Stenging av Arsvegen

Kart, Arsvegen - Klikk for stort bilete Torsdag og fredag denne veka (5. og 6. juli) vil det pågå asfaltering av Arsvegen, frå Lodavegen (Vatnalandskrossen) og mot Laupland.

I denne perioden vil det vera tilkomst til eigedomar, enten frå Lodavegen eller frå Arsvågen. Det er vanskeleg å seia kor langt asfalteringa er komen til ei kvar tid og me ber difor om forståing for at nokon må snu og køyra rundt for å koma fram.

I samband med ferieavvikling vil Arsvegen vera open for køyring til eigedom. Skilt om at «vegen er stengt» vil framleis bli ståande, då me ikkje ønsker å opna for allmennheten.

Dette er gjeldande i vekene 28-29-30 og det vil koma ny informasjon når vegen blir stengt fysisk igjen.

Ønsker alle ein trygg og fin ferie!

Mvh

Vassbakk & Stol AS