Valet har starta

Vallokalet i Allrommet på Boknatun opna kl. 09:00 og stenger kl. 20:00 i kveld. Det er tre valavlukke i rommet, to til kommune- og fylkestingvalet og eitt til kyrkjevalet. 

Godt val!Ordførar Kyrre Lindanger opnar kommune- og fylkestingvalet.Kyrkjeverje Jan Magne Moi opnar kyrkjevalet.

Presis kl. 09:00 opna ordførar Kyrre Lindanger og kyrkjeverje Jan Magne Moi vala 2015 i Bokn kommune. Dei første veljarane var då på plass.

Det knyttar seg stor spenning til kven som blir ordførar etter valet. I knappe fire veker har Bokn Bygdablad hatt ute ei meiningsmåling, med spørsmålet Kven trur du blir ordførar etter kommunevalet 14. sept.?

Det kom inn 1332 svar, som fordelte seg slik:

  33 svarte a) Sigmund Alvestad, som tilsvarar 2,48%
208 svarte b) Kari Christensen, som tilsvarar 15,62%
607 svarte c) Eiliv Staalesen, som tilsvarar 45,57%
484 svarte d) Tormod Våga, som tilsvarar 36,34%

 

Val på skulen

Kari Christensen og Kjell Frode Lie var dei første som røysta.I samband med valet har 10. klasse på Bokn skule hatt om demokratiet og korleis det blir styrt på Bokn. Klassen var også på valdebatten 27. august. Fredag 11. september hadde dei val på dei fire partia i Bokn. Resultatet blei 9 stemmer til Bokn Senterparti og tre stemmer til Bokn Høyre.

Om ordførarmålinga og skulevalet har noko med realiteten å gjera vil visa seg.

Bokn Bygdablad kjem tilbake med valresultatet i kveld.