Trafikktryggleiksmidlar

Kommunevåpenet - Klikk for stort bilete


Bokn kommune har fått tildelt kr. 538.000,- til trafikktryggleik. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 05.04.2017

Kommunestyret vedtok ny trafikktryggleiksplan hausten 2016. På grunnlag av planen blei det søkt om midlar til å gjennomføra fleire trafikktryggleikstiltak, og i mars 2017 vedtok Fylkestrafikksikkerhetsutvalget å gi Bokn kommune kr. 538.000,- fordelt på fylgjande:

  • Fem nye veglys lang fylkesvegen på Austre Bokn mellom bustadfeltet i Våga og krysset med E39
  • Snuplass for buss på Ognøy
  • Busskur m/belysning ved snuplass i Loten
  • Veglys langs Boknatunvegen ved barnehagen
  • Planlegging av fortau langs Kyrkjebakken og Grønnestadvegen/Alvestadkroken.

Ein håpar at tiltaka skal vera gjennomførte i løpet av 2017.

Login for redigering