Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velja dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverka den lokale samfunnskutviklinga meir direkte. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Bokn er fire politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer. Kommunestyret treffer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak (Kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte 4-6 gonger i året. Tormod Våga frå Senterpartiet er ordførar i inneverande periode (2015 - 2019).

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsstyret har 7 medlemmer valde for den kommunale valperioden  av kommunestyret. Utvalet arbeidar med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda, og er mellom anna fast utval for plansaker etter plan- og bygningslova.
Saker om dispensasjon frå kommuneplanen er delegert til forvaltningsstyret som planutval.

Kontrollutvalet skal føra det løpande tilsynet med forvaltinga i kommunen på vegne av kommunestyret. Her under å sjå til at kommunen har ei tilfredsstillande revisjonsordning. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at årsrekneskapen vert revidert på ein tilfredsstillande måte, sjå til at kommunen årleg vert gjenstand for forvaltningsrevisjon og sjå til at det vert ført kontroll med kommunen sine eigarinteresser i selskap.

Ordførar

Ordføraren i Bokn kommune er Tormod Våga. Han representerar Senterpartiet og er nyvald ordførar ved kommunevalet 2015.

Ordføraren ønskjer nær kontakt med innbyggjarane, både privatpersonar, firma, lag og organisasjonar. Han tek vel imot dei som kan tenkja seg å ta ein tur innom. Eller de kan ta kontakt på telefon 52752503/95190750 og direkte på epost:  tormod.vaga@bokn.kommune.no eller til Bokn kommune post@bokn.kommune.no.

Varaordførar

Lars Sigmund Alvestad, Høgre

E-post lal@sdir.no

Tlf. 95253533

Publisert 30.10.2016
kommunevåpenet

Formannskapet i Bokn har i møte 25.10.2016, sak 070/16, vedteke å leggje framlegg til kommunal planstrategi for perioden 2016-2019 ut på høyring, jfr. § 10-1 i plan og bygningslova .

Publisert 26.08.2016
Forvaltningsstyremøte.jpg

 Bokn forvaltningsstyre held møte onsdag 31.08.2016 kl. 19.00 i møterommet 1. etasje, Boknatun.

Publisert 23.08.2016
Formannskapsmøte.jpg

 Bokn formannskap held møte tysdag 30.08.2016 i møterommet 1. etasje, Boknatun.

Publisert 31.05.2016
Formannskapsmøte.jpg

Bokn formannskap held møte tysdag 7. juni 2016 kl. 19.00 i møterommet 1. etasje, Boknatun. 

Publisert 31.05.2016
Forvaltningsstyremøte.jpg

Bokn Forvaltningsstyret held møte 08. juni 2016 kl.: 19:00 i møterommet 1 etg Boknatun 

Publisert 26.05.2015
klubbe.png

Bokn kommune har fleire politiske utval/styrer. Kommunestyret, som er Bokn kommune sitt øvste politiske organ, består av 17 medlemmer. Formannskapet består av 7 medlemmer, forvaltningsstyret består av 7 medlemmer, brukarrådet for eldre og funksjonshemma (seniorrådet) består av 5 medlemmer og kontrollutvalet består av 3 medlemmer.

Alle dei politiske utval/styrer held sine møter på Boknatun, enten på møterommet i 1. etasje eller allrommet i 2. etasje.  Møtene blir avvikla på kveldstid og er opne for publikum.

Kven som er valde medlemmer i dei forskjellige hovudstyrer og utval finn du her: