Informasjon til deg som skal røyste

I 2021 er det Stortings- og sametingsval. Sjølve valdagen er måndag 13. september 2021, men kan du ikkje røyste på valdagen skal du få mange moglegheiter til å delta i valet allikevel. 

All informasjon du treng finn du under knappen Val 2021 - 13. september, og skulle du lure på noko så send ein e-post til post@bokn.kommune.no så vil vi sende deg svar på det du lurer på.

Det er viktig at så mange som mogleg får anledning til å røyste og også vel å røyste, då demokratiet er avhengig av din stemme som gir deg ein moglegheit til  å vere med på å bestemme korleis samfunnet skal styrast og utviklast.

(Trykk på dei ulike radene for å få meir informasjon om det du vil ha meir informasjon om. Trykk på rada igjen for å lukka).

Kven kan røyste?

Norske statsborgarar som oppfyller følgjande vilkår;

  • Vedkommande vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret,
  • Vedkommande har ikkje mista røysteretten etter Grunnloven § 53 (gjeld domfelling for enkelte særlege straffbare handlingar eller tenestegjering for framand makt utan godkjenning frå norske myndigheiter)
  • Vedkommande er, eller har noen gong vore, folkeregisterført som busett i Norge.
  • Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett uavhengig av om vedkommande er, eller har nokon gong vore, folkeregisterført som busett i Norge
  • For å utøve røysteretten, må velgjaren vere ført inn i manntalet i ein kommune på valdagen
Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over dei som har røysterett. Det er i den kommunen du er registrert i folkeregisteret 30. juni, du har røysterett. Eit par veker seinare skal kommunen leggje manntalet ut til offentleg ettersyn i servicetorget, slik at innbyggjerane har moglegheit til få retta feil.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteke hos folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Norske statsborgarar busett i utlandet, som ikkje har vore registrerte i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, må søkje om å bli innført i manntalet for å kunne røyste ved valet.

Dersom ein skal avgje røyst ved brevpost (brevrøystegjeving utanriks) vil i dei fleste tilfelle søknad om å bli innført i manntalet skje ved at velgjaren fyller ut og skriv under på omslagkonvolutten som brukast ved utenriks røystegjeving. Søknaden kan likevel fremjast i eit eige brev, merk deg då krava til brevrøystar som framgår av valforskrifta § 28. Søknad om manntalsføring skal innehalde ei erklæring om at velgjaren fortsatt er norsk statsborgar. Søkjarens eigen erklæring er her nok. Røystegjeving med søknad må vere valstyret i hende innan klokka 17.00 dagen etter valdagen.

Sametingets valmanntal

Det er stortings- og sametingsval i år. Dersom du er registrert i samemanntalet, vil du også motta brev med meir informasjon om korleis ein røystar i sametingsvalet i Bokn kommune.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget, Boknatun når det kjem Bokn kommune i hende. Krav om retting og oppdatering skal her sendast Sametinget, Àvjovárgeaidnu 50, 9730 Kárásjohka-Karasjok, e-post: sametinget@samediggi.no.

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner det er feil, kan du klage til valstyret. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven, og må sendast snarast til:  

Bokn kommune v/Valstyret
Boknatunvegen 37 
5561 BOKN

Når kan du røyste?

Valdagen er måndag 13. september.

  • Men du kan førehandsrøyste frå 10. august på ein del stader i kommunen.
  • Og er det vanskeleg for deg å få til det, er det mogleg å avgje tidlegrøyst på Servicetorget heilt frå 1. juli.

Vallokalet på valdagen vil vere ope frå 09.00 til 20.00.

Har du nedsett funksjonsevne?

Du skal kunne delta i valet utan å måtte ta omsyn til bevegelsesvanskar, svekka syn eller andre former for nedsett funksjonsevne.  Servicetorget, Bokn Folkebibliotek og Bokn Arena er alle røystestader som er tilrettelagde for alle og universelt utforma.

Er det mogleg å røyste heimefrå?

Velgjarar som ikkje greier å ta seg fram til eit røystelokale, enten det er lokale for førehandsrøysting i førehandsrøysteperioden eller på valdagen, kan be om å få gje sin røyst heimefrå. Søknad eller forespurnad om å få røyste heimafrå kan sendast

Bokn kommune v/Valstyret
Boknatunvegen 37
5561  BOKN eller per e-post til
post@bokn.kommune.no

Spørsmål kan også rettast til Servicetorget v/Gro A Sørensen eller Åse Helen Alvestad på tlf. 52752500.

Legitimasjon

Det er viktig at du har med deg legitimasjon. Det enklaste er bankkort med bilde, førarkort eller pass. Men det er ein del som ikkje har noko av delane. Då må du tenkje på kva som kan dokumentera at du er du – og som ikkje kven som helst elles kunne ha skaffa seg. Det er eit krav at legitimasjonen må ha eit visst offentleg preg og inneha minimum følgjande opplysningar:

  • bilde
  • namn
  • fødselsdato
Korleis fungerer røystegjevinga?

Hovudomsyn ved valordninga vår er at valet skal vere fritt og hemmelig. Det betyr at alle skal få moglegheit til å røyste, og at ingen skal ha innsyn i kva dei har røysta.

Ikkje eingong dine næraste kan forlange å få vete kva du har røysta – og endå mindre forsøkje å bestemme kva eller kven du skal røyste på.

Når du kjem inn i vallokalet, vil du bli møtt av ein valfunksjonær som viser deg til eit avlukke. Når du er komen inn dit, trekkjer du for forhenget. Du vil ha alle listene for stortingsvalet foran deg.

Når du har funne lista til det partiet du ønsjker å røyste på, kan du  – om du ønskjer det – “retta listene” ved å endre rekkefølgja på kandidatane eller stryke kandidatar.

Når du har valt parti, bretter du røystesetelen saman, slik at ingen kan sjå kven du vil røyste på.

Ute av avlukket finn du vegen til dei som passer urna. Før du får leggje røystesetelen i urna, må dei finne deg i manntalet (lista over alle som kan røyste) på PCen sin. Derfor må du ha med deg legitimasjon, og viss du har med deg valkortet, går det heile mykje kjappere. I år får dei fleste av oss valkortet sendt digitalt.

Når du er blitt identifisert og det er merka av i manntalet, skal stemmesetelen stemplast, deretter kan du legge stemmesetelen oppi urna.

Då har du gjort din innsats i valet.

Under førehandsrøystegjevinga, gå dette på omtrent same måten, men røysta di og valkortet kan bli lagt i ein konvolutt (viss du for eksempel røystar i ein annan kommune enn der du høyrer heime).

Dersom du treng hjelp i røystelokalet

I vallokalet kan du få med deg ein valfunksjonær inn i avlukket dersom du treng hjelp. Valfunksjonæren har sjølvsagt teieplikt. Person som har ein fysisk eller psykisk funksjonsnedsettjing kan også i staden eller i tillegg til valfunksjonæren be om hjelp frå ein sjølvutpeika ledsagar.

Korleis endrar du på røystesetelen?

Ønskjer du å påverke kva kandidater som blir valde, kan du endre rekkjefølgjen på kandidatane eller stryke kandidatar. Framgangsmåten ser du her:

Klikk for stort bilete    

Klikk for stort bilete