Voksne for barn

Logo, voksne for barnRådgjevingstilbodet i Voksne for Barn består av telefon, webtjeneste og chat. 

Her kan foreldre, fagfolk og andre vaksne få råd og rettleiing når dei er bekymra eller berre litt usikre med tanke på barn og unge. Dette fortel fagkoordinator i Voksne for Barn, Katrine Løland.
 
Rådgjevinga er eit lågterskeltilbod, brukarane er anonyme og rådgjevarane, som har min. 3 års høgskule- eller universitetsutdanning i pedagogikk, psykologi eller helsefag samt relevant arbeidserfaring, har teieplikt.
 
Rådgjevarane har god kjennskap til det offentlege og frivillige hjelpeapparatet og hjelper innringar/innsendar med å finna fram vidare i systemet der det er nødvendig, eller det blir diskutert fram ei løysing på det som blir opplevd som vanskeleg eller eit problem.
 
Tysdagar kl.16.30-19 tilbyr dei også rådgjeving på polsk, litauisk og russisk.