Sommarmarknaden 2018

Frå Sommarmarknaden 2011. - Klikk for stort bileteFrå Sommarmarknaden 2011. Kyrre Lindanger I morgon, laurdag 7. juli er det klart for den tradisjonelle sommarmarknaden i Føresvik. På dagen blir blir det marknad kl. 11:00 – 15:00 og om kvelden dans kl. 21:00 – 01:30.

Plakat frå Sommarmarknaden 2018. - Klikk for stort bilete Arrangørane melder om ikkje mindre enn 25 påmelde utstillarar, hoppeslott og leikar for barna – og kiosk med kaker, kaffi, graut og grilla laks.

I løpet av dagen skal Radio 102 ha flaskepost. Dette blir plutseleg kunngjort frå scenen, og vil du kjempa om flotte premiar bør du vera på plass før kl 12.

Kvednabekkjers spelar både på dagen og som oppvarming til Åsmund Åmli Band på kvelden. Billettar til dansen, kr. 370,- får ein kjøpt på nettet eller i døra. Det blir sal av mat og mineralvann, anna medbrakt tillatt.

Velkommen til årets store møteplass!