Suksess med lokale AV OG TIL–kampanjar!

KAMPANJE I FØRESVIK 17. JUNI: fv. Kaj Arne Christiansen (Bokn Båtforening), Ove Christiansen (ivrig hjelpar), Helge Kristian Nilssen (ivrig mottakar av gåvepose) og Lars Sigmund Alvestad (Sjøfartsdirektoratet).

I løpet av dei siste vekene har Bokn kommune vore del av heile fire alkovett-kampanjar, to i samarbeid med Tysvær kommune og to i eigen regi. 

Foto: KAMPANJE I FØRESVIK 17. JUNI: fv. Kaj Arne Christiansen (Bokn Båtforening), Ove Christiansen (ivrig hjelpar), Helge Kristian Nilssen (ivrig mottakar av gåvepose) og Lars Sigmund Alvestad (Sjøfartsdirektoratet).

Av Anne E. Askeland

Gåveposar Klar for sjøen

Give aways Klar for sjøen

To av kampanjane vart utførte som promillekontrollar i samarbeid med Politiet.

Dei  to andre kampanjane hadde fokus retta mot alkovett til sjøs.

I den anledning er det den siste tida delt ut hundrevis av gåveposar med Quiz, «Klar for sjøen»-brosjyre, lakrisbåtar m.m. til ivrige mottakarar. Quizen har vore populær og vi ser fram til å kunne trekkje ein vinnar 2. september 2016 – når båtsesongen er på hell…

Bokn båtforening er med

Vis sjøvett

Mottakarane har blide tatt imot gåveposane og ein har fått gode tilbakemeldingar på at kampanjane er viktige i det haldningsskapande arbeidet for sunt alkovett.

Bokn kommune ynskjer god sommar; du er kanskje i ferd med å gjere deg klar for sjøen?

 

Sjå reportasje på NRK Rogaland måndag 4. juli 2016, med ordførar Tormod Våga i spissen.