Lokale og tider for førehandsrøysting

Førehandsrøysting

I perioden 10. august - 10. september kan du avgje førehandsrøyst på følgjande stader:

  • Servicetorget - Boknatun
    Tysdag 10. august - fredag 10. september: Kl. 09:00 -15:00 på kvardagar
  • Bokn folkebibliotek
    Måndagar frå 16. august – 6. september: Kl. 16:00 – 19:00

Tidlegrøysting

Kan du ikkje røyste på valdagen eller i perioden for førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste. Tidlegrøystinga startar 1. juli og sluttar når førehandsrøystinga startar 10. august. Røystestaden er Servicetorget.

Dagar og opningstid for tidlegrøysting er:

  • Måndagar, tysdagar og onsdagar frå kl. 09:00 til kl. 14:30