Verdens vakreste rose

Jardar Havikbotn Bokn Sokneråd inviterer til ein annleis påskekonsert i kyrkja 16. april kl. 18:00 - 19:00. Arrangøren tar ikkje inngangsbillett, men ber om ein god kollekt ved utgangen, då utgiftene er så pass store. 

Trollbatt 

Marit Anmarkrud (tv.) og Runi Wold-Kristiansen trollbatt 47 tilhøyrarar då tekstformidling og harpeklang stod i fokus i kyrkja påsken 2015.

I Bokn Bygdablad stod det m.a. fylgjande etter den vakre stunda:

Marit Anmarkrud viste seg som ein glimrande forteljar. Her var diksjon, mimikk, artikulasjon, dynamikk og frasering på topp, og det var ein fryd å høyra då den behagelege og klåre stemma smelta saman med Runi Wold-Kristiansen sine kjenslevare berøringar på harpestrengane.

Den rubatoprega og mollstemte musikken passa veldig godt til tekstane om Jesu liding og død, og det blei ei sterk melankolsk og meditativ stemning. Til slutt spelte harpespelaren i dur og tekstopplesaren framførte H.C. Andersen-eventyret Verdens vakreste rose. Oppstandelsen var eit faktum.