Superbingo

Superbingo 16.09.18 - Klikk for stort bilete Det er venta mykje folk i Bokn Arena når Bokn musikkorps slår til med superbingo sundag 16. september kl. 18:00.

Med nettbrett som hovudpremie og restaurant-gåvekort i Jackpot-premie skulle alt ligga til rette for ein superkveld.

Vanlegvis har Musikkorpset tre bingoar i hausthalvåret. Leiar Dagny Grønnestad fortel at det i haust berre er sett opp to. Endå ein grunn til å få med seg hendinga på sundag samt den andre og siste før jul, den 18. november.