Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velja dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverka den lokale samfunnskutviklinga meir direkte. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Bokn er fire politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer. Kommunestyret treffer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak (Kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte 4-6 gonger i året. Tormod Våga frå Senterpartiet er ordførar i inneverande periode (2015 - 2019).

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsstyret har 7 medlemmer valde for den kommunale valperioden  av kommunestyret. Utvalet arbeidar med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda, og er mellom anna fast utval for plansaker etter plan- og bygningslova.
Saker om dispensasjon frå kommuneplanen er delegert til forvaltningsstyret som planutval.

Kontrollutvalet skal føra det løpande tilsynet med forvaltinga i kommunen på vegne av kommunestyret. Her under å sjå til at kommunen har ei tilfredsstillande revisjonsordning. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at årsrekneskapen vert revidert på ein tilfredsstillande måte, sjå til at kommunen årleg vert gjenstand for forvaltningsrevisjon og sjå til at det vert ført kontroll med kommunen sine eigarinteresser i selskap.

Ordførar

Ordføraren i Bokn kommune er Tormod Våga. Han representerar Senterpartiet og er nyvald ordførar ved kommunevalet 2015.

Ordføraren ønskjer nær kontakt med innbyggjarane, både privatpersonar, firma, lag og organisasjonar. Han tek vel imot dei som kan tenkja seg å ta ein tur innom. Eller de kan ta kontakt på telefon 52752503/95190750 og direkte på epost:  tormod.vaga@bokn.kommune.no eller til Bokn kommune post@bokn.kommune.no.

Varaordførar

Lars Sigmund Alvestad, Høgre

E-post lal@sdir.no

Tlf. 95253533

Publisert 20.04.2018
Kommunestyremøte.jpg

Bokn kommunestyre held møte tysdag 24. april 2018 kl. 19.00 i Allrommet, Boknatun

Publisert 14.02.2018
Forvaltningsstyremøte.jpg

Bokn forvaltningsstyre held møte onsdag 21. februar 2018 kl. 19.00 i møterommet 1. etg., Boknatun.

Publisert 17.01.2018
KommuneblåKlubbe.jpg

 Bokn seniorråd/råd for eldre og funksjonshemma held møte tysdag 23. januar 2018 kl. 17.00 i møterommet 1. etg. Boknatun.

Publisert 17.01.2018
Formannskapsmøte.jpg

Bokn formannskap held møte tysdag 23. januar 2018 kl. 19.00 i møterommet 1. etg. Boknatun. 

Publisert 17.01.2018
Forvaltningsstyremøte.jpg

Bokn forvaltningsstyre held møte onsdag 24. januar 2018 kl. 19.00 i møterommet 1. etg. Boknatun.

Publisert 04.01.2018
Formannskapsmøte.jpg

 Bokn formannskap held møte tysdag 9. januar 2018 kl. 19.00 i møterommet 1. etg. Boknatun.

Publisert 07.12.2017
Kommunestyremøte.jpg

Bokn kommunestyre held møte tysdag 12. desember 2017 kl. 19.00 i Allrommet, Boknatun. 

Publisert 01.11.2017
Kommunestyremøte.jpg

Bokn kommunestyre held møte tysdag 7. november 2017 kl. 19.00 i Allrommet, Boknatun. 

Publisert 20.10.2017
KommuneblåKlubbe.jpg

Bokn Seniorråd held møte tysdag 24. oktober 2017 kl. 17.00 i møterommet 1. etasje, Boknatun

Publisert 20.10.2017
Forvaltningsstyremøte.jpg

Bokn forvaltningstyre held møte onsdag 25.10.2017 kl. 19.00 i møterommet 1. etasje, Boknatun.