Snart 1.000

Illustrasjon, 1.000 likes - Klikk for stort bilete Bokn kommune markerer dette med å trekka ut ein blant dei tusen, som vil få ein premie - verdi kr. 1.000.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 31.08.2017

I samband med lanseringa av nye kommunale nettsider våren 2013, fekk også Bokn kommune eiga facebookside. Der har det sidan 11. april det året blitt lagt ut nyhende og anna informasjon.

Boknarar og andre lesarar har ved ulike høve gitt uttrykk for at dei set pris på Bokn kommune si facebookside, som er den største og raskaste informasjons- og kommunikasjonskanalen til kommunen.

Når me rundar 1.000 likerklikk, vil ein person få Kultursoga 1 & 2 - verdi kr. 1.000. Har du ikkje trykt liker enno og kunne tenkt deg denne premien, då veit du kva du må gjera. Det er framleis nokre tal att.

Login for redigering