UKM i Tysvær og Bokn

Klikk for stort bileteFredag 15. februar er det lokalmønstring i Tysværtunet kulturhus. Ungdom som fyller 13 år (7. klassingar)  i løpet av dette skuleåret – til 20 år,  kan melda seg på UKM! Påmeldingsfrist er måndag 11. februar.

Bokn har i ei årrekke vore med Tysvær i lokalmønstringane, også i år. Bokn opptrer som eigen kommune med tildelte kvotar, og representerer kommunen i eventuelle fylkes- og landsmønstringar.

Bli med då vel!

Har du kanskje laga eit eller anna fint i formingstimane på skulen, som kan stillast ut? Syng du, spelar eit instrument, spelar saman i eit band, kan setta saman eit nummer for anledningen?

Knipsar du bilder (m/smarttelefon osv) som kan innrammast og stillast ut? Dansar du? Lagar du filmsnuttar?
Kva med rapping, beat-boxing, sjonglering, eller triksing? Diktskriving, eller historiar som kan framførast?

Er du god på å vera konferansier/ programleiar? Likar du å vera bak scenen, vera med å arrangera?
Kva med teatersport? Dramatisert sketsj?

Det finst nesten ingen grenser for kva du kan stilla med!

Hugs påmelding innan 11. februar på www.ukm.no