Vigsel på Boknatun

Vigsle, Håvard Hetland og Agnes Gloria Mantua_08.06.18 - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Fredag 8. juni gifta Håvard Hetland og Agnes Gloria Mantua (bildet) seg på rådhuset i Føresvik. Ordførar Tormod Våga stod for vigslinga.

- Kjempegreier å bli vigsla av ordføraren, sa brudgommen med eit stort smil etter den historiske hendinga.

Håvard Hetland fortel han tok kontakt med ordførar Tormod Våga på onsdagen, og to dagar seinare var han gift.

Overført ansvar

Dette var den første borgarlege vigselen etter at ny ekteskapslov 1. januar i år overførte ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar frå Tinghuset til kommunane. I Bokn har kommunestyret gitt vigselsmynde til ordførar, varaordførar og rådmann.

Inntil vidare vil seremoniane føregå i inngangspartiet på Boknatun, der det frå tingretten i Haugesund er kjøpt inn vigselsbord, vigselskapper, blomstervasar og lysestakar. Vidare er lokalet m.a. pynta med det første kyrkjeorgelet i kommunen (1926-1965) og eit stort bilde av bryllaupsfylgjet til Anna og Kristoffer Håland i 1928.

Me gratulerer brudeparet!

Bilder frå vigselen: