Vårteikn

Klikk for stort bilete Blant fleire vårteikn er TellTur-start og nye kodar oppi postkassane på dei tilrettelagde turstiane rundt omkring i Bokn. I desse dagar og fram til 1. april, då startskotet for TellTur 2019 er, vil det koma nye kodekort i alle postkassane. Det vil også koma godt synlege klistrelappar inni kassane.

Dei nye kodane vil ikkje bli aktiverte før 1. april, men Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest opplyser om at interesserte turgåarar kan ta vare på kodane og registrera dei etter 1. april.

Ny TellTur og postkassetrekningar

Den første dagen i april blir det presentert ein ny TellTur på Vestre Bokn, samtidig kjem namna på 2018-vinnarane av sju postkassebøker.