Ordførarkjede

OrdfOrdførarkjedeørarkjedet i Bokn er eit gullkjede, såkalla kongekjede, og er utforma i ullstoff. Det er same ullstoff som fins i bunader, fora med fløyel. Stoffet i kjedet er kanta langs sidene med gull og sølvkjede.

Gullkjedet er kanta frå gullspenna og oppover til øvre kanten av broderiet. Her møtes gull og sølvkjedet eit stykke, og sølvkjedet tek over på resten av kantinga. På kjedet er det festa åtte ulike symbol frå Bokn, tre framme og fem bak.

 

Framsida
Framme på kjedet er det brodert motiv frå eit kvinnesjal som blei funne i eit sjøhus på Austre Bokn, og som er grunnlaget for dei mønstra som fins i boknautgåva av Rogalandsbunaden. I ordførarkjedet er rosa i mønsteret fjerna, og bladrankene er broderte rett ovafor Nedrabøspenna som er laga i reint gull, litt større enn originalen.

Originalen av spenna, som er utstilt på Arkeologisk museum i Stavanger, er datert til 900-talet, og er i karakteristisk Borre-stil og særprega for vikingtida. Dette er noko av det finaste fornminne som er funne i Bokn, og har difor fått ein framtredande plass i kjedet.

Spenna er laga i 750 gram gull, med eit filigranarbeid i 1000 gram reint gull.

Framme
Baksida
Ordførarkjedet er laga slik at det har ein stor bue med fem symbol som heng på ryggen når kjedet er på.
Bak
Boknabåten: Nederst i spissen er det eit motiv av boknabåten som er ein fering som er blitt produsert i Bokn både før og etter siste århundreskifte. Denne båten var særs lettrodd og blei eit omgrep langs sørvestlandskysten. I kjedet er han prega i sølv med Boknafjellet i bakgrunnen.  Boknabåt
Boknablomen: Kusom (kusymre) er Bokn sin kommuneblom, og er prega på eit av dei andre symbola omkransa av lyng, som også er karakteristisk for kommunen.
Kusymra er i gull (blom) og sølv (blad). I lyngen er blomane små gullkuler, og greinene i sølv. Stilkane er siselert ut i sølvplata.
Kommuneblom

Hummar og sild – plog og havre: Næringsvegane i Bokn har alltid vore dominert av fiske og jordbruk. Dette er i ordførarkjedet symbolisert av hummar og sild i eitt symbol, og havre og plog i eit anna. Det er mange stader godt jordsmonn i kommunen, og jordbruk har vore, og er framleis viktig. Det er difor naturleg at denne næringa har fått plass i kjedet.

Bokn har tidlegare hatt ein hummarpark i Våga, og i tillegg har silda i periodar vore sjølve grunnsteinen i fiskeria. Dette er prega i kjedet med ein hummar i gull og ei sild i sølv (”havets sølv”).

Hummar og sild

Laks og oppdrett: Laks og oppdrett er prega inn på ei anna sølvplate i form av ein enkel støypt laks i sølv med ein merd omkring. Merden er ein sølvtråd, og det er lodda små sølvkuler på. Dette symboliserar oppdrettsnæringa som er blitt så viktig både for kommunen og landet.

Utføre denne merden er det ein ring i stål som skal symbolisera den nye industrien i form av røyr og industri. Ringen er kappa tre stader og montert på flenser. Det er brukt stål frå Europipe II-røyret i dette arbeidet.

Laks

 

Kunstnar
Kunstnaren Jon Rystad har laga ordførarkjedet i Bokn.

Gåve frå Statoil
Ordførakjedet blei gjeve i gåve til Bokn kommune av Statoil i høve sluttføringa av legginga av landrøyret i Noreg for Europipe II. Kjedet blei overrekt dåverande ordførar Sigrunn Hole Hosaas ved ei markering på Boknatun den 2. september 1999 av prosjektdirektør Roar Jensen.

Bruk av ordførarkjedet
Det er ikkje utarbeida standardreglar for bruk av ordførerkjedet. Måten å bruka kjedet på varierar frå kommune til kommune. Men det er vanlig at ordførarkjedet blir brukt ved fylgjande høve:

  • mottaking i kommunal regi
  • middagar og andre tilstelningar der kommunen er vertskap
  • innviing av offentlege anlegg når ordføraren står for innviinga
  • opning av større møter, kongressar og liknande der ordføraren representerar kommunen
  • overrekking av utmerkingar
  • besøk av kongelege gjester