Viktig å prioritera «kortreist» friluftsliv

Tove Rømo Grande_NMBU - Den lokale turvegen er det viktigaste og billigaste «idrettsanlegget», og det som har størst potensial for å aktivisera ei inaktiv befolkning. Likevel tapar slike anlegg gjennomgåande kampen om kroner og areal.

Desse orda kjem frå avdelingsdirektør Jakob Linhave i Helsedirektoratet. Han seier vidare at to av tre vaksne er for lite aktive, og tur, helst «kortreist» i nærmiljøet, er det folk seier dei vil gjera meir av. Då er det eit paradoks at me ikkje prioriterer dette høgare.

Rapport

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) har analysert korleis det «kortreiste» og tilgjengelege kvardagsfriluftslivet vinn fram i landets kommunar. Ein av dei viktigaste konklusjonane i den nye rapporten Studie av kommunal og fylkeskommunal planlegging for NÆRTUR (nmbu.no) er at det ikkje er samsvar mellom ambisjonar og faktiske prioriteringar i planar og budsjett. Ein av utfordringane er at «stien» ikkje har eit profesjonelt apparat i ryggen – som tilfellet er i idretten. Det blir neppe fart i dette området før kommunane finn ordningar som kompenserer for dette.

– Stiar og turvegar der folk bur er den suverent største aktivitetsarenaen me har og det som har breiast appell i befolkninga, sier Linhave. – Om me verkeleg vil legga til rette for aktivitet, så bør dette stå øverst på lista.