Kjære sambygding!
Takk for meg!
Eg vil få takka for dei åtte åra eg har fått vore ordførar i Bokn. Det har vore åtte spennande år med mange utfordringar, eit mangfald av oppgåver og ikkje minst møte med mange menneske!
Dei nye politikarane som nå tar over, går inn i ein spennande periode med saker som kvar for seg vil få mykje å seia for boknasamfunnet. Rogfast, ny E39 firefeltsveg og kommunestruktur er saker som er store og viktige og som vil få store konsekvensar for utviklinga av bygda. Men ein står også framføre andre, konkrete oppgåver som vil vera kostnadskrevjande, men naudsynte å gjennomføra, slik som t.d. utbygging av vassverket, sjukeheimen og omsorgsbustader.
I fleire år har kommunen vår hatt ein økonomi som har gjort det mogleg å halde eit tilfredsstillande driftsnivå, nedbetale gjeld og samstundes sette av pengar til fond. Kommuneøkonomien er eit viktig reiskap for å nå dei mål ein set seg for utvikling av kommunen. Større endringar, slik som bortfall av eigedomsskatt frå Kårstø og Europipe II og reduksjon i dei statlege overføringane i samband med kommunereforma, vil kunne slå dramatisk ut for Bokn kommune.
Likevel trur eg tida jobbar for Bokn som kommune og samfunn. Eg veit at våre nye folkevalde politikarar er motiverte og klar til å jobba vidare for ei best mogleg utvikling av boknasamfunnet. Og saman med alle våre dyktige medarbeidarar i administrasjonen er eg sikker på at ein vil lukkast i dette arbeidet!
Med dette gjer eg stafettpinnen vidare til Tormod Våga og ynskjer han lukke til som ordførar i Bokn!
Kyrre Lindanger