 2013. Formannskapet rår til at kommunen ikkje rullerer kommuneplanen i denne kommunestyreperioden, men prioriterer å bruke tid og ressursar på andre planoppgåver som er vist i planstrategien.

Spørsmål vedk. planstrategien og høyringsdokumenta kan rettast til rådmann Jan Erik Nygaard tlf. 52 75 25 01/98221501 eller til teknisk sjef Kåre Bua tlf. 52 75 25 06/91564401.

Vi ber om at eventuelle merknader til den kommunale planstrategien vert sendt Bokn kommune Boknatunvegen 37, 5561 Bokn eller til post@bokn.kommune.no innan 25.11.2016.

 

Jan Erik Nygaard

rådmann