Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velja dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverka den lokale samfunnskutviklinga meir direkte. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Bokn er fire politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer. Kommunestyret treffer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak (Kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte 4-6 gonger i året. Tormod Våga frå Senterpartiet er ordførar i inneverande periode (2015 - 2019).

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsstyret har 7 medlemmer valde for den kommunale valperioden  av kommunestyret. Utvalet arbeidar med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda, og er mellom anna fast utval for plansaker etter plan- og bygningslova.
Saker om dispensasjon frå kommuneplanen er delegert til forvaltningsstyret som planutval.

Kontrollutvalet skal føra det løpande tilsynet med forvaltinga i kommunen på vegne av kommunestyret. Her under å sjå til at kommunen har ei tilfredsstillande revisjonsordning. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at årsrekneskapen vert revidert på ein tilfredsstillande måte, sjå til at kommunen årleg vert gjenstand for forvaltningsrevisjon og sjå til at det vert ført kontroll med kommunen sine eigarinteresser i selskap.

Ordførar

Ordføraren i Bokn kommune er Tormod Våga. Han representerar Senterpartiet og er nyvald ordførar ved kommunevalet 2015.

Ordføraren ønskjer nær kontakt med innbyggjarane, både privatpersonar, firma, lag og organisasjonar. Han tek vel imot dei som kan tenkja seg å ta ein tur innom. Eller de kan ta kontakt på telefon 52752503/95190750 og direkte på epost:  tormod.vaga@bokn.kommune.no eller til Bokn kommune post@bokn.kommune.no.

Varaordførar

Lars Sigmund Alvestad, Høgre

E-post lal@sdir.no

Tlf. 95253533

Publisert 14.09.2017
Formannskapsmøte.jpg

Bokn formannskap held møte tysdag 19.09.2017 kl. 18.00.  Møtestad: møterommet i 1. etasje, Boknatun. 

Publisert 09.09.2017
val_gull.png

Stortingsvalet 2017 er fastsatt til måndag 11. september 2017. 

Vallokalet er valdagen opent frå kl. 09.00 til kl. 20.00.

Bokn kommune har ein valkrins og alle skal røysta i røystelokale på Allrommet i Boknatun på valdagen.

Hugs å ta med legitimasjon som til dømes bankkort, førarkort eller pass.

 

Publisert 04.09.2017
val_gull.png

Velgere som oppholder seg innenriks, unntatt Svalbard og Jan Mayen, og som på grunnlag av sykdom eller uførhet ikke kan avgi stemme på annen måte, kan etter søknad til valgstyret avgi forhåndsstemme der de oppholder seg. Fristen for å søke om ambulerende stemmegivning er tirsdag 5. september kl. 15.00.

Publisert 04.05.2017
Forvaltningsstyremøte.jpg

Forvaltningstyret held møte onsdag 10.05.2017 kl.: 19:00 i 1 etg. Boknatun 

Publisert 21.04.2017
Kommunestyremøte.jpg

 Bokn kommunestyre held møte tysdag 25.04.2017 kl. 19.00 i Allrommet Boknatun.

Publisert 24.03.2017
Formannskapsmøte.jpg

Bokn formannskap held møte tysdag 28. mars 2017 kl. 19.30 i møterommet 1. etasje, Boknatun.

Publisert 02.03.2017
Kommunestyremøte.jpg

 Bokn kommunestyre held møte tysdag 7. mars 2017 kl. 19.00 i Allrommet, Boknatun.

Publisert 16.02.2017
Forvaltningsstyremøte.jpg

Forvaltningsstyre held møte onsdag 22.02.2017 kl.: 19:00, Boknatun 1 etg. 

Publisert 16.02.2017
KommuneblåKlubbe.jpg

Seniorråd/Råd for eldre og funksjonshemma held møte tirsdag 21.02.2017 kl.: 17:00, Boknatun 1 etg.

 

Publisert 07.02.2017
KommuneblåKlubbe.jpg

Her er ei oversikt over møtene i 2017 for kommunestyret, formannskapet, forvaltningsstyret, brukarrådet for eldre og funksjonshemma og kontrollutvalet. Alle møtene er også oppførte i Kva skjer?-kalenderen.