Stor stas!

Klikk for stort bilete Denne veka banka ordføraren og underteikna på døra til nyttårsbarnet Eline og foreldra Åse Kvinnesland Øvrebø (25) og Kristoffer Nilssen (26). Bokn kommune tykkjer det er veldig kjekt at nyttårsbarnet 2019 ved Haugesund sjukehus var ein boknar, og ville markera dette.

Ordførar Tormod Våga hadde med seg eit gåvekort på 5.000 kr. og ein Kjekt på Bokn-body.

- Det er veldig kjekt at folk får barn generelt, og det er særdeles ekstra stas med eit nyttårsbarn, seier han.

Dei stolte foreldra seier at Eline gjerne vil ha mange leikekameratar, og oppfordrar andre til å få barn.

Kuppa heile greia

Eline hadde det travelt. Dei køyrde heimefrå kl. 01:33 min., med jordmor Else Kristine Nilssen i bilen bak. Det var avtalt at ho skulle ta i mot barnet, og ho hadde fullt utstyr i bilen. Kl. 02:05 var ho født – berre 32 min. seinare.

Klikk for stort bileteStolte foreldre, Åse K. Øvrebø og Kristoffer Nilssen med Eline. Jardar Havikbotn På sjukehuset var jordmødre klare til å ta i mot nyttårsbarn. Så kom Else Kristine, som altså ikkje var på jobb den natta, i full fart og sørga for at Eline kom trygt til verda. Ho fekk ikkje tid til å ta av seg ullgenseren ein gong.

- Det fekk tante heller ikkje gjort då ho tok i mot meg, fortel Kristoffer, som tykkjer det heile er veldig stas.

Dei hadde vore på sjukehuset om ettermiddagen 31. desember, og blei sende heim att – med beskjed om at det kunne skje til natta eller om to veker.

- Det er ikkje så godt å veta, når du ikkje har vore i gjennom det før, kor gale det skal bli før…, seier Åse, og legg til at det var veldig greit at det gjekk så fort når dei berre kom seg opp, men turen til sjukehuset var ikkje så kjekk.

Travelt

Hovudpersonen var veldig roleg og snill under besøket. Det kom berre nokre smålydar av og til.

- Ja, ho skjerpar seg når det kjem besøk, ler faren.

- Mating, seier Åse når eg spør om kva som er travlast med å vera nybakte foreldre.

- Det slepp eg, kjem det frå Kristoffer, som derimot er ein kløppar på bleieskift.

Klikk for stort bileteOrdførar Tormod Våga fekk også halda nyttårsbarnet. Jardar Havikbotn Nå skal fiskaren ut på eit anna skift, rett over helga. Han blir på sjøen i ca. ein månad, så då blir det forandring i heimen for den vesle familien. Då er det godt å ha besteforeldre som hjelper til. At tante Målfrid er i huset er også ein fordel.

Det heiter vel at alle periodar har sin sjarm.

- Det viktigaste er å greia og nyta kvar periode, tykkjer eg, seier ordføraren då me var på veg ut dørene.

Me takkar for at me fekk koma på besøk, ynskjer lykke til vidare, og minner om at det er stor stas med nyttårsbarn. Så nå er det berre å planlegga for alle potensielle foreldre…

Desse blei fødde i Bokn i 2018

Jessica Asora Strøm 08.02. Foreldre: Veronica og Ronny Strøm

Ludvig Nordgård Fostenes 22.03. Foreldre: Signy-Lill Nordgård og Thomas Fostenes

Theodor Malmstrøm Alvsvåg 04.04. Foreldre: Natalie Alvsvåg og Alf Malmstrøm

Jakob Are 22.06. Foreldre: Agata Liszka og Tom Are

Tor Henrik Gabrielsen 6.8. Foreldre: Matilde Rode og Andreas Gabrielsen

Sølve 09.12. Foreldre: Rakel Alvestad og Eirik Nedrebø