Stengt veg

Lodavegen er stengt 15. juni i krysset Lodavegen/Arsvegen (Vatnalandskrossen). - Klikk for stort bilete I samband med kryssing av veg med kabelgrøft vil FV 891 Lodavegen vera stengt i morgon, fredag den 15. juni i krysset Lodavegen/Arsvegen (Vatnalandskrossen). Arbeidet vil pågå heile dagen.

Anleggsleiar Asbjørn Askeland i Vassbakk & Stol, fortel at dei har i beredskap stålplater som vil bli lagde over open grøft viss utrykningskøyretøy skal passera. 

Bebuarar langs Lodavegen må køyra om Trosnavåg denne dagen.