Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Stemmerett og manntal

Skal du kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er det visse kriterier som du må oppfylle. Skal du stemme i Bokn kommune må du stå i kommunen sitt manntal som busett per 30.06.2019.

Stemmerett:

For å kunne stemme i Bokn kommune ved Kommune- og fylkestingsvalet må du oppfylle følgjande kriterier:

- vere norsk statsborgar

- ha fylt 18 år innan utgangen av 2019

- vere eller ha vært registrert som busett i Norge

I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgerar stemmerett dersom du oppfyller følgjande kriterier:

- utanlandske statsborgere som er registrert busett i Norge dei tre siste årene før valdagen

- nordiske statsborgere som er registrert busett i Norge seinast 30. juni 2019

Jamfør Valglovens §§2-1 og 2-2 om stemmerett.

Manntal:

Alle som skal stemme må vere ført inn i manntalet.  Manntalet er oversikta over dei som har stemmerett i kommunen.  Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30.06.19.  Har du flytta, er det fortsatt adressa 30.06.2019 som avgjer i kva kommune du har stemmerett.

Valmanntalet for Bokn kommune ligg ute til offentleg ettersyn i Servicetorget, Boknatun frå 01.07.2019.  Ønskjer du å sjekke om du er ført inn i manntalet kan du komme innom for å sjekke dette sjølve, eller du kan ringa oss i Servicetorget på tlf. 52752500.  Er du ikkje i manntalet men meiner du skal være innført i Bokn kommune sitt manntal, kan du søkje om å bli ført inn i manntalet.  Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52752500 eller mobil 98221500 ved spørsmål.