Vil bli ei stor oppleving!

Korøving 13.11.18 - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Den magiske julekonserten 8. desember kl. 16 med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, musikarar og kor  i Bokn Arena nærmar seg. Det blir skikkeleg førjulsstemning med fantastisk musikk, julepynt, bordoppsett, graut og spekemat.

Bilde, 13. november: Boknakoret og Aksang øver til konserten. 

Då Anne Tove Øvrebø var hos Hanne Krogh tidlegare i år, blei det klart at det var ein ledig dato i juleturnéen hennar dette året. Dei var einige om at det hadde vore kjekt med konsert på Bokn. Det blei formidla kontakt med Bokn Arena Event, som har organisert og fått konserten i hamn.

Stemningsfull arena

Det vil bli ei stor oppleving for alle når Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, musikarar og kor skal fylla Bokns storstove med vellyd andre laurdag i julemånaden. Bokn Arena Event sørger for den rette førjulsstemninga i hallen, der 9. kl. står for sal av graut og spekemat.

Full konsentrasjon under innøvinga av julekonsertrepertoaret. - Klikk for stort bileteFull konsentrasjon under innøvinga av julekonsertrepertoaret. Jardar Havikbotn Lars Sigmund Alvestad i Bokn Arena Event fortel at dei er kjempeglade for at me får ei slik anledning med så kjente artistar til å setta oss i førjulsstemning.

- Dette må berre opplevast og nytast. Me opnar dørene kl. 15:30 (med atterhald om endringar) slik at gjestene finn sinnsroa og stemninga i god tid før konserten startar. Matsalet gjer at me riggar til bordoppsett slik at folk kan slappa av og nyta maten på ein god måte, seier han, og legg til at 220 av 500 billettar er selde pr. 16. november.

- Billettsalet går bra og me reknar med å selja alle billettane.

Prisane er 400 kr. for vaksne og 100 kr. for barn under 16 år. Online-billettar får du på Tikkio. Dei sel også billettar i form av armband på Coop Marked Bokn.

Magiske augeblikk

Anne Tove Øvrebø er engasjert dirigent med glimt i auga. - Klikk for stort bileteAnne Tove Øvrebø er engasjert dirigent med glimt i auga. Jardar Havikbotn - Boknakoret og Aksang skal kora på konserten og medlemmene og eg vil nok få ei oppleving for livet. Begge kora har fått nokre nye medlemmer då prosjektet blei gjort kjent. Mange songglade personar vil ha med seg denne store hendinga, fortel kordirigent Anne Tove Øvrebø, som anslår at det vil bli rundt 35 stk. i koret på konsertdagen.

Hanne Krogh og Johnny Logan knytta kontaktar då Bobbysocks opptredde på 60 års-jubileumskonserten for Eurovision Song Contest i Eventim Apollo Hammersmith i London i 2015, og det har sidan blitt jobba med å få verdsstjerna med på juleturnéen  - og nå vil han altså la den vakre tenorrøysta si klinga frå scenen i Bokn Arena 8. desember, saman med m.a. Thomas Ruud, som også har ei framifrå tenorstemme. Operasongaren er faktisk ein av Skandinavias mest ettertrakta songarar!

Dei som tidlegare har vore på julekonsertane til Hanne Krogh, kjenner til kor fantastisk og stemningsfullt ho formidlar og knyttar saman julebodskapet i ord og tonar. Det blir også spennande om tilhøyrarane får høyra nokre Grand Prix-hits frå Irlands store son, og om det kjem opera-høgdepunkt frå Thomas Ruud.

Sterke augeblikk

Lars Johannes Liknes er repetitør/pianist på fellesøvingane. Han dirigerer også Aksang saman med Geir Toskedal. - Klikk for stort bileteLars Johannes Liknes er repetitør/pianist på fellesøvingane. Han dirigerer også Aksang saman med Geir Toskedal. Jardar Havikbotn Dirigenten merkar på kormedlemmene at dette blir stor stas, og at konsentrasjonen er heilt på topp under innøvinga. Sjølv synest ho at det er fantastisk at artistar og musikarar i ypperste klasse med ein gjennomført profesjonell produksjon vil koma til Bokn og dela denne opplevinga.

- Berre det å få jobba med dei vil bli ei stor oppleving. Eg kjenner det er litt spesielt at eg skal dirigera koret under konserten, seier Anne Tove Øvrebø.

Ho ønsker veldig sterkt at folk skal få med seg den svært stemningsfulle juleopplevinga ho veit det vil bli. Fleire favorittar til konserten har ho også, og me skal ikkje røpa for mykje av repertoaret her, men «Sonjas sang til julestjernen» med Hanne Krogh er jul for henne og det vil bli ekstra sterkt å dirigera den, avsluttar kulturskulerektoren.

Interesserte som enno ikkje ha fått tak i billett til A Magical Moment, veit nå kva dei må gjera. Dei vil ikkje angra.

Fleire korglimt frå øvinga 13. november. Foto: Jardar Havikbotn