Stor førehandsrøysting i Bokn

Valfunksjonærane Gro Sørensen (til høgre) og Åse Helen Alvestad har sidan 12. august hatt stor pågang av folk som har førehandsrøysta. Sistnemnde fekk også tid til å røysta sjølv før dei sette strek. Jardar Havikbotn Då Servicetorget stengde for førehandsrøysting fredag kl. 15, hadde heile 22,4% av dei 673 stemmeberettiga i kommunen avgitt stemma si.

Dette er i tråd med utviklinga på landsbasis, der folk gradvis har blitt vande med å røysta på førehand - ikkje minst fordi det er praktisk for mange.

NTB melder om at ein av fem veljarar i Noreg har førehandsrøysta, noko som er rekord i eit kommuneval.

Kyrkjevalet

Også Kyrkjevalet i Bokn har mange førehandsrøyster. Her måtte det også fyllast på med røystesetlar den siste timen. 

Bruk stemmeretten din på måndag - godt val!