Sommarjobb for ungdom 2017

kommunevåpenet

Nå kan ungdom som er ferdige med 9. og 10. klasse + første vidaregåande søkja sommarjobb, med frist 6. juni.

Om arbeidsstaden

Mange ordnar seg sommarjobb sjølv, og jobbar fleire veker enn det me kan tilby. Vårt tilbod er difor retta mot dei som ikkje har fått eller får seg annan jobb. Me vil prøva å gi søkjarane arbeid. Kor vidt me får dette til, er avhengig av kor mange som søkjer. Det er ikkje sikkert at alle får førstevalet. Det kan også vera at du får eit anna tilbod enn det du har søkt på. Skriv opp meir enn eitt ynskje.

Sidan me har ein begrensa sum pengar som kan brukast til løn, er det usikkert om vi kan tilby ei eller to veker til kvar. Dette veit vi ikkje før me ser kor mange som søkjer.

For å søkja må du gå inn på heimesida til Bokn kommune, ledige stillingar, og oppretta deg som brukar i web-modulen. Deretter er det berre å fylla inn dei opplysningane vi ber deg om.

Dersom du har oppretta brukar tidlegare, men gløymt passordet, kan du kontakta oss på mail; solrunn.alvestad@bokn.kommune.no eller sende SMS til 98221502, så skal vi oppretta nytt passord til deg.

Kvar skal du senda søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Søknadsfrist 06.06.2017 

Kontaktperson

Bengt Krystad, bengt.krystad@bokn.kommune.no